Kommentar

Skjeldal: La flaggstengene stå nakne

OL må strippast for den nasjonale dimensjonen.

Statsstyrt doping. Korrupsjon. Galopperande sikkerheitskostnader. Tvangsflytting av vanlege folk. Minimal, om nokon, ettergevinst.

I natt, laurdag den 6. august norsk tid, opnar dei sommarolympiske leikane i Rio de Janeiro med stor ståhei. For første gong blir OL skipa til i Sør-Amerika. 206 nasjonars flagg skal berast inn på friidrettsstadion (Maracanã), og den metaforiske fakkelen skal atter tennast. Norge sender 62 utøvarar. Det er inga krise om ingen av dei tar medaljar.

Det er snart 125 år sidan den franske baronen Pierre de Coubertin kuppa ein amatøridrettskonferanse i Paris og fekk ein renessanse for olympiske leikane på programmet. I Sorbonnes ærverdige salar, under sollyset som siva inn gjennom glastaket, og til hymnen som Gabriel Fauré hadde komponert, vart idrettsdelegatane frå England og USA, Sverige og Spania, Italia og Russland, og endeleg Hellas, frelste for den olympiske ideen.

Delegatane sat og fraus på ryggen: Antikke melodilinjer vart vekte til live. De Coubertin hadde tenkt seg at dei kanskje kunne få til nokre tevlingar som samla den internasjonale idrettsungdommen i 1898. I staden vart dei første leikane skipa til alt i 1896 – i det klassiske og opplagte Athen.

Slik er i alle fall versjonen som de Coubertin likte å dyrka sjølv etter som dei olympiske leikane med åra vart ein stadig større og omseggripande suksess. I sin alderdom fekk han oppleva at regimet til Hitler og Goebbels nærmast plyndra leikane i Garmisch-Partenkirchen og sommarleikane i Berlin (1936) til ein hyllest av og fest for det nazifiserte Tyskland.

Den franske baronen tok ikkje akkurat avstand frå desse arrangementa, for å seia det mildt. Vesle Norge kunne trøysta og forsvara seg med at fotball-laget i det minste slo Tyskland i kvartfinalen, med ein misfornøgd Hitler (og nervøs Goebbels) på tribunen.

No var ikkje målet til de Coubertin å leggja amatørideala bakom idretten, eller misbruka dei på nokon måte. Tvert om skulle dei olympiske leikane berga den edle og den ærlege kappestriden inn på trygg og gresk-antikk steingrunn – og bort frå tendensane til simpel vinnesjuke mellom dei einskilde utøvarane, og dertil den usunne kappestriden og usemja mellom ulike land. Han lukkast meir med det første enn det siste.

Alt ved dei første leikane i Athen, ja, ved markeringa av den aller første moderne olympiske meisteren i friidrett, vaia det nasjonale (amerikanske) flagget i vinden. Grekarane var for sin del øre av begeistring då ein av heimfødingane deira vann maraton-øvinga. Det var særleg denne nasjonale triumfen som gjorde leikane til ein suksess og ein folkefest i Athen. De Coubertin kunne ikkje sjå bort frå det, kor mykje han enn tykte den gamle ånda til dei klassiske greske heltane var gjenfødd med maratonmeisteren Spiridon Louis.

I ein slags internasjonalisme såg de Coubertin for seg at leikane skulle gå på vandring mellom byar og folk. Med OL i London (1908) var rivaliseringa mellom store nasjonar, Storbritannia og USA, openberr. Og med OL i Stockholm (1912) var konkurransen mellom land blitt pinleg nøyaktig, slik svenskane laga statistikk av både poengfangst og medaljekapringar, og kom godt ut av særleg den første for sin eigen del.

Sidan har den olympiske komiteen (IOK) lagt til rette for at land skal kunna måla innsatsen seg imellom – med den innimagenknytande konsekvensen som Berlin-OL synte fram. Statleg styrt doping – og statsinitiert fusk med dopingkontrollane – er berre eit naturleg framhald.

For styresett med kroniske legitimeringsbehov var OL ein framifrå arena å visa fram sin styrke. For IOK var omtrent alle nye arenaer i verda kjærkomne. I ungdommens og atletismens og fredens namn kunne ein sjå bort frå nesten kva som helst. Moskva-OL (1980) var offisielt nesten fritt for doping. Realiteten under kommunistregimet var ein heilt annan.

Som forretningsidé er olympiske leikar i éin forstand genial: Ingen skatt å snakka om. Få ulike byar til å overby kvarandre om å vera arrangør. Ta imot bestikkingar, om så. Selja seg rådyrt til tv-selskap. Amatøridealet stod lenge i vegen for denne enorme profitten. Med OL i Los Angeles (1984) vart kommersialismen slept laus. Ved dei neste leikane hadde dei aller fleste profesjonelle idrettsutøvarane også fått tilgang.

Det er inga idrettsgrein IOK ikkje vurderer å ta med i OL. I Rio står golf på programmet. Cricket er snart tilbake. Orientering kjem eventuelt med når nok pengar er involvert. Vekstideane til IOK er over grensa til det maniske. Og dobbeltmoralen er nærmast komiteens grunnleggjande karakter.

Som ein Pilatus lar IOK dei ulike særforbunda bestemma om russiske utøvarar skal få bli med i Rio – etter avsløringane i sommar av dopingjukset i Sotsji-OL (2014). Kommandolinjene gjekk i dette tilfellet heilt til Kreml.

OL er blitt samanlikna med eit verdsomreisande og storforlangande festfølgje – som lar dei ulike stadane ta seg av opprigging, gjennomføring, nedrigging. Dei positive følgjene for vertsbyen – og med nødvendigheit også vertslandet – er illusoriske. Les i så måte den grundige boka Circus Maximus av Andrew Zimbalist. I Athen står altfor mange av dei dyre anlegga og gror igjen etter OL i 1996. Rio har kanskje lært av dette, men dei investeringane i infrastruktur som skjer her, kjem ikkje til dei bydelane som treng dei mest.

Løysinga ligg snublande nær. OL må strippast for den nasjonale dimensjonen. Utøvarane representerer heretter berre seg sjølve og den kunstforma idretten aspirerer mot. Flaggdimensjonen må altså dempast heilt ned. (Til medaljeseremonien kan til dømes Fauré vera tonefølgjet i staden for nasjonalsongane.) Faren eller freistinga for store dopingprogram i statleg regi ville i alle fall forsvinna på denne måten.

For det norske kvinnelandslaget i handball høyrest nok dette ikkje så forlokkande ut. Men ingen må la seg lura til å følgja OL fordi det liksom er viktig med ein «norsk» medaljehaust. Studer bogeskyting og den presisjonen utøvarane har. Kos deg med stup og dei fantastiske kroppsrørslene i lufta.

Til avnasjonaliseringa høyrer også at éin – og berre éin by – blir vert for OL kvart fjerde år. Det ville ta bort korrupsjonen, bustadproblematikken, og sløsinga med bygging av enorme anlegg rundt om på kloden. Athen er det opplagt valet – slik det var for de Coubertin og hans kumpanar i 1896. IOK får ver så god løyva den aller største delen av overskotet tilbake til Hellas. Dét ville vore storpolitikk med meining i.

Det vil sjølvsagt aldri skje. Men det ville vere til det beste – for OL og for heile kloden.

Dei som interesserer seg for vinter-OL, vil sikkert lura på kvar vertsbyen heretter skal liggja. Svaret er ikkje Garmisch-Partenkirchen, Chamonix eller Oslo. Svaret er i ferd med å gje seg sjølv. I 2018 skal leikane skipast til i den svært kjende vintermetropolen Pyeongchang (du må leita deg ein avkrok til Sør-Korea). Til OL i 2022 var det berre to søkarar, Beijing og Almaty.

Vinter-OL er i ferd med å avvikla seg sjølv. Idretten klarer seg veldig fint utan.

Mer fra Kommentar