Aktuelt

Nordisk trugsmål

Svensk tryggleikspoliti har åtvara i årevis, og PST namngjev no Den nordiske motstandsbevegelsen i si trusselvurdering. Men kven er denne gruppa? Kor farlege er dei?

---

Den nordiske motstandsbevegelsen

Nordisk organisasjon som gjennom revolusjon vil skapa ein nasjonalsosialistisk republikk beståande av dei nordiske landa.

Vart nemnt ved namn i PST si trusselvurdering for 2018.

I desember vart organisasjonen dømd forboden av ein tingrett i Finland.

Leiast av svenske Simon Lindberg.

---

2. januar 2018 vart Simon Lindberg, leiar for Den Nordiske Motstandsbevegelsen, dømd for «hets mot folkegruppe» i tingretten i Stockholm. Dommen fall på grunnlag av at han ropte «hell seger», den svenske varianten av «sieg heil», samstundes som han løfta høgrearmen i nazihelsing. Lindberg ankar dommen.

I slutten av januar vart organisasjonen han leier, nemnd konkret i PST si trusselvurdering for 2018. Det er fyrste gongen dette har skjedd. I vurderinga heiter det at trugsmålet frå høgreekstremistar i Noreg fyrst og fremst kjem frå mobilisering og rekruttering til denne gruppa, og det vert peika på at gruppa har «et langsiktig mål [om] å etablere en nasjonalsosialistisk stat».

Svenske medium rapporterer stadig om at den nynazistiske gruppa har hatt markeringar ulike stader i Sverige. Sist helg vart det til dømes bråk i samband med at rundt 15 aktivistar frå organisasjonen gjennomførte ein demonstrasjon i Falun.

Også i Noreg har organisasjonen vorte meir aktiv. I løpet av fjoråret har gruppa sett opp stand i fleire norske byar og tettstadar: Ski, Kristiansand, Lillehammer, Arendal, Halden og Sarpsborg. I desember demonstrerte nokre få naziaktivistar utanfor den finske ambassaden i Oslo, etter at Birkalands tingrätt avgjorde at organisasjonen vert forboden i Finland. Nokre dagar tidlegare delte organisasjonen, ifølgje eigne nettsider, ut mat og klede til «vanskeligstilte nordmenn som har blitt sviktet og forrådt av et system som hverken har evne eller vilje til å hjelpe dem».

Mest merksemd fekk likevel ein demonstrasjon i Kristiansand i slutten av juli. Eigentleg hadde planen deira vore å demonstrere i Fredrikstad, men når dei ikkje fekk løyve til dette, flytta dei demonstrasjonen til Sørlandet. Rundt sytti medlemmer av organisasjonen marsjerte inn i hovudgata Markens og stansa ved Nedre torv, der dei delte ut løpesetlar: «Knus homolobbyen!», «Ta tilbake makten fra globalistene».

Politiet greip ikkje inn mot dei demonstrerande nazistane, noko som skapte mykje debatt.

Færre la merke til tala NRK opplyste om nokre dagar seinare. Statskanalen kunne fortelja at rundt 50 av demonstrantane var svenskar, at to av dei var finnar, og at sytten var nordmenn, tre av dei med tilhøyrsle på Sørlandet.

Den største nynazistmarsjen i Noreg nokosinne var i hovudsak svensk.

Blant dei som deltok var tidlegare metal-musikaren Haakon Forwald, som no er busett i Sverige. Det same var Tommy Nyberg, ein svenske busett i Noreg, som har stått sentralt i organisasjonen på Austlandet. Vennesla-busette Tommy Olsen var der også. Attende i 2002 vart han dømd til fjorten månaders fengsel for å ha knivstukke to innvandrarar i Stavanger, etter bråk som oppstod i samband med at han – saman med fleire andre – delte ut løpesetlar for nazigruppa Vigrid.

Sjølv om den norske leiarskapen deltok i Kristiansand, var likevel den største nynazistmarsjen i Noreg nokosinne i hovudsak svensk. For å fortelja historia om den sjølverklærte motstandsrørsla er det også naturleg å gå nesten tjue år attende i tid.

I slutten av november 1999 publiserte fire svenske storaviser – Aftonbladet, Dagens Nyheter, Expressen og Svenska Dagbladet – den same artikkelen. Artikkelen peikte på trugsmål mot demokratiet, og namngav både høgreekstremistar og medlemmer av MC-gjengar.

Det var eit unikt samarbeid i svensk pressehistorie. Dei fire avisene grunngav det med at nazistgrupper, MC-gjengar og annan organisert kriminalitet hadde gått laus på demokratiet sine grunnpilarar: på rettsstaten, på politikarar, på pressa. Bakgrunnen for samarbeidet var dramatisk. Og blodig. I mai 1999 vart to politimenn skotne og drepne etter eit bankran. Bankranarane var dei tre aktive nynazistane Tony Olsson, Andreas Axelsson og Jackie Arklöv, sistnemnde noko av eit paradoks, sidan han var adoptert frå Liberia. Mot slutten av juni gjekk ei bilbombe av i Nacka. Ein frilansjournalist som hadde skrive om høgreekstremisme, blant anna i Aftonbladet og tidsskriftet Expo, vart alvorleg skadd. Hans åtte år gamle son vart også såra.

12. oktober det same året vart den venstreradikale fagforeiningsaktivisten Björn Söderberg drepen. Söderberg hadde tipsa den syndikalistiske avisa Arbetaren om at nynazisten Robert Vesterlund sat i eit lokalt styre i LO-forbundet Handels. Avisa si omtale av dette førte til at Vesterlund vart utestengt frå fagforbundet. Drapet var ei hemn, ei rein avretting.

To gjerningsmenn, Hampus Hellekant og Björn Lindberg-Hernlund, vart seinare dømde for det. Ein tredje mann vart dessutan dømd for blant anna våpenlovbrot i tilknyting til saka. Dei tre hadde møtte kvarandre gjennom den høgreekstreme gruppa Nationell Ungdom. Både Hellekant og Lindberg-Hernlund hadde bidrege til tidsskriftet Folktribunen.

Gjennom heile si historie har den sjølverklærte motstandsrørsla vore knytt til valdsbruk.

Nationell Ungdom var skipa eit par år tidlegare, av utbrytarar frå Sverigedemokraterna sin ungdomsorganisasjon. I 1999 var den i røynda blitt ein slags ungdomsorganisasjon for Svenska Motståndsrörelsen. Folktribunen var redigert av Klas Lund. Allereie i fyrste utgåva, frå 1997, vart tonen sett. Politikarane vart skulda for å ha forrådd det svenske folket. Ei side vart tileigna bøkene Turner Diaries og Hunter, rasistiske valdsfantasiar i fabelprosaform, skrivne av den leiande amerikanske nynazisten William Pierce. Særleg fyrstnemnde er vidgjeten, sidan ho har tent som inspirasjon for fleire terroristar, blant dei terrorgruppa The Order – som herja i USA i 1983 og 1984, men også Oklahoma-bombaren Timothy McVeigh. I tillegg inneheldt Folktribunen det Expo i 1999 omtala som «sedvanliga antisemitiska konspirationsteorier».

Klas Lund var ikkje noko nytt namn i svensk høgreekstremisme. I 1990 hadde han vore med å grunnleggja gruppa Vitt Ariskt Motstånd, eller VAM. Det var ei gruppe som lét seg inspirera av nettopp The Order. Til liks med førebiletet freista dei å finansiera opprøret mot «den sionistiske okkupasjonsregjeringa» gjennom bankran. Men Lund hadde eit rulleblad også før han i 1991 var dømd for nettopp bankran. I 1986 tok han del i å mishandla 21-årige Ronny Landin til døde, etter at Landin hadde gripe inn mot Lund og kompisane hans då dei herja med nokre innvandrarborn.

Lund var leiar for Den nordiske motstandsbevegelsen fram til oktober 2015. Det i seg sjølv fortel ein heil del om organisasjonen PST åtvarar mot.

I dag er den svenske organisasjonen slått saman med det som alltid var lite anna enn underbruk: den norske og den finske avdelinga. Simon Lindberg har teke over leiarrolla i organisasjonen. Han har ein bakgrunn frå Nationalsocialistisk Front. Rullebladet hans er ikkje like langt som Lund sitt, men også han er dømd for vald, etter at han i 2006 deltok i ein konfrontasjon med aktivistar frå RFSL, dåverande Riksförbundet för sexuellt likaberättigande, som hadde delt ut kondomer.

Å ha eit rulleblad er langt frå uvanleg for medlemer i den nordiske nynazistorganisasjonen. Då Expo i 2016 gjekk gjennom 159 av dei mest aktive medlemene i organisasjonen fann dei at over halvparten var straffedømde, og at heile 26 prosent hadde vorte dømde for valds- eller våpenkriminalitet berre i løpet av 2015.

Gjennom heile si historie har den sjølverklærte motstandsrørsla vore knytt til valdsbruk. Av dei grovare dømene er eit knivåtak i Finland i 2013 og bombeåtak i Göteborg sist vinter. Tre aktivistar i organisasjonen – Viktor Melin, Jimmy Jonasson og Anton Thulin – er dømd i samband med bombeåtaket mot ein venstreradikal kafé i november 2016, og for å ha utplassert ei bombe som ikkje gjekk av ved eit flyktningmottak i slutten av januar 2017. I tingretten vart dei også dømde for eit bombeåtak mot eit anna flyktningmottak, der ein person kom alvorleg til skade, men hovrätten – svensk lagmannsrett – fann ikkje at det var tilstrekkeleg bevis mot dei i den saka.

I Finland er det særleg ei anna valdssak som har fått merksemd det siste halvanna året. 10. september 2016 hadde den finske avdelinga av Den nordiske motstandsbevegelsen ei markering i Helsinki. Ein forbipasserande, Jimi Karttunen, stoggar opp. Fem sekund seinare ligg han på bakken, sparka ned av nynazisten Jesse Torniainen, som hevdar at Karttunen kom med trugsmål og spytta etter naziaktivistane.

28 år gamle Karttunen døydde seks dagar seinare, som eit resultat av hjernebløding. I finsk tingrett vart Torniainen ikkje dømd for drap, sidan retten ikkje fann det bevist at Karttunen døydde av sparket åleine: I saka kom det fram at offeret for nynazisten sitt springspark ikkje hadde følgt sjukehuset sine tilrådingar, og blant anna hadde rusa seg. Denne avgjersla vart nyleg stadfesta av Helsingfors hovrätt, som samstundes skjerpa straffa med tre månader i tillegg til dei to åra Torniainen var idømd i tingretten.

Den nordiske motstandsbevegelsens historie avslører valdspotensialet.

I februar 2017 vart Torniainen gjeve ei utmerking av nazistgruppa sin leiar, Simon Lindberg.

Valdsepisoden førte derimot til mykje debatt i Finland, og var medverkande til at finsk politi gjekk til tingretten og bad om eit forbod mot organisasjonen. I november 2017 fall – som tidlegare nemnd – dommen. Birklands tingsrätt konkluderte med å forby organisasjonen, og peikte på at den er i strid med «god sed». I dommen – som er anka – vert det peikt på at organisasjonen er valdeleg.

Noko slikt har ikkje hendt i Finland sidan 1970-talet. Då vart organisasjonar leidde av nynazisten og okkultisten Pekka Siitoin løyst opp, med referanse til Paris-traktatane inngått etter andre verdskrigen.

Men nynazistgruppa er ikkje vekke med det. I samband med den finske sjølvstendedagen 6. desember marsjerte dei igjen i gatene i Helsinki.

I Sverige har den sjølverklærte motstandsrørsla vorte den største og viktigaste av nynazistgruppene i løpet av dei siste åra. Talet på aktivistar er tresifra. I Noreg er organisasjonen stadig liten, talet på aktive medlemmer er nokre få titals. Men nazigruppa er i vekst. Det har i aukande grad gjort norsk politi uroleg.

Det er det gode grunnar til. Den nordiske motstandsbevegelsens historie avslører valdspotensialet.

Mer fra Aktuelt