00:00 - 01. april 2016

Gudmund Skjeldal om oppdrettslaks

Spør ikkje om kva vi skal leva av etter olja, spør om kva som skal leva etter oss, skriv Gudmund Skjeldal.

Villaksen, det veit du godt, er eit av naturens under. Eit eller anna gjer at han søker ut av elva, ut av fjorden, og over heile Atlanteren. Når han så blir vaksen nok, søker han heim. Dei beste finn nøyaktig den elva dei blei klekte i, aldri så mange tusen kilometer unna. Kall det eit gen. Eller kall det heimlengt. Kall det nostalgi.

Så har du oppdrettslaks. Somme vil seia at det eit av menneskas under. Oppdrettsmat frå fjordane skal fø heile verda. 14 millionar måltid per dag allereie. 100 ulike land. Vår ibéricoskinke. Vår champagne.

Men du har høyrt om ei skuggeside også. Laks med lus på. Laks med botnavfall under. Laks med kjemikalierens. Silolaks mot villaks. Natur som har vendt seg mot seg sjølv. Eller eit framandelement ein annan stad her. Rett og slett mennesket som ein fiende av den ville naturen?

Annonse