Annonse
08:11 - 31. mai 2018

Det får vere grenser for mistenkeleggjerande nasjonalisme, skriv Sveinung Rotevatn.

Det får vere grenser for mistenkeleggjerande nasjonalisme, skriv Sveinung Rotevatn.

Senterpartiets Trygve Slagsvold Vedum og Per Olaf Lundteigen skriv kronikk og går til kraftig åtak på liberaliseringa av dobbelt statsborgarskap. Berit Roald / NTB scanpix
Annonse

Sveinung leser nyhetene

Politikere leser nyheter med rødpenn.

Faste skribenter i spalten: Sveinung Rotevatn fra Venstre, Lan Marie Nguyen Berg fra Miljøpartiet De Grønne, Alexander Zlatanos Ibsen fra Høyre og Magnus Marsdal fra tankesmien Manifest.

I dag er det berre mogleg å ha dobbelt statsborgarskap dersom du oppfyller bestemte vilkår, til dømes at foreldra dine kjem frå to ulike land. I Jeløy-plattforma varsla den blågrøne regjeringa at vi vil gå inn for å mjuke opp dette regelverket, og gjere det enklare å ha to statsborgarskap. Slik situasjonen er i dei fleste europeiske land, og slik den er i alle våre nordiske naboland. Forslaget har vore på høyring og er varsla til Stortinget før sommaren.

I kronikken «Ett statsborgarskap — lojalitet til ett land» går Senterpartiets Trygve Slagsvold Vedum og Per Olaf Lundteigen til kraftig åtak på denne liberaliseringa. Det er i og for seg heilt legitimt å vere usamd med regjeringa i dette spørsmålet. Det som er meir urovekkande er retorikken senterpartistane brukar. Høyr berre:

«Gjennom vårt statsborgerskap, medlemskapet i staten Norge, deler vi et avgjørende viktig skjebnefellesskap. I dette fellesskapet skal det ikke herske usikkerhet om norske borgeres lojalitet og forpliktelser […] Nordmenn vil ikke vite hvilke andre landsmenn som også er medlem av andre lands politiske fellesskap, og hvilke interesser de har der som kan påvirke deres standpunkter og handlinger i Norge».

Kva er det eigentleg Senterpartiet seier med denne argumentasjonen?

Kva er det eigentleg Senterpartiet seier med denne argumentasjonen? Jo, dei seier at nordmenn som også har eit anna statsborgarskap er illojale mot nasjonen. Underforstått: Dei kan vere lojale til framande makter. Dette er altså medborgarar vi bør nære djupe mistankar mot.

Dette er ein argumentasjon det er grunn til å åtvare mot. Eg vaks opp med fleire vener som hadde doble statsborgarskap. Fordi foreldra deira var frå to ulike land. Frå Nederland, frå Frankrike, frå USA. Eg er glad for at lokalsamfunnet ikkje gjekk rundt og såg på desse som potensielle landssvikarar. Og det å nære opp under eit slikt syn på våre medborgarar, er rett og slett ganske guffent.

Har du ein nabo med både norsk og britisk pass? Då gjeld det å passe på!

Eg debatterte dette spørsmålet med Per Olaf Lundteigen på NRKs politiske kvarter 4. mai. Der sa han at «det kan oppstå tilspissede situasjoner, der det er viktig å ha klarhet i at du har din lojalitet til Norge […]. Det er ingen som veit om naboen har dobbelt statsborgerskap hvis han ikke sjøl sier det».

«Så då veit ein ikkje kven naboen er lojal mot?», spurte programleiaren. «Nei», svarte Lundteigen.

Dette høyrest jo ganske skummelt ut. Og situasjonen er utan tvil alvorleg. I fjor fekk 12 500 personar i Noreg innvilga dobbelt statsborgarskap. Dette er altså 12 500 potensielle femtekolonnistar, skal ein tru Senterpartiet. Har du ein nabo med både norsk og britisk pass? Då gjeld det å passe på!

Eit slikt syn på våre medborgarar høyrer ikkje heime i det 21. århundre, og er rett og slett vanskeleg å ta på alvor. Det ein derimot bør ta på alvor, er at tusenvis av nordmenn i utlandet får inndrege sitt norske pass dersom dei søkjer om til døme amerikansk statsborgarskap for å kunne stemme ved val. Vi bør ta på alvor at Europarådet tilrår sine medlemsland å tillate doble statsborgarskap, fordi dette er svært positivt for integreringa. Og vi bør ta på alvor at vi lever i ei tid der svært mange jobbar og studerer i ulike land, finn kjærleiken på tvers av landegrensene og knytar varige og reelle band til fleire nasjonar.

Norske styresmakter si oppgåve bør ikkje vere å gjere dette mest mogleg vanskeleg, og langt mindre å mistenkeleggjere dei mange blant oss som har ein variert bakgrunn. Vår oppgåve bør derimot vere å gjere kvardagen litt enklare for dei som ønskjer å delta for fullt med demokratiske rettar i samfunnet der dei bur, utan måtte kutte banda til sitt fødeland for evig og alltid.

Vår oppgåve bør derimot vere å gjere kvardagen litt enklare for dei som ønskjer å delta for fullt med demokratiske rettar i samfunnet der dei bur

I 2015 var eg med og leverte eit representantforslag i Stortinget om å tillate dobbelt statsborgarskap. No nærmar dette seg omsider ein realitet. Og sjølv om Senterpartiet ser med frykt på ei utvikling der nordmenn kan ha fleire enn eitt pass, trur eg dei aller fleste nordmenn først og fremst ser på dette som ei stor moglegheit.

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Sommerkampanje med 50% rabatt på abonnement. Trykk her for bestilling.