Annonse

Annonse

08:46 - 27. juni 2017

Gamle visjonar om igjen

PROSA: Norsk politikk treng ei venstreradikal tankesmie. Men Manifest må bli tydelegare, meir radikale og få ein meir stabil leiarskap om dei skal overleve konkurransen frå Agenda.

Skjermdump fra Manifest Tidsskrift.

Prosa

Prosa er et uavhengig, allmennkulturelt tidsskrift som redigeres etter redaktørplakaten. Utgiver er Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF), og et abonnement på Prosa er inkludert i medlemsavgiften. Prosas abonnenter utover NFFs medlemmer, er bibliotek, studenter, mediefolk og andre litteraturinteresserte.

Manifest tankesmie er ei av litlesøstrene blant norske tankesmier. Ho kom til verda i 2009 på initiativ frå forløparen Stiftelsen Manifest, som igjen vart oppretta av Sosialistisk Ungdom, Rød Ungdom og Rød Front i 2003. Namnet Manifest er altså direkte knytt til sosialismens «bibel», Det kommunistiske manifest av Karl Marx. I praksis vart tankesmia til gjennom at Forlaget Manifest, som Stiftelsen Manifest alt i 2007 hadde etabler i samarbeid med Oktober forlag, vart supplert med Manifest Analyse. I dag er også Tidsskriftet Manifest del av verksemda.

 

MANIFESTVENNER

Normalt har tankesmia seks eller sju tilsette, men akkurat no er det berre tre i arbeid på grunn av utskiftingar og permisjonar. Organisasjonen er i hovudsak finansiert gjennom årsabonnement til fagforeiningar, der det store fleirtalet betalar mellom 30 000 og 1500 i året. Andre inntekter kjem frå prosjektstøtte, frå sal av publikasjonar og frå «Manifestvenner»: privatpersonar som betalar mindre, månadlege summar.

Ser ein på samansetjinga av styret og det fagpolitiske rådet, vert det også tydeleg at Manifest, trass påstanden om å vere «hele venstresidens tankesmie», ikkje har den same støtta frå tungvektarar i norsk politikk og kjende akademikarar som sentrum-venstre-tankesmia Agenda, som sidan 2014 har gitt Manifest konkurranse på heimebane. At Arbeidarpartiet og sentralstyret i LO heller ville satse pengar på ei ny tankesmie nærmare sentrum av norsk politikk enn å vidareutvikle Manifest, seier mykje om utviklinga på den norske venstresida på 2000-talet — for publikasjonane frå Manifest er ikkje spesielt revolusjonære. Men etableringa av Agenda handlar truleg ikkje berre om politisk usemje, men om strategi for å skape ei breiare plattform for regjeringsmakt.

Når tunge aktørar som Arbeidarpartiet og LO gjennom Agenda orienterer seg mot sentrum, treng norsk politikk endå meir enn før ei tankesmie som kan utfordre politisk mainstream-tenking.

Når tunge aktørar som Arbeidarpartiet og LO gjennom Agenda orienterer seg mot sentrum, treng norsk politikk endå meir enn før ei tankesmie som kan utfordre politisk mainstream-tenking. Er det ei rolle Manifest klarer å fylle?

 

MOTMAKTPRINSIPPET

Då Manifest tankesmie vart etablert i 2009, hadde den liberale tankesmia Civita eksistert i seks år og var godt etablert som politisk premissleverandør og fasilitator for borgarleg samarbeid. Det var ein viktig motivasjon for opprettinga av Manifest tankesmie.

I ein eigenpresentasjon eg har fått tilsendt frå Manifest, står det at «tiltak som Civita bidrar til å etablere et markedsliberalistisk problemformuleringsprivilegium. Dette gir en viss ensretting av det politiske ordskiftet». Interessant nok var opprettinga av Civita i si tid motivert av opplevinga av at offentleg debatt var totalt dominert av venstresida (Halvor Fosli: «Civitas tid har ennå ikke kommet», Prosa nr. 2/2017). Det stemmer at Arbeidarpartiet hadde vore dominerande i regjeringskontora heilt sidan slutten på andre verdskrigen. Men det var Høgre, KrF og Venstre som sat i regjering då Civita vart stifta, og det tyder jo på at høgresida alt hadde fått eit visst gjennomslag i det offentlege ordskiftet.

 

Les også: Civitas tid har ennå ikke kommet

 

Manifest vart på si side danna midt i den åtte år lange perioden då den såkalla raudgrøne koalisjonen av Arbeidarpartiet, SV og SP hadde regjeringsmakta. Ein kan lure på kva mekanismar som ligg bak desse formulerte opplevingane av at meiningsmotstandarane dominerer. Det kan kanskje vere ein kombinasjon av at opposisjonen mobiliserer ein ideologisk motoffensiv når den andre sida er i posisjon, samstundes som media også rettar det kritiske søkjelyset mot regjeringspartia. Men kanskje viser det like mykje at kva ein reknar som «balansert» eller «skeivt», er grunnleggjande farga av ideologiske briller?

Tankesmier

  • Tankesmier er et ganske nytt fenomen i Norge. Hvordan preger disse tankesmiene den politiske dagsordenen, og hvilke bidrag gir de egentlig til den offentlige debatten?
  • I en serie ser Prosa nærmere på hva som kommer ut fra tankesmienes verksteder.

 

IDEALISTISK OPPOSISJON

Denne tendensen til å teikne opp eit verdsbilete som krev ein motoffensiv, viser den polemiske naturen i det politiske ordskiftet, som igjen har skapt mi eiga djupe mistru til påstandar som blir lagde fram i politikken. Dermed kjenner eg meg til ein viss grad igjen i den mistilliten til politikarane som blir sagd å liggje under framgangen for populistiske rørsler både til høgre og til venstre:

Eg finn det umogeleg utan vidare å stole på informasjon og resonnement som stammar frå Civita, sidan eg oppfattar den marknadsliberalismen dei frontar, som grunnleggjande styrt av særinteressene til dei rikaste. Agenda er eg skeptisk til av to grunnar: den pragmatiske viljen til makt eg ser i tilnærminga til sentrumspartia, og den høge løna til leiaren Marte Gerhardsen. Når ein vil selje seg inn som forkjempar for solidaritet og økonomisk likskap, er det dårleg stil å bruke fagforeiningspengar til å understøtte den elitekulturen som finst blant toppleiarar i både stat og næringsliv.

Manifest, derimot, framstår som så marginale at dei per definisjon representerer ein idealistisk opposisjon mot makta for ein underbetalt frilansskribent som meg. Det er dessutan vanskeleg å sjå føre seg at det å kjempe for at låglønte med fysisk krevjande yrke og låg forventa levealder skal kunne førpensjonere seg utan å bli minstepensjonstar, kan botne i noko anna enn solidaritet og altruisme. Det representerer også ei slags særinteresse, men ei særinteresse som famnar svært mange, om ikkje fleirtalet. Å hevde at det kjem heile samfunnet til gode å heve dei fattigaste, har langt større intellektuelt truverd enn det høgresida i fleire år har argumentert for utan vitskapeleg belegg: Om dei rikaste får skattelette, vil meir pengar «sildre» ned til oss andre etter kvart.

 

KOR FRI ER TANKEN?

Men er det rimeleg å vente at ei tankesmie faktisk tenkjer uavhengig, er det ikkje per definisjon ein organisasjon som jobbar for å røre samfunnsutviklinga i ei bestemt retning?

Ser ein på historikken til ordet «think tank» og på internasjonale organisasjonar som går under denne nemninga, ser ein at mange av organisasjonane vi her til lands kallar uavhengige forskingsinstitutt eller senter, like godt kan bli betrakta som «tenketankar», som PRIO Institutt for fredsforskning, Forskningsstiftelsen Fafo eller Oslosenteret. Men det det har blitt vanleg å kalle tenketank eller tankesmie i Noreg, er dei organisasjonane som meir direkte og uttala jobbar for å flytte den politiske opinionen og politiske vedtak i si ideologiske retning, og som i praksis fungerer som ideologiske støttespelarar for bestemte politisk parti.

Alle tankesmiene legg fram rapportar med fakta og analysar, men når dei likevel endar opp med motstridande politiske konklusjonar, blir det tydeleg at fakta aldri berre er fakta: Det er alltid eit utval av informasjon som er tolka, vurdert og kontekstualisert på ein bestemt måte. Sjølvsagt finst det meir eller mindre rimelege vurderingar av fakta — det vi i dag kallar «alternative fakta», er som regel meir openberre løgner. Det krev langt større intellektuelle ressursar å plukke frå kvarandre dei verdsbileta tankesmiene presenterer. Eit viktig utgangspunkt for å vurdere informasjon frå tankesmiene er difor kunnskap om kva slags samfunnsvisjon dei navigerer mot.

 

MANIFESTVISJONEN

På heimesida til Manifest finn vi denne tannlause og lite informative formålsparagrafen:

Manifest Tankesmie skal sette dagsorden i norsk politikk gjennom et kunnskapsbasert, folkelig opplysningsarbeid. Manifest Tankesmie skal dokumentere samfunnsproblemer, analysere årsaker og lansere løsninger som fremmer deltakelse, demokrati og rettferdighet.

Her må eg spørje omtrent slik Fosli gjorde i omtalen av Civita: Finst det politiske aktørar i Noreg som ikkje vil hevde at dei står for deltaking, demokrati og rettferd? I den tidlegare nemnde eigenpresentasjonen er formuleringa spissa til at Manifest vil «gjenreise demokrati og rettferdighet som sentrale utgangspunkt for det politiske ordskiftet». Å hevde indirekte at demokrati og rettferd «ligg nede» i Noreg i dag, verkar tendensiøst, uansett kor usamd ein måtte vere i politikken til den noverande regjeringa.

Manifest definerer altså i liten grad kva dei jobbar for, utover å utfordre den marknadsliberalismen som Civita står for. Ser ein berre på nettstaden, får ein faktisk ikkje meir informasjon enn at Manifest representerer venstresida og fagorganiserte arbeidarar.

Ein må altså til rapportane, artiklane og bøkene for finne ut meir. Lever dei opp til sitt eige mål om å levere «nye premisser og flere djerve konklusjoner»? (Formuleringa er henta frå det nemnde presentasjonsnotatet.)

Rapportane frå Manifest viser eit konsekvent arbeidarperspektiv, enten det gjeld vurdering av korleis den nye delingsøkonomien artar seg, eller utviklinga for yrkesfag i skulen. Den nye rapporten om kvitsnippkriminalitet får på den måten fram det urimelege i at samfunnet brukar mykje større ressursar på å etterforske trygdesvindel enn på å ta folk i høgtståande stillingar som svindlar samfunnet for meir pengar totalt. Visjonen om rettferd og folkestyre er altså tydeleg, men verken formuleringane eller forslaga til tiltak er slåande radikale.

I rapporten om det politisk sentrale spørsmålet om framtida til velferdsstaten, Fortsatt råd til felles velferd? Framskrivinger og politisk handlingsrom mot 2060 (3/2010), blir nettopp det at dei foreslåtte løysingane ikkje er radikale, brukt som eit sentralt poeng for innsal. Det er illustrerande at ein, som alternativ til scenarioet «Svekket fellesskap» (som i og for seg er polemisk namngitt), lanserer scenarioet «Balansert utvikling». «Balansert utvikling» inneber meir skattelegging framfor kutt i velferd, men legg likevel til grunn ein kraftig auke i privat kjøpekraft. Rett nok verkar ein modell der privat kjøpekraft i 2060 utgjer 170 prosent av 2010-kjøpekrafta, meir fornuftig enn det forarbeida til pensjonsreforma legg til grunn, nemleg at kjøpekrafta skal blir 2,5 gongar høgare. Men sett frå eit grønt perspektiv er kvart scenario som legg til grunn ein auke i privat forbruk ikkje radialt, men reaksjonært. Og sjølv frå eit raudt og reint perspektiv: Burde ikkje den som vil vippe norsk politikk mot venstre, leggje seg lenger ut på den vektstonga som det politiske ordskiftet er — og rope høgare?

 

ARBEID ELLER MILJØ

At Manifest i analysearbeidet krinsar om arbeidsliv og velferd, er naturleg når dei er finansierte av fagforeiningar. Men det gir også ei slagside som gjer framtidsvisjonen like mykje tilbakeskodande som offensiv.

Dei nyutgitte pamflettane Styrk arbeidsmiljøloven, Profittfri velferd og Rettferdig pensjon på 1-2-3 inneheld politisk nyttig informasjon for både vanlege lønstakarar og politikarar. Men visjonen ser ut til å vere å gjenskape det samfunnet vi hadde før privatiseringa, marknadstilpassinga og kutta i velferdsordningane skaut fart. Ja, det hadde vore trygt og godt, men er det realistisk? Tar ein då høgde for at premissane kan sjå grunnleggjande annleis ut i framtida?

Éin ting er det vanskelege spørsmålet om arbeidsmodellen vi har hatt til no, kan vidareførast saman med den digitale og teknologiske utviklinga. Eit anna høgaktuelt minefelt Manifest ikkje har gått inn i, er miljøpolitikk, som jo er spesielt relevant for oljenæringa og dermed for BNP. Blant notata på heimesida fann eg berre eitt som tar opp dette, og då i samband med spørsmålet om bygging av gasskraftleidning til Europa.

Når Tidsskriftet Manifest går inn i miljøspørsmål med artikkelen «Miljøvern for venstresida» (av Jedediah Purdy, Manifest Tidsskrift 23. desember 2016), er fokus på at «den brede, institusjonelle miljøbevegelsen passer som hånd i hanske med nyliberalismen». Det kan hende at påstanden historisk sett har noko for seg, men det er likevel ei ekstremt lite konstruktiv tilnærming — ikkje ulikt den haldninga venstresida generelt har møtt Miljøpartiet Dei Grøne med. Mangelen på miljøfokus hos Manifest viser berøringsangst på eit område som er problematisk for fagrørsla, i og med at klimaspørsmålet radikalt utfordrar det vi er vane med å tenkje om økonomisk vekst og forbruk.

 

GJENNOMFØRINGSKRAFT

Har Manifest lukkast med påverke det offentlege ordskiftet med utgreiings- og opplysingsarbeidet sitt? Basert på kronikkar og artiklar i media om emne dei frontar, har eg i utgangspunktet hatt inntrykk av at dei har fått til meir enn dei små økonomiske musklane og få årsverka (i høve til Civita og Agenda) skulle tilseie. Men ved nærmare ettertanke innser eg at eg truleg har skilt lite mellom kva utspel som stammar frå Manifest, og kva som kjem frå andre miljø på venstresida, som Radikal Portal og Res Publica. I tillegg har nok desse tre hatt større gjennomslag i intellektuell debatt enn i politikken elles. Ser ein på valresultata sidan stiftingsåret 2009, så har SV gått tilbake, medan Raudt først fekk ein svak oppgang i fylkes- og kommunevalet i 2015. Og Arbeidarpartiet verkar heller ikkje påfallande radikalisert.

I mitt hjørne av kulturlivet, altså bokbransjen og kritikken, er inntrykket at det i løpet av desse åra har blitt meir stuereint, og kanskje også det kulaste, å vere Raudt-sympatisør. Men at vi fekk ei Høgre-FrP-regjering i 2013, i ein periode der konsekvensane av fleire år med høgrepolitikk begynte å bli tydelege i nære land som Storbritannia og Sverige, tyder på at verken Manifest eller partia på venstresida nådde ut med kunnskap om kva vi kunne vente oss av ei blåblå regjering.

Likevel: Initiativtakarane frå Raudt, SU og Raud Front var først ute med å ta utfordringa frå Citiva då Stiftelsen Manifest vart etablert same året, og først ute med å introdusere tankesmie-konseptet på venstresida. Både i etableringa og medieprofileringa sidan har Magnus Marsdal vore så sentral at eg vil tru mange med meg nærmast har oppfatta Manifest som synonymt med Marsdal. Han har tidlegare fungert som leiar for tankesmia ein kort periode, men har elles vore utgreiar og forfattar. No er han varsla som ny leiar når han kjem att frå permisjon.

 

MANGE LEIARAR

Det er sannsynleg at hyppige leiarskifte har svekt gjennomslagskrafta til Manifest. Då Cathrine Sandnes nyleg gjekk ut av leiarstillinga, miste Manifest sin femte leiar på åtte år. Til samanlikning har Kristin Clemet vore leiar i Civita i snart elleve år. Den erfaringa og det nettverket Clemet har frå tida som Stortingsrepresentant og statsråd for Høgre, saman med den tyngda ho har som samfunnsdebattant, må ha vore avgjerande for at Civita har fått ein slik posisjon i det politiske landskapet. Ho har også vore aktiv som bloggar og i sosiale medium, og nyleg vart ho tildelt Fritt Ords honnørpris, ei ytterlegare styrking av   renommeet hennar som vil smitte over på Civita. Kor sterkt identifikasjonen mellom person og organisasjon er, ser vi i kor flittig Halvor Fosli siterte Clemet i sin artikkel om tankesmia i førre nummer av Prosa.

Cathrine Sandes har også vore synleg som debattant, men manglar den praktiske politiske erfaringa — og no forsvinn ho altså ut rett før eit særs viktig val. Det er mildt sagt uheldig.

Sidan Marsdal ser ut til å vere ein sentral ideolog og strategisk bakmann i Manifest, kan det ha vore avgjerande kor godt han og dei ulike leiarane har samarbeidd. Akkurat no er jo utsiktene for knirkefritt samarbeid lyse. Skulle han seinare ønskje seg attende i ei meir analytisk rolle, ville det ideelle vere om Manifest fekk ein politisk ringrev som Kristin Halvorsen som leiar — og at ho blei der dei neste ti åra. Då kunne Manifest ha ein viss sjanse mot den pengesterke høgresida og den pengesterke sentrum-venstre-koalisjonen i Agenda. Men det seier seg sjølv at det i utgangspunktet er rå match — ikkje ulikt relasjonen mellom arbeidsgivaren og arbeidstakaren i den deregulerte og globaliserte arbeidsmarknaden.

 

FOLKELEG APPELL?

Manifest legg i presentasjonen av seg sjølv stor vekt på folkeleg opplysingsarbeid. Og publikasjonane deira gir generelt inntrykk av å vere basert på solid journalistikk og forsking. Men skal ein døme etter Årskonferansen Manifest arrangerte 14. mars, er ikkje evna til folkeleg appell like sterk som viljen. Er Manifest for intellektuelle i forma til å nå si eiga målgruppe?

Årskonferansen var eit profesjonelt arrangement som gav nyttige perspektiv på temaet «høgrepopulisme», men spørsmålet om korleis ein kommuniserer, vart spesielt aktualisert av to hendingar.

Lotta Elstad heldt eit inderleg foredrag som no er publisert i Manifest Tidsskrift under tittelen «Om vi slutter å spille med». Hovudpoenget hennar var at venstresida må tore å peike på dei som aktivt jobbar for å samle pengar og makt hos den politiske og økonomiske eliten, og kalle dei fiendar i kampen for rettane til vanlege folk. Kampviljen var der, men forma var alt anna enn folkeleg.

Ho sa mellom anna: «Skal vi klare å skape et mer progressivt — eller varmere — samfunn, må vi finne vår kilde til makt.» Så slo ho fast at arbeidaren «fortsatt er det logiske subjektet å organisere den mestslagkraftige politiske bevegelsen rundt». «Vår kilde til makt»? «Det logiske subjektet»?! Personleg føler eg verken for å vere andres kjelde til makt eller det logiske subjektet å organisere rundt. Det verka meir som eit innspel om taktikk enn ein invitasjon til solidarisk fellesskap. Eg sat gjennom konferansen og venta spent på at ordet «solidaritet» skulle dukke opp. Kanskje vart solidariteten sett som ein sjølvsagd premiss, men det blei ikkje faktisk sagt.

 

KVA MED KJENSLENE?

Ei anna illustrerande hending: Den amerikanske forfattaren og aktivisten Thomas Frank var invitert til å delta i ei panelsamtale lagd opp som eit Fredrik Skavlan-program. Magnus Marsdal sat i midten og intervjua ekspertane. Franks stol var plassert med sida mot salen, slik at han skulle sjå bakover på scena mot Marsdal, men Frank vende seg konsekvent vekk frå Marsdal og ut mot publikum når han snakka. Det la eit skjær av komikk over seansen, men det var også tankevekkjande: Manifest viste den vanlege norske haldninga, der publikum blir oppfatta som passive mottakarar. Frank verka derimot interessert i å få kontakt med oss i salen. Kanskje er det fordi venstreintellektuelle i USA står midt i eit folkeopprør der det er avgjerande å mobilisere og få kontakt med så mange som mogeleg av dei «vanlege» folka som faktisk avgjer val.

Emnet for konferansen var korleis venstresida best kan vinne veljarar tilbake frå dei høgrepopulistiske rørslene. Kanskje bør ein starte med å sjå ein gong til på korleis ein kommuniserer? Faktisk å nå ut er ei mykje større utfordring enn å finne kunnskap og formulere resonnement når så mykje i politikken (og livet elles) handlar om noko anna enn rein rasjonalitet. Kor mange stemmer på eit politisk parti fordi foreldra deira gjorde det, eller fordi veljargruppa i partiet representerer eit sosialt lag dei ønskjer å identifisere seg med? Kor mange politiske val blir avgjorde av diffuse kjensler om samanhengar og kva inntrykk folk får av bestemte politikarar?

Eg trur at den som vil lage ein motbrann mot høgrepopulisme, må kunne møte dei sterke kjenslene som sirkulerer, og at den som vil ha politisk påverknad, må tilby ein sosial fellesskap både internt i det politiske livet og utanfor. Det betyr at tankesmier må innrette seg mot eit rasjonalitetsomgrep som inkluderer kjensler — dei må bli både tanke- og kjenslesmier.

 

RADIKALITET I 2017?

Eit poeng som går igjen i fleire Manifest-rapportar, er at det er forskjell på uunngåeleg samfunnsutvikling og politiske val, og at mykje som blir framstilt som uunngåeleg, eigentleg representerer medvitne val. Men utfordrar Manifest sjølv den mest grunnleggjande ideologien i kapitalismen, nemleg synet på mennesket som forbrukar? For meg representerer miljørørsla den mest radikale utfordringa av det kapitalistiske systemet i vår tid. Om Manifest skal vere radikal, og meir enn ein forsvarar av norske fagorganiserte, må dei inn i det vanskelege spørsmålet om konflikten mellom arbeidslivsinteresser og berekraft i eit vidare perspektiv.

Sjølv om ein skulle vere usamd i kva som er politisk radikalt i 2017, verkar det strategisk naudsynt at Manifest blir meir ytterleggåande enn dei er i dag: Om tankesmia skal klare både å utfordre den massive intellektuelle innsatsen frå marknadsliberalistisk hald og å overleve konkurransen frå Agenda, må dei klare å formidle ein visjon som tydeleg utfordrar dei andre på grunnleggjande verdiar. Til det treng dei ei leiing som har nok politisk tyngde til både å leggje og å gjennomføre ein langsiktig strategi.

 

Merete Røsvik Granlund (43) er litteraturvitar og kritikar.

Annonse

Mer fra Portalen

Dette vil partiene gjøre for kultur for barn og unge.

SYN OG SEGN: Romanaktuelle Thorvald Steen treng fiksjonen for å granske si eiga historie.

ARGUMENT: På 70-tallet ble det hvert år drept flere hundre personer i terrorangrep.

ARGUMENT: I kampen mot narkotika overses ofte to viktige detaljer.

PERISKOP: Maren Ørstavik om moraliserende budskap i kunst for barn.