Annonse
00:00 - 08. juli 2016

Gudmund Skjeldal: Korleis kan vi drikka mjølk med godt samvit?

Berre om sommaren går ­kyrne fritt. Korleis kan vi drikka mjølk med godt samvit? spør Gudmund Skjeldal.

Annonse

Mjølk, som dei fleste av oss veit, kjem ikkje frå mjølkekartongen. Den kvite leskande, kaffedempande og nærande drikken kjem heller ikkje frå butikken, ikkje opphavleg. Men vi som har for vane å glo på mjølkekartongen om morgonen, og kanskje irriterer oss over det som står der – også når det ikkje er sommar-OL som nærmar seg og dei sponsa norske utøvarane pryder firkantane med dei blasse smila sine – kan ha nytte av å tenkja over korleis mjølka blir laga, og korleis kyrne har det for det meste av året. Humanitet handlar om å bry seg om naturen også. Du er ikkje eit menneske om dyra lir unødig, ikkje moralsk sett.

 

Sommaren er den aller beste tida å vera ku. Då har dei ferie. Då går dei fritt i fjellet, i alle fall ein heil del av dei. Ta broren min som døme, han er bonde på Vestlandet. Denne veka buførte slekta hans størstedelen av flokken til fjells. Flokken hans er ikkje særleg lang, det er tale om tolv-fjorten kyr som mjølkar elles i året, og så er det kalvar, seks, kanskje åtte, og så er det nokre kviger – ungdomar som ikkje har blitt mødrer enno. Det er ingen vaksen okse med i flokken, av opplagte grunnar. Det er greitt for ein bonde å vita når kyrne skal ha kalv.

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.