Samtid

– Ein del av det vi veit at er bra for gutane, er dårleg for jentene

Professor i pedagogikk Peder Haug meiner forslaga i utgreiinga til Stoltenberg-utvalet kan innebere ei tilstramming av læringskrava.

– Min første tanke er at om dagens skole ikkje fungerer, skal vi ikkje då gjere noko med dét. Er meir av det same, det vi treng?

Det seier Peder Haug, professor i pedagogikk Volda og gjennom fleire tiår ein premissleverandør til norsk skulepolitikk. Dei siste åra har han vore oppteken av å diskutere seksåringsreforma, særleg fordi den fekk eit anna innhald enn det som var tenkt i utgangspunktet. Det har vorte mindre vekt på elevaktivitet og leik, noko Haug trur kan ha verka negativt for dei av elevane – og særleg gutane – som har vanskar med å tilpasse seg dei krava skulen stiller.

Kva skal borna lære? Måndag kom rapporten Nye sjanser - bedre læring - kjønnsforskjeller i skoleprestasjoner og utdanningsløp, som direktør ved Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg har vore leiar for. Haug skal studere utgreiinga nærare, men beskriv det han les som ein «stor og grundig jobb». Utvalet går mellom anna inn for ein større andel valgfag, men Haug synest likevel dei i for liten grad drøfter sjølve skolens læringsinnhald, altså kva vi som samfunn bestemmer at borna må lære, og korleis dette verkar på skilnadene i prestasjon mellom gutar og jenter. Det gjeld også det konkrete læringsmateriellet og læringsmetodane.

–Dei seier dei berre vil ha tiltak som verkar positivt for gutane utan å slå negativt ut for jentene. Men det er vanskeleg, fordi ein del av det vi veit at er bra for gutane, er dårleg for jentene.

– Har du døme på dette?

– I norsk får elevane ofte oppgåver som passar jentene best. Inderlege oppgåver, med kjensler og om relasjonar. Medan gutane, som er litt meir opptekne av fakta og det tekniske, i mindre grad får høve til dyrke den sida av seg sjølv i norskfaget, seier Haug.

Meir teori. Dette er ting som ikkje så lett kan talfestast, og Stoltenberg-utvalet er orientert mot teljing og måling og eksperimentell skuleforsking. Tiltak skal helst vere utforska gjennom kontrollerte studiar – omtrent slik ein gjer det i medisinen.

– Det er verdt å diskutere i kor stor grad den evidensbaserte forskinga treffer målet her. Ein kan seie dei har leita etter løysingar der det allereie lys, men det er ikkje sikkert det er der løysinga finst.

Det er har skjedd eit skifte i skulen dei siste tiåra, meiner Haug: Den er blitt meir teoretisk og meir avhengig av lesing og litteratur, av det boklege.

– Det kan forklare noko av forskjellane mellom gutar og jenter, og ein grundigare analyse av dette ville vore interessant.

Det som heile tida skjer i norsk skule, seier Haug, er at ein dytter meir og meir av læringa nedover klassetrinna. Han meiner Stoltenberg-utvalet held fram denne trenden når dei foreslår obligatorisk tilbud om lekprega læringsaktivitetar for femåringar.

– Dette er ei tilstramming av læringskrav og læringsaktivitetar

Også i spørsmålet om  korvidt heildagsskule er rett, er det avgrensa kva svar evidenstilnærminga kan gi, ifølgje Haug.

– Dette er noko eg har diskutert i snart 40 år, og det er framleis like vanskeleg. Vansken ligg ikkje i om det verkar eller ikkje, det er ikkje det som er spørsmålet, men i kor stor grad skal ein institusjonalisere livet til ungar? I kor stor grad skal staten skape større avstand mellom foreldre og barn? Dette er eit dilemma.

I kor stor grad skal staten skape ei større avstand mellom foreldre og barn?

– Så du meiner heildagsskole er eit verdispørsmål?

– Eg synest det. Det er ei politisk og ideologisk avgjersle. Og evidensen for gode effektar er uansett ikkje overtydande etter mitt syn. Heildagsskule kan fort bli eit døme på at ein tyr til tiltak utan å kjenne konsekvensane.

Biverknader. Å avvikle ein tydelig barriere mellom skule og skulefritidsordning (SFO/AKS) kan også ha uønskte biverknader over tid, jamvel om Stoltenberg-utvalet legg stor vekt på at føremålet er å gjere dagen meir variert og ikkje å innføre fleire undervisingstimar.

– Det er ein fare der likevel, for dei «skulske» skulefolka er umettelege. For ein del av småttingane vil sjølv ei slik utvikling fungere greitt, men jo meir formalisert opplæring ein har, jo større sjanse er det for at nokon ikkje heng med.

Haug seier han kan støtte Stoltenbergs ønske om forskingsbaserte forsøk med fleksibel skulestart.

– Det er bra at dei er så opptekne av å faktisk prøve det ut i staden for å foreslå ei storstilt gjennomføring utan å vite korleis det vil fungere.

Samtidig undrar han seg over at utvalet ikkje går inn på at fleksibel skulestart tidlegare er blitt prøvd, forska på og evaluert i Oslo.

– Grunnen er kanskje at desse forsøka ikkje var evidensorienterte – dei handla ikkje om å måle læringseffekt, men om prosess og om det er mogleg å gjennomføra. Men det er like viktig, for det som gir evidens er dessverre ikkje alltid mogleg å overføre til praksis i eit stort system som den norske skulen, seier Haug.

– Eit problem er at potensialet for stigmatisering er enormt. Dei tek heller ikkje inn over seg at omgrepet «skolemoden» vart borte i eit vedtak på Stortinget i 1975.

Les også: Simon Malkenes om Stoltenberg-utvalet: – Det er sjukdom som medisin

Mer fra Samtid