Annonse
00:00 - 15. juni 2018

Sjanghaia i Singapore

Nord-Korea kom offisielt ut som atomvåpenstat denne veka. Og Trump avslørte sin respekt for autoritære leiarar med kjernevåpen.

Etter signeringa: Donald Trump tvitra at Nord-Korea ikkje lenger er ein atomtrussel, men Kim Jung-un kunne på si side utnytte at den amerikanske presidenten manglar ei realistisk forståing av nedrusting. Foto: Jonathan Ernst/Reuters/NTB scanpix
Annonse

USA og Nord-Korea omtaler allereie toppmøtet mellom Kim Jong-un og Donald Trump 12. juni svært forskjellig. USA meiner at hardt press førte den nordkoreanske leiaren til forhandlingsbordet. Nord-Korea meiner at deira interkontinentale missiler, som kan nå USA med kjernevåpen, førte president Trump til forhandlingsbordet. Partane omtaler også resultatet av møtet forskjellig. Mykje av det som vart lova, vart ikkje skrive ned, og er difor ikkje etterprøvbart.

Det mest konkrete resultatet frå møtet er at USA skal arbeide for å gi Nord-Korea ein sikkerheitsgaranti, medan Nord-Korea skal arbeide for å fjerne kjernevåpen – denuclearization – frå Korea-halvøya som heilskap. Begge delar er såpass vagt formulert at det er vanskeleg å vite kva som vil komme ut av dette. Det som er klart, er at Nord-Korea sin forplikting er svakare enn kva landet har forplikta seg til i tidlegare forhandlingsrundar i 1993 og 2005. USA, derimot, har gitt ei stor vedgåing ved at presidenten møtte Kim Jong-un personleg, og ved deretter å suspendere militære øvingar med Sør-Korea.

Dersom nedrusting var formålet med møtet, er dette eit usedvanleg kontraproduktivt resultat. Likevel er det etablert eit diplomatisk spor mellom dei to landa. Dette er betre enn situasjonen var seint i 2017, då mange frykta opptrapping mot krig og, i verste fall, at landa ville bruke kjernevåpen. Likevel fryktar analytikere at John Bolton, sikkerhetsrådgivaren til Donald Trump, vil fortsette å argumentere for krig. Det kan bli farleg når det blir klart at Nord-Korea ikkje kjem til å avvikle sine kjernevåpen.

ALLEREDE ABONNENT?
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

«Staten har i årevis forfulgt og dømt folk som ikke har gjort seg skyldig i noe ulovlig. Ofrene for den omfattende systemsvikten som er avslørt gjennom den såkalte trygdeskandalen,…»