Annonse
00:00 - 16. september 2016

Gudmund Skjeldal: Pusteproblemet i toppidretten

Astmamedisin. Rullestol i para­lympiske leikar. Veit vi kva det vil seia å vera rein, spør Gudmund Skjeldal.

Illustrasjon: Marvin Halleraker www.marvin.no
Annonse

I helga går paralympiske leikar i Rio inn i sine siste rundar. 76 ulike nasjonalitetar hadde hausta medaljar sist eg sjekka (tysdag). Eg har hatt litt moro av å sjå dei som spelar tennis i rullestol, men eg er redd det har vore meir av interesse for tennis enn for dei funksjonshemma å gjera: Dei har lov å lata ballen spretta to gonger før dei returnerer. Eg skulle ønskt eg følgde meir med. Eg skulle ønskt eg var oppteken av mangfaldet av det menneskelege moglege, og ikkje berre det aller beste, ein Stan Wawrinka (som vann i US Open), ei fryktinngytande Serena Williams.

Førre veke hadde Morgenbladet ein betakande reportasje om kva menneska har sendt av brev og bilete ut i verdsrommet. Viss det hadde komme eit romskip frå ein framand planet hit ein gong, er det å vona dei hadde fått oppleva nettopp paralympiske leikar, sommar eller vinter, og korleis menneska feirar kva sjølv blinde og halte og folk utan føter får til med kroppane sine. Vi må tru dei hadde likt det dei hadde fått sett. At dei ikkje forakta oss.

ALLEREDE ABONNENT?
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse