10:50 - 29. juni 2020

Nesten halvparten av alle med stemmerett har aldri fått velje om Noreg bør bli medlem av EU. Det er tid for ein ny og opplyst debatt, skriver Anne Marte Blindheim.

Det er tid for ein ny og opplyst debatt om EU-medlemskap, skriver Anne Marte Blindheim.

Moden for gjenopptagelse: Det er 26 år siden forrige EU-folkeavstemning. Siden spørsmålet om medlemskap dukket opp på 60-tallet, har det aldri gått så lang tid mellom EU-debattene, skriver Anne Marte Blindheim. Her: Nei til EU mobiliserer på Youngstorget 25. september 1994. Foto: Bernt Eide / Samfoto / NTB scanpix

Eg var nettopp fylt 14 år og var langt unna å ha noko eg skulle sagt. Men på min kant av landet, frå Sogn og Fjordane og nordover, var EU-motstanden sterk. Alt eg hugsar frå valkampen, er nei-propagandaen. Bilklistremerka, veggmåleria, visene. EU, det var ein gjeng som ville ta fisken vår, bytte ut brunosten i butikkane med noko franske greier og bestemme uvesentlege ting som krumminga på agurkane. Kva i alle dagar skulle vi med dette? Nokon meinte vi ikkje ville klare oss økonomisk utan EU, men vi hadde jo nettopp ordna ein eigen avtale om det, så det skulle nok gå fint. Vi visste kva vi hadde, og vi hadde det bra som vi hadde det. Vi var framleis OL-rusa og det var typisk norsk å vere god. Eg enda opp med å vere imot, eg også. Men resultatet av folkerøystinga var jamt. 47,8 prosent stemte for, 52,2 prosent imot.

Det har gått 26 år. Så lang tid har det aldri gått mellom EU-debattane, sidan spørsmålet kom opp første gong på 60-talet. Sidan den gong er min generasjon blitt godt vaksne. Verda ser heilt annleis ut. Framleis klarer Noreg seg bra økonomisk, mykje på grunn av EØS. Kanskje er det difor meiningsmålingane viser at dei fleste nordmenn er imot EU-medlemskap. Det er inga kjensle av at vi inn.

Men det er mykje anna enn økonomi som har betyding. Ei mengd nye politiske problemstillingar har dukka opp det siste kvarte hundreåret, og dei største sakene i vår tid er internasjonale. Dei kan ikkje løysast av kvart enkelt land aleine, dei må løysast i samarbeid. Det handlar om alt anna enn agurkar. Det gjeld felt som klima og miljø, flyktningpolitikk, migrasjon, energiflyt, sikkerheitspolitikk, internasjonal kriminalitet, personvernlovgjeving, skattlegging av globale konsern, demokratisk utvikling og kampen mot fattigdom. EU er leiande på fleire av felta, som i klimapolitikken og personvernpolitikken. Unionen er ein maktfaktor som resten av verda lyttar til, men Noreg nøyer seg med å vere støttemedlem gjennom EØS-avtalen.

Annonse