Aktuelt

Ein drope på kokeplata

Arrestasjonen av Salah Abdeslam skapte glede i det belgiske samfunnet. Men snart skulle det syna at fåra ikkje var over. Og det er den neppe på lenge.

«Er me trygge no?», står det på framsida av det belgiske vekebladet Knack for 23. mars til 29. mars. Framsida er også utstyrt med eit bilete av Salah Abdeslam, mannen som – etter å ha delteke i terroråtaka i Paris i november – kom seg over grensa til Belgia, og som sidan har vorte jakta på av belgisk politi. Fredag 18. mars vart han endeleg teken, i eit hus i bydelen Molenbeek, ikkje langt frå der han vaks opp. «We hebben hem», skreiv regjeringsmedlemmet Theo Francken på Twitter. Me har han.

Walter Pauli – redaktøren i Knack – omtaler i leiarartikkelen i vekebladet arrestasjonen som særs gode nyhende. Men han skriv også at dei dårlege nyhenda er at arrestasjonen av Abdeslam berre er ein drope i havet.

Ein drope på ei varm kokeplate, seier dei på nederlandsk.

Denne vekas utgåve av Knack var openbert laga ferdig før bombene gjekk av på flyplassen utanfor Brussel. Før ein sjølvmordsbombar sette av endå ei bombe, i ei t-bane-vogn på metrostasjonen Maalbeek. Før morgonen 22. mars, då gleda over at Abdeslam var teken fordampa i møtet med det mest grufulle terroråtaket på belgisk jord nokon sinne. Før statsminister Charles Michel heldt ei kjensleladd tale: «Det me har frykta, har skjedd».

Frykt. Belgiarane har kjent på frykta lenge. Det byrja i mai 2014, då franske Mehdi Nemmouche storma inn på det jødiske museet i Brussel, skaut og drepte fire menneske. Så kom åtaket på Charlie Hebdo og på ein jødisk supermarknad i Paris, der det var koplingar til Belgia. Sidan ein politiaksjon i belgiske Verviers i januar 2015. Der vart to mistenkte terroristar drept i skotveksling med politiet. Politiaksjonen avverga truleg eit åtak retta mot politi og rettsvesen. Men politiet klarte aldri å ta ein av mennene dei jakta på, Abdelhamid Abaaoud. I ei seinare utgåve av den sjølverklærte islamske staten sitt nettidsskrift, Dabiq, skraut han av korleis han hadde klart å koma seg ut av Belgia, og attende til Syria. Seinare var han ein hovudmann i terroråtaka i Paris 13 november 2015.

Nokre dagar etter Paris-terroren slo fransk politi til mot ein bustad i Paris-forstaden Saint-Denis. Abaaoud vart drept i kamp med politiet.

Men ein annan av dei mistenkte gjerningsmennene hadde då for lengst kome seg over grensa til Belgia, der terroralarmen gjekk. Myndigheitene frykta eit nært foreståande åtak. Metroen vart stengt. Soldatar heldt vakt utanfor hotell og andre potensielle terrormål.

Frykta har vore der ei stund. Men ein terroralarm kan ikkje vara evig. Sjølv om klappjakt på Abdeslam ikkje førte fram, veke etter veke, vende livet attende til det normale. Den internasjonale mediemerksemda rundt Belgia stilna. Journalistane forlot den berykta bydelen Molenbeek igjen.

Eit merkeleg land. I februar drog eg til Belgia. Det er mitt andre heimland, landet eg fann kjærleiken i. Det er også eit merkeleg land, delt på midten av ei språkbarriere, fransk på den eine sida, nederlandsk på den andre. Det er i ferd med å endra seg, men før var det få i Vallonia som snakka nederlandsk. I boka Factory of Facts fortel den belgisk-amerikanske forfattaren Luc Santé at ikkje ein av slektningane hans kunne nederlandsk. Før han legg til at det sjølvsagt var eit unnatak: hans nederlandske onkel. I røynda har grensene i denne delen av Europa vore porøse lenge, og ein merker det også innad i Belgia: i Flandern har mange vallonske etternamn, i Vallonia er det mange som har flamske. Og likevel har Belgia to offentlegheiter. Elle tre, om ein tel med det vesle tyskspråklege området. Eller kanskje fire, om ein tel med den høgst internasjonale hovudstaden. Uansett kan ein lesa mykje i flamske aviser uten å vita all verda om vallonsk politikk, og omvendt.

Det symbolet finn eg i Verviers – byen der politiet skaut og drepte to mistenkte terroristar i januar i fjor.

I Flandern ber mange om draumen på sjølvstende, inklusive det største partiet på flamsk side, N-VA, Nieuw-Vlaamse Alliantie, eit relativt sentrumsorientert nasjonalistisk parti. Dei er ein del av koalisjonsregjeringa i Belgia. Flamske separatistar er med å styra landet.

Stint av folk. Eg vitja Molenbeek. Bydelen ligg berre nokre få metrostopp frå sentrum i Brussel. Der tusla eg rundt i bydelens eige vesle sentrum, rundt Place Communale. Det var på ein torsdag, det er marknadsdag i Molenbeek og det var stint av folk. Her kunne ein gjera eit kupp på grønsaker. Seljarar ropte ut tilboda sine. Dei ropte på arabisk.

Etter Paris-åtaka vart Molenbeek skildra som ein ghetto av misere i den franske storavisa Le Figaro. No har journalistar snakka om han som ei no-go-sone. Men Molenbeek oppleves ikkje slik. Det er ein levande bydel, ein bydel med yrande folkeliv, med butikkar og kafear, noko heilt anna enn nokre av dei nitriste forstadene rundt Paris. Men Molenbeek er samstundes ein annan stad enn middelklassen sitt Brussel, ein annan stad enn turistane sitt Brussel, rett og slett ein annan stad. Den gamle arbeidarklassebydelen – bygd opp på industri som er vekke no – kjennest på mange måtar som eit lite stykke Marokko, kasta inn i belgiske omgjevnader.

Det er ingen utriveleg stad å vitja. Molenbeek sine problem ligg under overflata. Her bur folk tett, arbeidsløysa er høg, moglegheitene for dei unge som veks opp der ofte så altfor få. Som Malik, ein såkalla byvektar – ein slags mellomting mellom parkeringsvakt og ordenspoliti – fortel til Knack om sine besøk i bydelens sosialblokker er bydelen også prega av fattigdom, av forsømming, av håpløyse, av forsøpling, av «gutungar på tolv som røyker joints i trappehallar». Molenbeek har eit belasta rykte, knytt til kriminalitet, men òg til blant anna hets av homofile. Og i årevis har det vakse fram endå eit problem der: ekstrem islamisme.

I Molenbeek rekrutterte han unge menn, mange av dei småkriminelle ungdomar som alt frå før næra eit hat både mot politiet.

Verviers. For meg er Molenbeek likevel ikkje symbolet på Belgia sine problem med utanforskap, eller for den del med ekstremisme. Det symbolet finn eg i Verviers – byen der politiet skaut og drepte to mistenkte terroristar i januar i fjor. Småbyen – det bur omlag 55 000 der – ligg på elva Vesdre, ikkje langt frå den tyske grensa, og heilt aust i det som ein gong var Belgia sitt sillon industriel, eit belte av industribyar som strakk seg gjennom Vallonia.

Verviers si historie er ei historie om tekstilindustrien. Då den industrielle revolusjonen kom til det europeiske fastlandet var det nettopp dit. Det gav byen ein boom, og å gå rundt i gatene i byen kjennest litt som ei reise inn i historia, inn i fordums glans, blant hus i art nouveau-stil og praktbygningar i nyklassisistisk og nygotisk stil. Det gjev Verviers ein viss vallonsk sjarme. Verviers er ein stad med karakter. Ein gong var staden også eit sentrum for europeisk anarkisme. Radikalarane i byen trudde på revolusjonen. Men blodige streikar og lockouts rundt århundreskiftet førte ikkje til anna enn små reformar.

Den verkelege revolusjonen kom då tekstilindustrien forsvann. Luc Santé, forfattaren, er fødd i byen. Foreldra budde i Rue de La Colline, den gongen ei respektabel adresse, no mest kjent for at det var i denne gata at belgisk politi slo til mot mistenkte terroristar. «Verviers var ein enkeltindustriby fram til 1950-åra», skriv Santé, «då byrja den å endra seg til ein nullindustriby».

Organisert kriminalitet. Verviers er – til liks med Molenbeek – ein postindustriell stad. Og samstundes som mange av les vervietois flytta frå heimbyen, i jakt etter arbeid andre stader, flytta innvandrarar inn. «Verviers kjennest som om den ikkje lenger er innanfor dei belgiske landegrensene», har det flamske vekebladet Humo skrive. «Heile område i sentrum av byen, som Hodimont, er kontrollerte av organisert kriminalitet».

Også belgiske journalistar kan vera i overkant tabloide i si framstilling av stader i Belgia. Humo overdramatiserer. Men dramaet i Verviers er likevel verkeleg nok. På hotellet mitt, nær jernbanestasjonen, snakka eg med ei flamsk kvinne som reiste til Verviers jamnleg. «Det kjennest som ein delt by», sa ho. Og det gjer også verkeleg det. På den eine sida av Vesdre, i byens historiske sentrum, er kjensla vallonsk, sjølv om eller kanskje nettopp fordi den postindustrielle røyndomen har gjeve tidlegare glans eit matt og slitt preg. På den andre sida av elva, i Hodimont, ligg eit innvandrarnabolag med ghettopreg. Der er det få respektable adresser. Det har det aldri vore. I dag er Hodimont eit fattig område, ein bydel med ein rimeleg openberr parallell økonomi, ramnsvart. Det er ein stad eg – ulikt i Molenbeek – opplevde det som ubehageleg å spasera rundt. Eg kjende meg som ein framand fugl.

Mørkare verd. Kanskje har det også med eigne fordomar å gjera. Men i årevis har Verviers også vorte nemnd i samband med radikale og ekstreme grupper frå andre delar av verda. Det inkluderer ekstreme islamistar, men også grupper som dei kurdiske separatistane i PKK og dei ultranasjonalistiske tyrkiske Grå Ulvane. Å gå over elva i Verviers er som å ta steget inn i ei anna, mørkare verd.

Dei siste åra har fleire unge menn frå Verviers forlatt byen for å dra til Irak eller Syria, for å kjempa saman med ekstreme islamistar i Syria og Irak. Den ekstreme islamismen i Belgia er ikkje eit fenomen avgrensa til Molenbeek.

Og i Verviers finn ein mange av Belgia sine lyter: ein postindustriell røyndom som mange stader i sillon industriel, stader der nedgangstidene i etterkrigstida framleis viser att. Ein innvandrartett bydel på feil side av elva, med store sosiale og økonomiske utfordringar. Unge menn som – om dei no er drivne av ideologi, av håpløyse, eller av ynskje om å vera noko – dreg i veg til Syria for å kjempa saman med ei totalitær rørsle.

Parallellsamfunn. Kvifor er det ekstreme islamistmiljøet større i Belgia enn i andre europeiske land? Kva er det som gjer at talet på belgiske framandkrigarar blant jihadistane i Syria og Irak er så høgt?

Forklaringane er fleire. Nokre løfter fram dei sosioøkonomiske tilhøva i bydelar som Molenbeek og Hodimont, eller tendens til framvekst av parallellsamfunn. Men slike tilhøve finn ein mange stader, og slike tendensar også.

Andre peiker på at den kaotiske organiseringa av den belgiske føderalstaten speler ei rolle. Belgia er som sagt eit merkeleg land. Surrealisme er ikkje ei kunstform, det er eit land, har belgiarar fortalt meg. Ein har seks parlament, seks regjeringar, og på nasjonalt nivå har politikken ofte vore splitta, også takk vere flamsk separatisme og krangel om tospråklege kommunar i utkanten av Brussel. Hovudstaden sjølv er delt inn i nitten kommunar og i seks politiområde. Før 2001 var det endå meir kaotisk, då hadde kvar kommune si eiga politistyrke. Ein politireform kom etter at politiet hadde fått gjennomgåande kritikk i lys av skandaler rundt etterforskninga av den pedofile drapsmannen Marc Dutroux.

Båe delar er nok sant. Ei tredje forklaring er at den ekstreme islamismen har slått røter i Belgia over ein heil del år. Også frå bombene i Madrid i 2004 førte det spor til Belgia, blant anna til den vesle byen Maaseik på grensa til Nederland. Året etter gjennomførte Muriel Degauque, ei kvinne frå Charleroi som hadde konvertert til islam, eit sjølvmordsåtak i Baghdad.

Kriminelle. Fire gjerningsmenn utførte bombeåtaka i Brussel denne veka. I skrivande stund er tre av dei kjende: Ibrahim el-Bakraoui, broren Khalid el-Bakraoui og Najim Laachraoui. Ein tredje gjerningsmann på flyplassen i Zaventem, mannen i den kvite jakka, han som ikkje sprengde seg sjølv i lufta, og som kom seg unna, er ikkje kjend. Det vert også snakka om ein mogleg andre gjerningsmann på metroen, syraren Naïm al Hamed, som ein elles veit lite om.

Kva veit me om brørne el-Bakraoui og om Laachraoui? Laachraoui vaks opp i Schaerbeek i Brussel, og gjekk på ein katolsk skule, der han studerte elektromekanikk. Rektoren ved skulen har skildra han som ein mønsterstudent. Men Laachraoui vart ein del av nettverket rundt Khalid Zerkani, ein sentral aktør i rekruttering av syriafararar. Men Laachraoui skal ikkje ha noko rulleblad, i motsetnad til mange av dei andre i nettverket rundt Zerkani, som Paris-terrorist Abdelhamid Abaaoud.

Då er det annleis med brørne el-Bakraoui. Dei to brørne frå Molenbeek var godt kjende for belgisk politi frå før, som hardbarka kriminelle.

No seglar det opp til ei politisk skandale i Belgia. To ministrar, Koen Geens og Jan Jambon, har allereie tilbode seg å gå av. Ibrahim el-Bakraoui vart nemleg sluppe ut av fengsel, på vilkår, i 2014. Ikkje lenger etter drog han i retning Syria, eit openbert brot på dei same vilkåra. Han vart stogga i Tyrkia, og sendt attende. Belgiske myndigheiter vart varsla. Men el-Bakraoui vart verandre på frifot.

Dei tre sjølvmordsbombarane er forskjellige, slik IS’ sine europeiske framandkrigarar også er det. Men dei symboliserer også – på sine vis – ein del av fenomenet. Mange IS-rekruttar kjem frå innvandrartette problemnabolag som Molenbeek. Menneske med eit kriminelt rulleblad er overrepresenterte. Skal ein diskutera Molenbeek, kjem ein vanskeleg unna sosioøkonomiske tilhøve.

Men samstundes: Enkeltpersonar er viktige. Og i Belgia er ein av dei viktigaste Khalid Zerkani.

Julenissen. Zerkani har vore fengsla sidan februar 2014, og vart i juli i fjor dømd til ei lengre fengselsstraff for terrorisme. Domen er sidan anka, og dom i ankesaka har ikkje falle. Marokkanskfødde Zerkani, kjend som Papa Noël, eller «julenissen», hadde eit omfattande kontaktnettverk, blant anna til den framståande tunisiske Afghanistan-veteranen Seifallah Ben Hassine, men også i Syria og i Somalia. I Molenbeek rekrutterte han unge menn, mange av dei småkriminelle ungdomar som alt frå før næra eit hat både mot politiet, mot myndigheitene og mot storsamfunnet. Ikkje få av dei enda opp i Syria, og reisene deira vart betalt gjennom kriminell verksemd.

Zerkani skal ha fått tilnamnet sitt fordi han strødde om seg med pengar.

Lista over terroristar med koplingar til Zerkani er etterkvart lang: fleire av gjerningsmennene bak Paris-terroren, inklusive Abaaoud; dei to mennene som vart drept av politiet under terrorraidet i Verviers; Najim Laachraoui. Også Reda Kriket, nyleg pågripe for terrorplanlegging i Frankrike, vert sett i samband med Zerkani.

Det synleggjer noko av det som forsvinn frå fugleperspektivet. I jakta på forklaringar på Belgia sitt problem med ekstrem islamisme må ein faktisk heilt ned på individnivå. I tillegg til at den ekstreme islamismen har slått røter i landet over tid, speler karismatiske leiarfigurar ei vesentleg rolle. I utanforskapets bydelar finn dei såjord for frøa av hatsk ideologi. Men det hjelper ikkje med såjord utan såmenn.

Klappjakt. Ei ny klappjakt på terroristar er no i gang. Fleire vil verta arrestert. Dei siste restane av nettverket rundt Paris-terroristane vil nok verta knekt. Men Belgia sine problem vil nok stadig vera synlege, på båe sider av elva gjennom Verviers, og på båe sider av kanalen som skil bydelen Molenbeek frå sentrum i den europeiske hovudstaden.

Øyvind Strømmen er religionsvitar, forfattar og nyhetsredaktør for nettstaden hate-speech.org.

Mer fra Aktuelt