Annonse
00:00 - 11. november 2016

Meir konflikt i vente

Libya seglar opp som ny arena for stormaktenes kamp mot IS. Det vil skape meir konflikt og kaos.

Ustabilt: FN-støtta libyske styrkar skyt mot IS-mål i kystbyen Sirte. Foto: Goran Tomasevic / Reuters/ NTB Scanpix
Annonse

Den islamske staten (IS) har ikkje klart å få like godt fotfeste i Libya som i Syria og Irak. Likevel er det denne trusselen som kan føre til at Libya blir nok ein avløysande krigssone i Midtausten. Russland er i ferd med å trappe opp sitt militære samarbeid med Egypt, som tek sikte på å kjempe mot terrorisme i Libya. Europeiske land og USA er allereie engasjert i kampen mot IS i Libya. Dette kan skape nye konfliktlinjer i eit land som har meir enn nok frå før.

Det meste har gått galt i Libya sidan landets leiar Muammar al-Gaddafi blei dratt ut av eit sementrøyr og drepen i oktober 2011. Ulike grupper kjempar om å ta makta, medan kriminelle aktørar profitterer på flyktningstraumar. Så langt i år har 160 000 kryssa Middelhavet frå Libya til Europa, eit rekordhøgt tal. Militsgrupper gjer overgrep mot sivile, tek over regjeringsbygg og kidnappar politikarar over ein lav sko. Livet for vanlege borgarar er prega av uro og vald.

ALLEREDE ABONNENT?
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse