Annonse

Annonse

12:48 - 19. november 2015

Ei jihadistisk mediamaskin

IS sitt omfattande mediaapparat har eit delt bodskap: Gruppa søkjer å framstå som mektig og som farleg. Ho ynskjer også å framstilla statsdanninga som reell.

Parade: Dette propagandabiletet blei publisert på ein twitterkonto tilknytta IS i juni 2014. Biletet viser ein parade i Raqqa, Syria.

Det var i november-utgåva av «Dabiq», IS’ viktigaste tidsskrift, at terrororganisasjonen annonserte avrettinga av det norske gisselet Ole Johan Grimsgaard-Ofstad. Tidsskriftet er  berre ein av mange kanalar IS tek i bruk for å spreie propagandaen sin. Kort tid etter terroråtaka i Paris tok IS på seg ansvaret gjennom eit kommuniké spreidd via den elektroniske meldingstenesta Telegram. I meldinga – som vart publisert på både fransk og arabisk – heitte det at åtaka var byrjinga på ein storm, og at ein hadde slått til mot «prostitusjonen og obskøniteten sin hovudstad». Ofra for terroråtaka vart omtalt som krossfararar. Det er i tråd med IS sitt verdsbilete, der verda er delt i to etter skarpe liner.

IS når ut med sin propaganda. Men IS sin propaganda handlar også om meir enn vald, om meir enn brutale avrettingar, om meir enn terror.

I kjølvatnet av terroråtaka fekk også ein IS-video merksemd. I denne ser ein IS-krigarar brenna sine franske pass, før tre av dei kjem med to konkrete oppmodingar til franske muslimar. Den fyrste: Forlat Frankrike, kom til kalifatet. Den andre: Kan du ikkje det, så gjennomfør terroråtak i Frankrike. Oppmodingane kjem frå tre menn som alle snakkar fransk. Videoen har undertekstar på både fransk og arabisk. Biletkvaliteten er god. Som bakgrunnsmusikk kan ein høyra ein nasjid, ein islamsk orientert a cappella-song. Den sentrale bodskapen: «Kva ventar du på?»

I fleire media – både internasjonalt og i Noreg – har denne videoen vorte omtala som ny, og som udatert. I røynda vart han produsert i 2014, og sluppe same haust. Også den gongen fekk filmen betydeleg mediamerksemd. IS når ut med sin propaganda. Men IS sin propaganda handlar også om meir enn vald, om meir enn brutale avrettingar, om meir enn terror.

Dei sel også ein annan bodskap, som i videoen med dei tre franskspråklege krigarane: Det er ein bodskap om statsbygging, ein bodskap om at muslimar må koma til det sjølverklærte kalifatet, som vert skildra som ein draum som har vorte røyndom.

 

Rivande utvikling. Mykje har endra seg sidan 2004, då IS sin forgjengjarorganisasjon – al-Tawhid wal-Jihad, også omtalt som al-Qaida i Irak – slapp ein video på nettsidene til ei anna islamistgruppe, plassert på ein server i Malaysia. Videoen synte drapet på den unge amerikanaren Nicholas Evan Berg, ein radiotårnreparatør. Lyd og bilete var ute av synk. Bileta var kornete og piksellerte.

Dei tilhøyrer så å seia YouTube-generasjonen.

Christopher Anzalone, doktorgradsstipendiat

I vår publiserte den sjølverklærte Islamske Staten ein video av ei endå meir bestialsk avretting, av ein jordansk pilot som vert brent levande. Filmen er 22 minutter lang, i sylskarp kvalitet, og full av effektar ein kan kjenna igjen frå moderne tv-produksjon, og frå – slåande nok – dataspel.

Båe filmane syner grufulle drap utført av ekstreme islamistar. Men saman fortel dei også ei anna historie, ei historie om utviklinga av IS sitt propaganda-apparat.

– Produksjonskvaliteten har vorte klårt og betydeleg betre, seier doktorgradsstipendiaten Christopher Anzalone ved kanadiske McGill University. Han forskar blant anna nettopp på den ekstreme islamistgruppa si mediaverksemd. Han peiker på at ein del av utviklinga har med teknologiutvikling å gjera, men også på at propagandaen har vorte meir straumlinjeforma og i større grad har målretta narrativ.

– Dei fleste av IS sine mediafolk er truleg ganske unge. Dei har kjennskap til eit meir moderne uttrykk når det gjeld filming og redigering, seier Anzalone.

– Dei tilhøyrer så å seia YouTube-generasjonen.

 

Populærkultur. – IS-media har mange kjenneteikn frå moderne populærkultur, seier Pieter Nanninga, som er forskar ved Universitetet i Groningen, med jihadistisk orienterte media som fagfelt. Han peiker på bruken av actionkamera, og det dataspelaktige inntrykket.

I ein film som vart publisert på YouTube, vart den populære dataspelserien Grand Theft Auto nytta som utgangspunkt.

I ein film som vart publisert på YouTube, vart den populære dataspelserien Grand Theft Auto nytta som utgangspunkt. I ein plakat som vart spreidd via nettet, vert det synt til skytespelserien Call of Duty. «This is our Call of Duty», heiter det, «And we respawn in Jannah». Respawn er gamerspråk for å gjenoppstå når ein vert drept i spelet. Jannah er paradis.

– At moderne populærkultur eller ungdomskultur er så innbakt i propagandaen, syner at IS er ei moderne rørsle, eit produkt av vår eiga tid, seier Nanninga.

– Difor kan rørsla også vera attraktiv for unge menneske i ulike delar av verda. IS tilbyr desse ungdomane eit klårt verdsbilete, ein sterk identitet og ei kjensle av tilhøyre. IS kan gje dei ei kjensle av at dei kan vera viktige, som del av denne kraftfulle rørsla som – i deira auge – forsvarar islam og muslimane si ære mot undertrykking og fornedring frå Vesten og frå Vesten sine påståtte handdukker i Midtausten.

 

«Me som har feila». Den norske journalisten Mah-Rukh Ali, kjend som nyhetsanker på TV2, lanserte tidlegare i haust boka Trusselen fra IS. Terror, propaganda og ideologi. Ho meiner både journalistar og forskarar ofte overdriv kvaliteten på IS sitt propagandamateriell.

Me framstiller dei som proffare enn dei faktisk er.

Mah-Rukh Ali, journalist

– Eg er svært lite glad i ein del av omtalen av IS sin propaganda, der han vert framstilt som genial, som sofistikert eller som profesjonell, seier ho.

– Eg vel å sjå på det motsett. Det er me som har feila. Me framstiller dei som proffare enn dei faktisk er, fordi me har problem med å skjøna rørsla i det heile.

Ali framhever at teknologiutviklinga har gjort det enklare for IS, og at det derfor vert feil å sammanlikna med al-Qaidas medieproduksjon på 1990- og 2000-talet. For henne er IS sin mediastrategi enkel:

– Dei har isolert områda sine for journalistar, og gjort oss avhengige av deira propaganda. I redaksjonane forsvarer ein seg gjerne med at ein ikkje spreier propaganda, men at ein snarare syner røyndomen slik han er. Men anten me vil eller ikkje, let me oss bruka av IS når me nyttar oss av materiale frå IS.

Ho peiker på at sjokkeffektar som halshugging ikkje er noko nytt – meksikanske narkotikakartell har til dømes nytta seg av det same – og meiner ekspertar og synsarar som framstiller IS sin propaganda som sofistikert, burde tenkja seg om.

– Dei byggjer opp ein slags fascinasjon, dei snakkar på eit vis opp organisasjonen. Men det er ikkje så vanskeleg å setja ein mygg – ein mikrofon – på eit offer. Det er ikkje nokon grunn til å samanlikna med Hollywood.

 

Ikkje berre vald. Men vald er ikkje det einaste IS satsar på. Pieter Nanninga anslår at rundt 50 prosent av videoane gruppa slepp på nettet, handler om vald, scener frå kamphandlingar, avrettingar og liknande.

Kamp om sosiale media

  • Terrorgruppa IS, også kalla Isil og Daesh, nyttjar i hød grad sosiale media, ikkje minst Twitter, til å spreie propaganda.
  • Etter åtaka i Paris erklærte hacker-grupperinga Anonymous cyber-krig mot IS.
  • Det same skjedde etter angrepet mot Charlie Hebdo januar.

– Resten gjer ikkje det. Dei viser andre aspekt ved IS, som skular, sjukehus, marknadsplassar, politi, innsamling av skatt, og så vidare. Statsbygging er det viktigaste temaet i IS sine media. Mange avrettingar vert også presentert i denne samanhangen, som etablering av lov og rett. IS søkjer å syna fram seg sjølv som ein stat i framvekst, ein stat der muslimar kan leva gode og ærbare liv.

Eit døme på nettopp dette er å finna i filmen «En Mujahids Eid» som vart sluppe i førre veke, blant anna på YouTube – der filmen no er sletta. Filmen, som er laga av ei mediaavdeling kalla al-Furat, fokuserer rett nok på IS-krigarar som feirer eid, inklusive vitsing om at ein i Syria ikkje berre slaktar sauer, men også vantru. Fokus ligg mest på slakting av sauer til høgtida, på samhald, på glade born og på utdeling av mat til fattige.

Filmen har ikkje berre ein tittel som høyrest skandinavisk ut, fleire av dei som er med, snakkar svensk. I alt er minst åtte med ei tilknytning til Sverige med i filmen, sju av dei frå Göteborg. Ein av dei snakkar om korleis han i den såkalla islamske staten kan leva etter trua si i fridom. Den avsluttande replikken i filmen er også eit bodskap om at muslimar må koma til den islamske staten, og ikkje leva livene sine blant kuffar, dei vantru. Det er den same bodskapen som gjorde reprise etter åtaka i Paris.

 

Framhever brutalitet. Namnet på tidsskriftet Dabiq er henta frå ein liten tettstad nordvest i Syria, berre ei mil frå den tyrkiske grensa. Her stod ein gong eit avgjerande slag mellom ottomanarane og mamlukkar. I islamsk endetidslære vert byen også nemnd som staden der eit viktig slag mellom romarane og ein hær beståande av «dei beste soldatane av jordas folk» skal stå. I IS sine auge er Dabiq staden det endelege slaget mellom vestlege styrker og deira eigne skal stå.

Den norske historikaren Øystein Sørensen, som blant anna har forska på ulike totalitære ideologiar, har brukt tid på å gå gjennom innhaldet i bladet.

– Magasinet legg stor vekt å forankra IS sine ideologiske posisjonar i islam, for å gje politikk og ideologi teologisk legitimering. Samstundes vert det tyngre ideologiske stoffet blanda med dagsaktuelle reportasjar, gjerne biletreportasjar, og med triumferande, gjerne hånleg, polemikk mot fiendar, seier han.

– IS veit naturlegvis at deira islamtolking er kontroversiell, og det er påfallande at dei så gjennomgåande er opptekne av å belegga sine posisjonar med koransitat og sentrale hadithar.

Haditar er nedskrevne forteljingar om kva profeten Muhammed sa og gjorde.

Sørensen meiner at IS sin propaganda har tydelege fellestrekk med propaganda frå andre totalitære rørsler, men at eitt særtrekk er påfallande:

Propaganda: Faksimile av forsida til IS’ propagandatidsskrift Dabiq.

– IS framhever sin eigen brutalitet. Dei skryt rett og slett av han, og utmaler han detaljert i tekst og særleg i bilete. Ein finn ikkje tilsvarande dersom ein studerer til dømes propaganda frå Hitler-Tyskland, frå Stalin sitt Sovjet eller frå Mao sitt Kina. Der vart brutaliteten direkte eller indirekte benekta og dekka over.

 

 

 

Sosiale media. I midten av juli i år vart det lansert ei norskspråkleg Facebook-side med propaganda frå IS, al Mustaqbal Norge. Den fyrste nyhenda på gruppa var at IS hadde tatt på seg ansvaret for eit bilbombeåtak retta mot det italienske konsulatet i Kairo. Sidan fulgte rapportar om kamphandlingar, ein YouTube-film med gruppa sin leiar, den sjølvutnemnde kalifen Abu Bakr al-Baghdadi, men også bilete av oppussing av ei bru og av ein stor moské, av veldedig arbeid knytt til fastebruddsmåltidet iftar under ramadan. I det heile er fokuset på statsbygging tydeleg tilstades, også gjennom bilete av offentleg transport og kjøpesenter.

I slutten av juli månad vart den norskspråklege Facebook-gruppa stengt av Facebook. Innhald frå IS sjølv, eller frå IS-sympatisørar, overlever ikkje alltid lenge på sosiale media. Men dei som spreier propagandaen, har ofte nye brukarkontoar og nye sider klare.

– Sosiale media er avgjerande for IS sitt mediaarbeid, seier Christopher Anzalone.

– Når det gjeld jihadistiske grupper har dei vore i front, ved at dei har teke sosiale media i bruk, særleg Twitter, men også platformer som Tumblr og Wordpress. Tidlegare festa jihadistiske grupperingar gjerne lit til eigne nettfora for å spreia bodskapen sin. Men desse er ikkje like viktige lenger, også andre grupper har gått over til Twitter, Facebook og andre sosiale media.

Samstundes er sosiale media eit springbrett. Gjennom desse får IS ut nye bodskap. Ikkje sjeldan er det vanlege media som spreier dei vidare. Sofistikert? Kanskje ikkje. Effektivt? Diverre, ja.

 

Øyvind Strømmen er frilansjournalist og forfatter av flere bøker om høyreekstrem terrorisme, sist I hatets fotspor (2014).

Annonse