Annonse
04:00 - 25. mai 2007

Slutten på barnearbeid?

Dei siste åra har barnearbeidet minka på verdsbasis. Men Afrika sør for Sahara heng etter.

Annonse

“Slutten på barnearbeid: innan rekkevidd” Det er den optimistiske tittelen på siste rapport (2006) frå den internasjonale arbeidsorganisasjonen, ILO. Dei siste åra har serleg talet på barn i farleg arbeid gått ned. Den globale rørsla mot barnearbeid har byrja å få innverknad, konstaterer ein nøgd leiar for ILO, Juan Somavia.

Men – det er eit men: Afrika sør for Sahara. Der har andelen barn i arbeid gått ned, men ikkje mykje, og det absolutte talet har gått opp. I 2004 var 49 millionar, eller kvart fjerde barn i alderen 5 til 14 år, i arbeid. Det er verdsrekord.

Men kva tyder det eigenleg at barn “arbeider”? ILO reknar all produktiv aktivitet som “arbeid”, for marknaden eller ikkje, løna eller ikkje, for kortare eller lengre tid, tilfeldig eller fast, lovleg eller ulovleg. Eit barn som “arbeider”, må ha gjort dette i minst ein time den siste veka. Ein time er ikkje mykje, men plikter heime, som serleg mange jenter har, er ikkje inkludert og svært mange barn arbeider meir, har arbeid dei er for unge til, eller som skader dei fysisk og psykisk.

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.