Annonse

Annonse

12:10 - 12. oktober 2017

Romanen som forsvant ut i øydemarka

VINDUET: Romanen som kom inn frå historia, og forsvant ut i øydemarka

Knut Hamsun fotografert i Chicago, 1886. Bilde fra Norsk biografisk leksikon. Forsiden av 23. utgave av Markens grøde, utgitt 2002. Illustratør: Karl Erik Harr. Foto: Gyldendal Norsk Forlag.

Vinduet, Gyldendals tidsskrift for litteratur, har helt siden 1947 vært ett av de viktigste tidsskriftene i Norge. Nåværende redaktør, Preben Jordal, har som ambisjon å gjøre Vinduet så mangfoldig, velskrevet, innfølende, velorientert, grundig og kritisk som mulig. 

Denne artikkelen er hentet fra en av samarbeidspartnerne i Morgenbladets tidsskriftportal. Se mer fra norske tidsskrift i PORTALEN

Då Knut Hamsun sommaren 1916 sat seg ned for å skrive boka som skulle bli Markens grøde, ulma misnøye samla gjennom eit halvt århundre i han. Han tok til å skrive idet nordmenn innsåg at vinsten dei hadde gjort på stormaktenes samanstøyt i Europa, kom til å verte avløyst av sult og naud. Hundre år med samanhengande framskritt kollapsa i verdskrigens orgie av øydelegging. I eit avisinnlegg oppsummerte Hamsun den historiske ståda: «Tiderne har skiftet, det er blevet livsfarligt at leve.» Korleis skulle kaoset forstås? Korleis kunne denne sundrivne verda reparerast?

Medan den yngre generasjonen av modernistar tok for seg det første spørsmålet, kasta Hamsun seg over det andre. I sin ungdom hadde han prøvd å setje ord på det ubegripelige. No meinte han i staden å sitje på forklaringar i rikt monn, og Markens grøde skulle bli talerøyret for dei. Om du har ein bodskap, nytt eit telegrafselskap, vart manusforfattarar i Hollywood minna om. Hamsun gjorde motsatt, og nytta diktinga si til å distribuere det han hadde på hjartet. Misjonsiveren merkast. Handlinga i Markens grøde strevar seg tidvis framover som om ho er iført Isaks jarnbeslåtte stampestøvlar. Uansett kor mykje forfattaren strør om seg med burleske skildringar av smålege, tåpelege nordlendingar, klarar han ikkje å kompensere for fråveret av ein grunnleggande konflikt hos hovudpersonen. Også overmenneske treng veikskaper, skal dei fungere narrativt. Supermann har sin kryptonitt, Batman sitt barndomstraume. Isak slit med ingenting, anna enn dårleg tid til alt han skulle ha gjort. Me skjønar han har tidsnaud, men kjenner det ikkje på kroppen.

Supermann har sin kryptonitt, Batman sitt barndomstraume. Isak slit med ingenting, anna enn dårleg tid til alt han skulle ha gjort.

 

For å forstå romanen sin suksess, lyt me freista å oppleve han slik lesarane på Hamsuns eiga tid gjorde det. Me lyt freista å lese han ut frå deira verdsbilete, erfaringar, fordommar og håp. I så fall vert Markens grøde til noko langt meir spanande enn det den lineære forteljinga om Sellanrå kan by oss. Harme over det han meinte var eit samfunn på gale vegar, motiverte Hamsun til å eksponere ei rekkje av skavankane han meinte den historiske utviklinga hadde resultert i. Han enda opp med å formulere sosiale, kulturelle og politiske bekymringar som uroa svært mange i 1917. Det politiske ambisjonsnivået gjer romanen til eit kringsjå over norsk historie frå midten av 1800-talet og fram til første verdskrigen, ein periode som samlebegrepa «moderniseringsprosess» og «hamskifte» langt på veg har tappa blodet ut av. Ein skal ikkje bla mange sidene i Markens grøde før tanken på teoriane forsvinn, og det fortidige Noreg manifesterer seg som ei levande verd.

Her er besk sarkasme om baksidene ved den liberale reformen av straffelova, sorgsam harselas over tomheita som følgjer i urbaniseringas kjølvatn samt eit skrekkbilete av misjonsivrige overklassefeministar. Den historieinteresserte kan vidare kose seg med hastige referansar til tidstypiske fenomen som oppkomsten av sparebankar, utviklinga av kommunalt sjølvstyre, statleg utbygging av infrastruktur, skjerpefeber, lågkyrkjelege vekkingsrørsler, lukrative sildefiskeri og den grenselause skilnaden på å bere vatn i bøtter laga av tinn framfor av tre, for berre å nemne nokre.

Det romanen vantar av narrativ konfliktline, kompenserer han for med å blåse opp dei sosio-kulturelle og politiske motsetningane som prega Noreg på Hamsun si tid. Maskuline krefter kjempar mot feminine. Gamaldags overtru rivast mot moderne rasjonalitet. Verda består på eine sida av menneske som er handlekraftige og tause, og på andre sida av slike som berre fer med prat. Til dei siste høyrer kvinner av begge kjønn, slike som kan bable seg veg ut av kvar ein krangel, som kan bedøve sine motstandarar med ord, men som ikkje klarer skape det grann for eiga makt. Ein får håpe Hamsun periodevis var i det sjølvironiske hjørnet under skriveprosessen, noko vel portrettet av den snakkesalige og forfattaraktige Geissler tyder på. På side etter side rakka diktaren ned på ordgytarane, i ein roman som inneheldt fleire ord enn nokon annan han hadde skrive.

 

Imponerande salstal levnar ingen tvil om at Markens grøde verka slik forfattaren vona. I løpet av den første månaden forsvann 18 000 eksemplar frå bokhandlane. Folk lytta verkeleg til bodskapen hans. Men framfor alt fortapte dei seg nok i det narrative universet han mana fram. I 1917 hadde dette ei ganske anna kraft enn det har i dag. Folk las annleis for hundre år sidan. Ikkje minst representerte noveller, romanar og tidsskrift eit kvardagsleg underhaldningstilbod me i dag vanskeleg kan skjøne betydninga av. Dei færraste hadde råd til grammofonspelarar eller lysbildeapparat. Skulle dei slappe av heime hos seg sjølve, var prent det einaste mediet dei hadde tilgang på. Teikna ein abonnement på ei avis, kunne ein verte premiert med fem romanar. Bøker ga opplysing og avkopling på same tid. Ein forfattar som Knut Hamsun var like mykje Spielberg som Nietzsche. Og folk las med glupsk appetitt, noko dei hadde gjort sidan den verdslege massekulturen slo gjennom på 1880-talet. Romanens Barbro uttrykker ei tidstypisk haldning når ho åtvarar Aksel mot å seie opp Bergens-bladet hennar: «Det vet jeg visst at hadde jeg ikke avisen å læse i så fór jeg min vei straks.»

Bøker ga opplysing og avkopling på same tid. Ein forfattar som Knut Hamsun var like mykje Spielberg som Nietzsche.

Like fullt kan me vel gå ut frå at den jamne lesar ikkje var så altfor van med uortodokse stilistiske grep i 1917. Nordmenn hadde lese romanar og noveller i berre om lag førti år, og det meste av dette var skrive innanfor klart definerte tekstlege kategoriar. Hamsuns litterære sjangerleik, der han blanda element frå bibelske krøniker, norrøne sagaer og amerikanske frontier-romanar, må ha verka radikalt nyskapande på mange, og gitt dei eit sug i magen. Bibelen var grunnlaget for all litteratur, Snorre var i vinden, og forteljingar om nybyggjarar i Det ville vesten og kvite menns møte med aude natur hadde lenge fengt det lesande publikum. Isak smaka av ein norsk Robinson Crusoe, sjølv om han hadde Inger ved si side, og sjølv om han vanta dei tøffe geværa som den stranda sjømannen plasserte att med skyteskåra i palisaden sin. Medan menn elles i verda låg i skyttergraver for å massakrere kvarandre, lot Hamsun norsk manndom manifestere seg gjennom praktisk arbeid. I Markens grøde er vald noko berre kvinnfolk driv med, på kvinnfolks vis, som når Inger er tett ved å tyne Oline med ei treause. Det vesle samanstøytet syner Hamsun sin vilje til å underhalde lesarane sine. Kløktig krydra han det som eigentleg var politisk agitasjon med den mest pikante tematikken som kunne tenkast i 1917. Her er kvinner som viljug legg seg på rygg i solvarm mose. Her er fule lappar. Framfor alt er her to tilfelle der mødre drep sine nyfødte born.

 

Eit meir sjokkerande lovbrot var knapt til å førestille seg, og barnedrap skapte jamt og trutt dirrande avisoverskrifter. Men simpel sensasjon var ikkje Hamsuns greie. I staden nytta han dei forferdelege brotsverka til eit åtak på det han meinte var eit moralsk samanbrot i samtida. I same slengen røpte han ein god del om sin eigen plass i tida. Hamsun vart fødd i 1859, på tampen av liberalismens første boomperiode i Noreg. Adam Smiths evangelium om menneskeleg og økonomisk fridom gjennomsyra politikken. Opphevinga av den britiske sjøfartslova hadde opna for at også norske skip kunne frakte imperiets varer til London, og lagt grunnlaget for eit formidabelt oppsving i norsk økonomi. Samstundes som styresmaktene slapp fri det dei makta av lovar og reglar, tviheldt den såkalla allmugen på bastante konservative haldninger. Om progressive juristar byrja tenkje at ein burde forbetre forbrytarar i staden for berre å straffe dei, hadde vanlege folk enno eit kompromisslaust syn på slike ting. I deira auge rådde ikkje mennesket åleine over skuld og straff. Åndelege makter spela òg ei viktig rolle, og desse hadde slett ikkje skrota prinsippet om hemn. Få skikkelsar var meir fryktinngytande enn nyfødde born som vart tekne av dage av sine eigne mødre. Dei eksisterte vidare i skuggelandet mellom liv og daud som kvilelause og farlege sjeler.

I staden nytta han dei forferdelege brotsverka til eit åtak på det han meinte var eit moralsk samanbrot i samtida.

I den nye tid fanst ingen plass for førestillingane om slike utburdar. Gjennombrotet for den liberale jussen i Noreg kom i 1902, då Stortinget vedtok professor Bernhard Getz sitt forslag til ei reformert straffelov. Hamsun meinte at den nye lova gjorde ende på den folkelege vyrdnaden for bandet mellom mor og born, noko han brukar mykje plass på å uttrykke i Markens grøde. Først må Inger møte for sorenskriveren, ei scene som finn stad ein gong mellom 1885 og 1901, medan straffelova av 1842 framleis gjaldt, men etter at Bernhard Getz hadde byrja på reformarbeidet sitt. I samsvar med gjeldande lov skulle Inger bli dømt til døden, slår Hamsun fast – heilt feilaktig, ettersom første gongs barnedrap berre hadde 12 års straffarbeid som øvre strafferamme – før han ironiserer over juristane sitt naive mål om å humanisere lovverket. Slik fjernar dei menneska frå det grunnleggande prinsippet om skuld. Deretter vert Barbro stilt for retten etter at professor Getz har fått gjennomslag for sine reformer. Det passar den nonsjalante kvinna utmerkt. «Nei loven han er ikke så umenneskelig stræng nu som før», forkynner ho triumferande. Når landets lysaste hovud har redusert barns liv til eit spørsmål om praktiske omsyn, kan ein ikkje vente anna enn at ei sjølvoppteken kvinne av folket tolkar utviklinga til eigen vinning. Ho er likevel ikkje den mest narraktige figuren i lagmannsretten. Hamsun gir taletid til statsadvokat, forsvarar, dommar og den feministiske lensmannsfru Heyerdahl, og let dei avsløre seg sjølve som liberale ekstremistar. I sin iver etter å gjere det gode, omfamner dei den mest monstrøse av alle handlingar. «Sålænge samfundet er som det nu er bør en ugift mor være straffri for endog å dræpe sit barn», krev lensmannsfrua, og møter berre svak murring frå dommaren si side. Ikkje mindre enn to gongar vert lesaren minna om at opptrinnet er å forstå som ei «komedie».

Heilt rettlinja er likevel ikkje Hamsuns haldning til barnedrapa. Han fordømer den eigennyttige Barbro, medan han går langt i å forstå Inger sitt umoglege val. Også her lenar han seg på folkelege haldningar. Den sosiale belastinga som følgde av å verte fødd med hareskår, kjem tydeleg fram av Olines utbrot mot Inger: «Vorherre har skåret et kors i ansigtet dit!» Den infame kvinna snakkar på vegne av utallige generasjonar av nordmenn. For å forklare det som avveik frå den kvardagslege normalen, greip ein gjerne til overnaturleg logikk. Slik fall brikkane kjapt på plass. Sjukdom og vanskaping kunne påkalle miskunn, men også påstandar om ukristeleg livsførsel. Kvifor elles skulle Gud ville straffe ein stakkar?

 

Inger er eit offer for det nordnorske bygdedyret, samstundes som ho gjer sitt for å halde overtrua ved like. Ho er overtydd om at kvardagslege objekt kan bere i seg magiske krefter, som haren i skreppa til Os-Anders. Ved første augekast tenkjer ho ikkje over kva han tyder, men då jentungen hennar kjem ut med hareskår, skjønar ho at haren eigentleg er ei forbanning. Hamsun ser ikkje noko gale i denne einfaldige overtrua. Han erkjenner at det er snakk om meiningslause fordomar, men til forskjell frå rasjonalitetens apostlar ser han okkulte idéar som ein naturleg konsekvens av det å leve tett på ein mektig, valdsam og uutgrunneleg natur. Sjølv stødige Isak vert vippa or jamvekt under sinnsinntrykka som kombinasjonen av mørke og vindens rasling i trekronene manar fram. Ein kveld får han det for seg at djevelen står beint framfor han. Først etter å ha korsa seg og uttalt Jesu namn, slepp han ut frå den transeliknande tilstanden, og dei skulande auga forsvinn i lause lufta.

Isak og Ingers nærkontakt med det metafysiske var langt frå ein kuriositet i det bondesamfunnet Hamsun vaks opp i. Fiskarar og bønder kunne ofte styre si begeistring for kjedelege gudstenester, men tvila aldri på at over- og underjordiske krefter styrte tilværet. Isaks korte møte med den vonde minner oss om at den nedarva overtrua må ha henta godt med næring frå kognitive vrangførestillingar. Hallusinasjonar kan ikkje ha vore ukjende hos folk som stadig vandra gjennom skog og hei, medan sola var på veg ned og skuggane vart djupare, og dei var trøytte og svoltne etter å ha leita etter bortkomne dyr eller arbeidt med øks og sag, og hjerna jobba på høygir for å gi meining til alt det uvisse dei skimta kring seg.

Overtrua knyttar dei til det kosmiske tidsspennet Hamsun dreg opp i romanen.

Samstundes er overtrua til Isak og Inger noko meir enn ein del av livet på Sellanrå; ho er mest eit adelsmerke for husbondsfolket, noko som demonstrerer deira nære kontakt med naturen. Isak og Inger er overtruiske på den rette måten, det vil seie slik forfedrane deira var det hundrevis av år tidlegare. Overtrua knyttar dei til det kosmiske tidsspennet Hamsun dreg opp i romanen. Isaks skikkelse tilhøyrer æva. Han er like mykje fortid som framtid. Då lyt haldningane og tankane hans spegle historia han ber i seg. I eit slikt perspektiv vert tru og overtru to sider av same sak. Begge handlar om å underkaste seg noko stort og uendeleg, og Hamsun levnar ingen tvil om kva for moralsk lærdom han vil lesarane skal sitje att med: «Og det sandes igjen at gudsfrygt med nøisomhet er en stor vinding.» Glede var ikkje det same som moro.

Dermed er det likevel ikkje sagt at han godkjente alle typar av folkeleg religiøsitet. Ingers sjølvutslettande, asketiske gudstru fekk passere. Passande nok held ho trua ved like med å lese i andaktsboka fengselsdirektøren gir henne, nett slik alminnelege menneske gjorde på 1800-talet. Den som freista hente informasjon direkte frå Bibelen, risikerte å verte skulda for politisk og intellektuelt overmot. Rake motsetninga finn me i den ustadige og overfladiske Barbro, kvinna som spring mellom alt som gir snøgg tilfredsstilling. På tampen av 1800-talet fekk vanlege folk langt meir å velje i av slikt enn dei hadde hatt før. Under eit opphald i Bergen oppdagar Barbro gleda ved å lese. Før dette har ho vorte riven med av den mest spektakulære hendinga eit norsk bygdesamfunn kunne oppleve – ei lågkyrkjeleg vekking. Frå oppveksten kjente Hamsun til krafta frå slike massesuggesjonar, og utvikla tidleg antipati mot det han oppfatta som ein hysterisk og hyklersk variant av kristentrua. Vekkingane fylte individualistar som Hamsun med avsmak, men tektest breie lag av folket. Sensasjonssøkjaren Barbro nøyer seg heller ikkje med den første vekkinga. Ho sleng seg like godt på ei av dei anglo-amerikanske trendene som kom til Noreg i tiåra kring århundreskiftet, og melder seg inn i Frelsesarméen. Der får ho gitar og raude striper på armane. Ei kvinne av hennar kaliber i slik ein revolusjonær mundur – ein kjenner straks på seg at dette umogleg kan ende godt.

Møtet hennar med det lettvinte og korrumperande storbylivet syner retteleg at ei landsens kvinne som Barbro har lite att for sin flørt med religiøs fanatisme. Allereie på veg til Bergen gjer ho seg til morderske, utan at det trøblar til samvitet hennar. I byen lærer ho å øydsle med pengar, sutre over kroppslege plager, sove med mjuk hovudpute, forutan å glede seg over seksualitetens mørke leik, for å seie det med Hamsuns ord. Urbanisering og nyreligiøsitet vert to sider av same sak, slik Hamsun presenterer dei. Begge er ubestandige fenomen, til forskjell frå Isak sin 900 år lange eksistens.

 

Også Inger endar opp i storbyen, men til forskjell frå Barbro reiser ho ikkje av eigen vilje. Ho reiser for å sone dommen på åtte år med straffarbeid ved eit fengsel i Trondheim. Ikkje desto mindre vert Inger med omforma av byen, så mykje at Isak ikkje kjenner ho att då han hentar ho etter fleire års fråvær. Fengselsopphaldet har ironisk nok skapt den grove Inger om til ei kultivert, vakker dame. Hareskåret er operert bort. Ho har lært å sy kjoler. Ho tek til å setje blomar i vindaugspostane på Sellanrå. Kort sagt, Inger har vorte sivilisert. Slik skulle byen fungere, ut frå tankegangen til velutdanna menneske. Bygda var natur, medan byen var kultur. Hamsun nektar ikkje for dette. Han får berre ikkje auge på noko av verdi i bykulturen. Sjølv Isak vert fysisk merka av å nærme seg Trondheim, om enn på indirekte vis, då han køyrer for å hente Inger. På vegen stussar han jarnskjegget for å ta seg betre ut. Straks kjenner han seg annleis. Yngre liksom, slankare. Nærleiken til det urbane gjer at han gir etter for jåleri, og tapar tyngde.

Fengselsopphaldet har ironisk nok skapt den grove Inger om til ei kultivert, vakker dame.

Absolutt alt ved bylivet er gale, om ein følger Hamsuns argumentasjon. Paradoksalt nok, får ein seie, ettersom han forlot garden Skogheim og slo seg ned i Larvik for å få fart på arbeidet med Markens grøde. Hadde han levd i den litterære røyndomen han skapte der, kunne han aldri ha tatt eit slikt val. Bylivet han dikta opp gjorde folk samvitslause, overfladiske og duglause. Til overmål let han byopphalda til Barbro og Inger finne stad i skuggen av kriminalitet. Men ingen av dei vert øydelagte av bylivet. Begge rehabiliterer seg til grepa kvinnfolk, sjølv om vegen fram dit er lang og kronglete. Det er Hamsuns forakt for det feminine som reddar dei. Som kvinner saknar dei ganske enkelt det intellektuelle djupet som trengs for å gå til grunne. Straks dei møter tilværets krav, prioriterer dei sine elementære behov for tryggleik og graviterer mot ein sterk mann.

 

Då er det annleis med mannfolk. Eleseus den førstefødte ber på arven etter Isak, men utan å ha evne til å forvalte han på skikkeleg vis. Også han kjenner dragninga bort frå det strevsame, monotone gardslivet og inn til byens kosmos av kaféar og butikkar. Der går han gjennom ei evolusjonær forvandling med time-lapse-aktig snøggleik. I møte med det anonyme bylivet gjer Eleseus det same som millionar av migrantar frå landsbygda gjorde i vestlege samfunn kring århundreskiftet; han skapar seg ein ny identitet som gjer han attkjennande i folkemengda. Men Hamsun har ingen sympati med dette grunnleggande behovet. I hans auge er spaserstokk og namneskilt utålelege feminine rekvisittar, og han let Eleseus skjøne dette. I motsetning til Barbro og Inger er Eleseus tilstrekkeleg reflektert til å kjenne skamkjensle over sitt svik mot det reine livet i marka. Han greier berre ikkje stagge impulsen til å gi seg det lettbeinte og overfladiske i vald, og endar opp med å meistre ingenting av betydning. Han vert til ein «rar mand i marken» med tynne fingrar, utan skjeggvekst. I eit brutalt avsnitt teppebombar Hamsun stakkaren med dei verste skjellsorda han kan tenkje seg. Eleseus er «lidenskapsløs», «borttufset», «litt svak». Han har jamvel ikkje ei retteleg seksualdrift, ulikt den steinharde Isak. Utan kåtskap mistar Eleseus bandet til naturen. Han gir opp å skape noko av seg sjølv, og forsvinn til Amerika.

Verda gjekk framover, men var ikkje framskrittet i ferd med å kjøve menns eigenart?

Gjennom Eleseus artikulerte Hamsun ein otte som plaga svært mange i vestlege samfunn i tiåra kring århundreskiftet. Verda gjekk framover, men var ikkje framskrittet i ferd med å kjøve menns eigenart? Stadig fleire av dei bytte ut kjeledressen med ein kvitsnippa kontoruniform. I tronge byleilegheiter gløymde dei gleda ved eit liv i skog og mark. Tusenvis av år med oppsamla maskulinitet tok til å forvitre, ikkje minst i form av sviktande kåtskap, noko som ein meinte avteikna seg i dalande fødselstal. Skrekkeksemplet fann ein i Frankrike, der velsituerte borgarar allereide før århundreskiftet nøgde seg med eit eller to born. Bekymringane fantest i rikt monn også i Noreg, der ein i tillegg merkte følgene av fleire tiår med massiv utvandring. Medan Hamsun rakka ned på utvandrarane, kretsa den demografiske debatten kring motsatt problemstilling. Var det ikkje dei mest evnerike som drog sin veg, slik at det hopa seg opp med undermålarar her heime? Summen av bekymringar munna ut i ubehagelege spørsmål: Var det norske folk i ferd med å degenererast? Heldt det på å døy ut?

Denne frykta for kva samfunnsutviklinga kunne medføre av utilsikta veikskap, ga seg utslag i ein hemningslaus machokultur i vestlege land. Oppdagaren vart det store idealet for gutar, anten han hogg seg veg gjennom regnskog i Sentral-Afrika, eller pløyde over Grønlandsisen på treski. I USA og Storbritannia irriterte fleire prestar seg over den mjuke framtoninga Kristus-figuren hadde fått, og lanserte rørsla med den absurde nemninga «Muscular Christianity», for på ny å gjere kyrkja attraktiv for mannfolk. Her heime sendte kongehuset ut eit portrettbilete av kong Haakon der han stirra framfor seg med så nådelaust blikk at fleire vart sjokka. Gutar meldte seg inn i speidaren for å kunne leike at dei var soldatar.

 

Markens grøde passa perfekt inn i denne bølga av maskulinitet. Romanens grovkorna framstilling av kvinner synte at ingen andre enn mandige menn var i stand til å ta hand om framtida. Den falske Oline provoserer Hamsun i slik grad at metaforane ballar seg til for han. I eigne augneblinken er ho ein makk, i den neste ein sjakal. Ho har hovudet «fullt av politikk». Barbro er avgrensa av si ynkelege «negerhjærne». Ve det samfunnet som gjev slike menneske makt. Men nett det skjedde her i landet då Stortinget i 1913 vedtok å gi kvinner røysterett. Situasjonen kan ikkje ha vore enkel å akseptere for den godt vaksne Hamsun. Utviklinga gjekk i feil retning kor enn han kasta blikket. Folk flytta i hopetal til byane, noko som leidde til feminisering av mannfolka som følgde med straumen. Snu om! formana han. Søk ut i Noregs frontier-landskap! Der kunne menn vente seg eksistensiell balanse, familiær harmoni og vyrdnad frå omgivnadane.

Denne frykta for kva samfunnsutviklinga kunne medføre av utilsikta veikskap, ga seg utslag i ein hemningslaus machokultur i vestlege land.

Han formulerte ei målsetjing som var kjent frå mange viktorianske romanar. På 1800-talet munna britiske forteljingar gjerne ut i ein situasjon der familien vart gjenoppretta som samfunnsberande eining, og der mannen befesta si suverene stilling. Attrå etter stabilitet og respekt definerte tilværet for menn, ikkje berre i Storbritannia, men i heile den vestlege verda. I byrjinga av karriera si hadde Hamsun vore med og innleia det modernistiske åtaket på denne patriarkalske samfunnsordninga, i det minste slik ho vart uttrykt i litteraturen, då han skreiv om romanskikkelsar som korkje hadde fedrar eller fortid. Med Markens grøde tverrvende han attende til 1800-talets modell, og skildra ein farsfigur som dominerte alt kring seg med bibelsk tyngde. Slik gjekk han motsatt veg av til dømes James Joyce, som også nytta åra under første verdskrigen til å skrive eit storverk. Medan hovudpersonen i Ulysses er son av ein fråfallen, ærelaus jøde, er Isak på Sellanrå ein naturalisert medlem av Abrahams ætt, hovding i eit landskap kalla Eden, der menneska ber namn som Aron, Rebekka og Eleseus. Men der Bibelens Isak fostrar opp søner som i narrativ forstand er like vektige som han sjølv, regjerar den nordlandske Isak eineveldig i si forteljing. Den eine sonen hans er veik, den andre er ei identitetslaus Mini Me-utgåve av han sjølv. Vurdert ut frå kulturelle kriterium anno 1917, styrka dette posisjonen hans som alfahann. I Markens grøde finst berre fedrar. Isak har full kontroll med alt. Han er ein «rik og agtet mand». Meir respektabel kan ingen verte.

 

Andre sider ved Hamsuns oppfatningar om sosiale og kulturelle høve skilde seg derimot radikalt frå viktorianske ideal, framfor alt hans syn på seksualitet. Han vaks opp i ei tid då borgarskap i alle land utvikla eit sjukeleg nevrotisk syn på den kroppslege relasjonen mellom menn og kvinner. Bordbein vart dekte til av fotside dukar, så dei ikkje skulle minne unge damer om menns fysiske framtoning. Kvinna skulle halde seg til ektemannen, vere fri for lyst, men samtidig stå budd til å imøtekome behova hans. Lite verka meir skandaliserande i dette maskuline samfunnet enn ei lausaktig kone. Som patriark ligg Isak tett opp til førebiletet britiske, tyske og franske menn strakk seg etter. Han er gud i sitt eige univers, ein «skapningens herre», med ei kone som underkastar seg han både intellektuelt og lekamleg. Likevel let Hamsun Inger nyta sexen med den virile Gustaf, utan at Isak eingong registrerar det. Diktaren let borgarlege sperrer vike for ein primitivistisk aksept av seksuell fridom. I villmarka stemde ein kroppens strengar til naturens tonar, ikkje til sosiale konvensjonar om maskulint eigarskap av kvinnekroppen.

Mange tenkte slik kring århundreskiftet. Til dømes finn ein tilsvarande tankar hos enkelte norske kolonistar som vendte heim frå Sentral-Afrika, proppfulle av vyrdnad for dei reine naturmenneska dei hadde møtt der. I Fredrik Parelius sine Kongo-forteljingar kunne sjølv kannibalar framstå som imponerande typar, grunna deira frie og naturlege liv som sto i slik kontrast til den sivilisatoriske tvangstrøya vestlege menneske vart tvungne inn i.

Hamsun ville ha nordmenn vekk frå byane og ut i øydemarka for å rydda jord.

Ei samanlikning mellom Isak og ein afrikansk «barbar» hadde vel fått Hamsun med sine rasistiske førestillingar til å reisa bust. Til liks med det store fleirtalet av vestlege menn kunne han ikkje tenkje seg eit verre skjellsord enn «neger». Han ville ha primitivisme, men for nordmenn og på norske vilkår. Då trengte han ikkje leite i framande verdsdelar etter inspirasjon. Han kunne berre minnast det bondesamfunnet han sjølv hadde vakse opp i, og der finne verkelege modellar for Isaks flegmatiske reaksjon på Inger sin utruskap. I ei tid då ekteskapet framfor alt var ein økonomisk allianse, levde folk gjerne ut si kjønnslege glede i uformelle former, noko som òg var tilfelle der Hamsun vaks opp. På midten av 1800-talet rekna Eilert Sundt seg fram til at andelen born fødd utanfor ekteskap i Salten prosti, sett i høve til antall vigslar, låg på 32 prosent. Sedløysa var rett nok langt frå så ille som i dei mest usømelege distrikta i Noreg, som til dømes Nordmøre eller Østerdalen, men ho låg skyhøgt over nivået i dei puritanske paradisa på Sørlandet og Vestlandet.

 

Hamsun ville ha nordmenn vekk frå byane og ut i øydemarka for å rydda jord. At samar og andre han framstilte som undermåls menneske ikkje kunne vere del av denne sosiale revolusjonen, er sjølvsagt innanfor rammene av hans logikk. Dei rasistiske overtonane peikar samstundes mot eit paradoks ved det politiske prosjektet hans. Krava han stilte til pionerane som skulle kolonisere Nordland, var så høge at det store fleirtalet av norske menn og kvinner også ville ha kome til kort, hadde dei fulgt Hamsuns oppfordring. Bak den forlokkande forteljinga om Isaks sjøvbygga grevskap, skjuler det seg ei demografisk sjølvmordsbombe. Overmenneska i romanen kan bli talde på ei hand, medan det store fleirtalet av figurar er ei sørgjeleg samling av overfladiske materialistar. Visjonen om ein nasjonal dugnad verkar lite realistisk med slikt menneskemateriale for handa.

I sin iver etter å frelse det norske folk frå moderniseringas avgrunn, synte meisterforfattaren seg som ein håplaust naiv analytikar av dei sosiale og økonomiske sidene ved det samfunnet han levde i. Kan hende meinte han sjølv at han skildra ting slik dei faktisk var, men fleire av påstandane hans er så usannsynlege at dei lyt kategoriserast som sosiologiske vrangførestillingar. Kvinnefengselet som Inger fer til i Trondheim, teiknar han som eit behageleg skuleinternat, bemanna med velmeinande pedagogar. Som om nokon med vitet i behald hadde ønskt seg inn der. Dåtidas overfylte straffeinstitusjonar var marerittaktige, nitriste og fulle av menneskeleg fornedring. Eit verkeleg fengselsopphald hadde neppe forvandla Inger til ei rose, men heller gjort ho til ein kaktus, om det ikkje hadde knekt ho fullstendig. Gammen som Isak først reiser i marka er eit anna døme. Umiddelbart vert han sentrum i eit tilsynelatande reinsleg mønsterbruk. Ikkje med eitt ord tek Hamsun for seg kor avfall og kloakk endar opp. Ei vanleg løysing for ein tidleg nybyggjar ville ha vore å grave eit par sorpeholer utanfor husveggane, og kasta alt det ufjelge der. Stanken hadde lege tungt over tilværet til Isak. Hamsun nemner heller ikkje kor ureinslege folk på den norske landsbygda var. Skabb, lus og andre parasittar kravla rundt på dei dagstøtt, særleg om natta då dei ville sove, men ikkje fekk blund på auga fordi kroppen klødde som besatt. Me kan runde av med forfattarens innbitte tru på at gamaldags bytehandel kunne hjelpe nordmenn inn i framtida. Kroner og øre fordervar menneske, hevda Hamsun, heilt blind for kor naudsynt ein velfungerande pengeøkonomi var i eit stadig meir komplekst samfunn. Ein kan berre prise seg lukkeleg over at han ikkje fekk viljen sin.

            I essayet «On Bullshit» trekk filosofen Harry G. Frankfurt fram ei strofe av diktet «The Builders», skriven av Henry Wadsworth Longfellow:

 

In the elder days of Art,
Builders wrought with greatest care
Each minute and unseen part;
For the Gods are everywhere.

 

I Frankfurts auge representerer strofa ei motsetning til bullshit som etisk fenomen. Sjølv om ingen vil merke om dei juksar lite grann, lèt arbeidarane det vere. Samvitet forbyr dei å velje enkle løysingar. Hamsun ville ha nikka anerkjennande til haldninga som Longfellow uttrykker. Også Isak var ein byggjar. Også Isak gjorde seg flid med kvar minste detalj, sjølv om ingen såg kva han gjorde. Åleine i øydemarka kunne han ha juksa så mykje han ville. Han lot vere, ikkje berre av respekt for Gud som såg alt, men fordi han var sin eigen gud og dommar. Då dreiv ein ikkje med bullshit. Denne karslege haldninga gjekk heim hos folk som levde i ei tid då verda endra seg vekk frå det stabile bygdesamfunnet dei kjende frå før. Det ekte og permanente vart avløyst av noko mange oppfatta som uekte og flytande. Behovet for å halde fast på den fortidige tryggleiken lokka det lesande publikum til å lukke auga for Hamsuns illusoriske påstandar. I sin iver etter å eksponere dei tomme orda han meinte førte utviklinga galt av stad, produserte han sjølv meiningsløyse så blekket spruta.

 

Det kollektive sjølvbedraget som lå til grunn for at Markens grøde blei ein suksess, skuldast ikkje berre at mange delte forfattaren sitt politiske verdsbilete. Det skuldast også at romanen kom ut då nordmenn verkeleg trengte å høyre at dei kunne skape seg eit jordisk paradis, fjernt frå storpolitikkens skremsel og rasjoneringspolitikkens nådelause innstrammingskrav. Tyskarane sin ubåtkrig søkkte norske skip i hopetal. Matmangel gjorde at folk kjende svolten gnage i tarmane. Frykta vaks for at Noreg skulle miste sin nøytralitet, og bli dregen inn i krigen. Det trygge, stabile 1800-talet gjekk opp i røyk, og ein livsfarleg æra tok til, slik Hamsun sa. Med romanen sin fortalde han at omgrepet sjølvberging kunne forstås på meir enn ein måte.

Med romanen sin fortalde han at omgrepet sjølvberging kunne forstås på meir enn ein måte.

Rundt omkring i norske heimar finst utallige fotografi av oldefedre og tipp-oldefedre som kunne ha vorte casta i rolla som Isak. Dei sit der oppstilt for æva, med fysiske framtoningar som synes hogd ut av stein, med kjempenevar og roser etsa inn i kinna av vær og vind. Dei ber jarnskjegg som strittar med forrykande villskap. I løpet av hundre år har denne mandige malmen vorte omforma til blyantfingra gutemenn som morgon og ettermiddag halsar av garde på karbonlette syklar for å hente ungar i barnehagen, med føter som svirrar som kolibrivenger over pedalane. Me kan berre gyse ved tanken på kva Hamsun ville ha sagt, hadde han sett oss i aksjon. Hadde han teke seg tid til å tenkje etter, kan det likevel hende at han hadde vorte mildare stemt. Trass alt konfronterer dagens mannfolk formidable utfordringar, slik forfedrane deira gjorde i 1917. Men til forskjell frå det Hamsun trudde, har dei ingen stader å gøyme seg.

Annonse

Mer fra Portalen

ARGUMENT: Mange har nok en vag forestilling om Hippokrates som «legekunstens far».

SYN OG SEGN: Den lutherske kyrkja er meir moderne, men òg forflata i jaget etter relevans.

VINDUET: Å forstå Markens grøde.

TDNF: Når møtet mellom lege og pasient skjærer seg.

SAMTIDEN: Nerdrum ble dømt for skattejuks fordi kunsten hans ble sett på som juks.