Annonse

Annonse

04:00 - 21. juli 2006

– Snakk om atomvåpen

Jusprofessor Ståle Eskeland meiner at Noreg må bli ein pådrivar for atomavrusting.

– Noreg kan vera med på å få diskusjonen om avrusting ut av dødvatnet. Som ein liten stat kan landet vera ein pådrivar for avrusting, seier jusprofessor Ståle Eskeland.

Noreg har ikkje berre moglegheit til dette, men også ei plikt, hevdar Eskeland.

– I 1996 kom FN-domstolen i Haag med ei einstemmig utsegn. Denne slo fast at atommaktene har rettsleg plikt til å ta opp forhandlingar med sikte på nedrusting. Utsegna har blitt neglisjert sidan då. Som Nato-land er Noreg ein del av alliansens atomforsvar. Samstundes har ikkje landet eigne våpen. Dette gjer at Noreg kan og bør spela ei viktig rolle, meiner jusprofessoren.

Eskeland var nyleg på ein konferanse arrangert av IPB (det internasjonale fredsbyrået) juristar mot atomvåpen og legar mot atomvåpen. På konferansen vart det sett i gang eit initiativ for å få Haagdomstolen til å ta opp nedrustingsspørsmålet på nytt. Christopher Weeramantry, som var visepresident i Haagdomstolen då uttalelsen om atomnedrusting vart vedteke, står i spissen for arbeidet. I dag er Weeramantry leiar for Ialana, den internasjonale organisasjonen av juristar mot atomvåpen.

Lese mer?

UKE
59,-
Inkluderer også tilgang til arkiv og eAvis.
ABONNEMENT
Fra 35,-
per uke
Følg de viktige debattene og få en dypere innsikt i samfunnsaktuelle saker hver uke.
ARTIKKEL
20,-
Betal med Vipps/mCash/PayPal/Bitcoin.

Annonse