Annonse

Annonse

10:19 - 06. januar 2017

Steen, stø

SYN OG SEGN: For to år sidan fekk Thorvald Steen vite at han hadde ein onkel med same sjukdom som han sjølv. Kvifor hadde mor hans halde tett om dette? Det treng han skjønnlitteraturen for å granske.

Thorvald Steen er kjent som ein av dei mest internasjonalt engasjerte og involverte forfattarane i landet. Foto: Mimsy Møller / Samfoto/NTB Scanpix

Syn og segn

Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike allmennkulturelle tidsskrifta i dag, stifta i 1894.

Tidsskriftet er eit av få landsdekkande tidsskrift på nynorsk, og har lesestoff over eit breitt register av tema innanfor kultur, politikk og samfunn.

Syn og Segn er eig av Det Norske Samlaget og blir lese av kulturinteresserte over heile landet. Redaksjonen har kontor på Fagernes. 

Thorvald Steen held seg fast i bokhylla. Handa hans er berre centimeter frå ein serie av oppslagsverk i historie. Han tar eit skritt vidare inn i rommet, flyttar handa til Snorre, den nye serien av Edda, eitkvart eg ikkje ser kva er. Han tar eit nytt skritt i retning rullestolen sin. Samtidig og allereie djupt konsentrert om samtale om litteratur: Om han har lese Vigdis Hjorths Arv og miljø? Ja. To gongar. Kvar skal han byrje, i å dele synet sitt på boka og persepsjonen av den? «Tematikken som ho tar opp, forsvinn i alt det andre.» Kva tematikk – det om kven som eig sanninga? Det om kven si sanning som er den sanne? «Nei. Incest», seier Steen, og kontekstualiserer straks det vi snakkar om, og set det i ein historisk-litterær samanheng. Han nemner kvinnelege forfattarar som går dit det brenn, i eigen biografi, og difor kan skrive sant om djupt menneskelege tema: Tove Ditlefsen, Amalie Skram, Karin Moe og så vidare.

Steen tar eit nytt skritt, og nærmar seg arbeidsbordet sitt, der rullestolen står. Når han kjenner at han står støtt, seier han, utan å nøle: «Eg synest det er modig og imponerande gjort av Vigdis. Gudskjelov at det er fiksjonen ho brukar. Den lærer meg å sjå noko frå perspektivet av eit menneske som har vore utsett for dette. Men samtidig handlar det også om dei store temaa, om skam, skuld, soning», seier han.

Som tidlegare hovudverneombod på Gaustad har han sett mange gode menneske gå til grunne. Misbruket og utnyttinga er tema som han har studert på vegen til graden, cand.philol. med idéhistorie hovudfag: Kva får eit menneske til å utnytte eller mishandle eit anna? Som skjønnlitterær forfattar skriv han om det som er viktigast for han sjølv, og drar veksel på eigen biografi. No sist også erfaringa av kroppen sin. Steen tar eit skritt til, og er ved rullestolen. Varsamt set han seg. Det er lett å gløyme at Steen er sjuk, av progressiv muskeldystrofi. Få menneske er så friske og artige i hovudet og så levande i samtale som Steen. Han møter kvart spørsmål nyfikent og ope. Eg seier: «Hadde du spurt meg om hjelp viss du trong det?» «Ja», seier han. «Det må eg.» Viss han gjer ei feil rørsle, kan han bli liggande vaken med smerter heile natta. Om han ramlar, blir det eit rabalder med tilkalling av hjelpemannskap. Å spørje om hjelp er det ansvarleg av han å gjere. Han har hjelpt folk heile livet. Å måtte be om hjelp fordi han sit i rullestol, er både vanskeleg og stundom givande. «Ansvar» og «tillit» er to nøkkelord i biografien om Thorvald Steen.

 

BARNEVOGN

Andre verdskrig. Ei kvinne trillar ein baby i ei barnevogn gjennom Oslo. Under babyen er det post til motstandsrørsla. Kvinna trillar vogna til Geitmyrsveien og Veterinærhøgskulen, leverer post og får ny post. Samtidig ber ho ein løyndom i seg sjølv. Den er ikkje skriven ned og ikkje delt med nokon: Ho har ein bror med muskelsvinnsjukdom (facio scapulo). Sjukdommen svekker musklane. Gradvis, etter kvart lammande. Kvinna ber genet i seg. Ho er ikkje sjølv sjuk, men kan overføre genet til eit barn, om ho får det. Og difor let ho vere å fortelje om sjukdommen og broren. Ikkje eingong til mannen som ho møter og forelskar seg i, han som flyg for Royal Airforce, fortel ho det.

Dei forelskar seg. Ho blir gravid. Ho seier framleis ikkje noko om brorens sjukdom. Ikkje eingong at ho har ein bror, seier ho noko om. Kvinna bryt kontakten med broren, av frykt for at sjukdommen hans skal kunne skremme barnefaren bort. Ho håpar og satsar på at barnet som kjem, blir friskt. Thorvald kallar dei han. Han veks opp til å bli ein stilig gut: god skihoppar, fotballspelar på bylaget og ivrig skiløpar. Han trener hardt. Men utover i tenåra kjenner han at noko ikkje er som det skal. Kroppen blir ikkje sterkare som han håpar og trur. Han tenkjer at det er ein skade, noko som går forbi. Men under ein rutinekontroll legg ein barnelege merke til nokre trekk som uroar han: noko ved kjeven, og ved hofta, skeive trekk som han mistenkjer kan vere muskelsjukdom. Dei tar testar og set diagnosen, muskelsvinnsjukdom. Steen kan ikkje og vil ikkje tru det. Det er jo ein arveleg sjukdom. Han snakkar med mor si om det. Mora seier ikkje noko om broren sin sjukdom. Ikkje eingong at ho har ein bror, seier ho, verken til Thorvald eller ektemannen. Thorvald klamrar seg til håpet om at diagnosen er feil. Når legen nektar han å drive med skihopping, nektar Thorvald å lytte. Han hoppar, og bryt begge oklene. Seinare, i romanen Vekten av snøkrystaller skriv han om hendinga. Men diktar henne om. «Ein diktar biografien sin om for å beskytte dei ein skriv om», kommenterer Steen lakonisk.

Thorvald Steen

  • Fødd i Oslo i 1954, gift med Marianne Vik og far til tre.
  • Vaks opp i Oslo, utdanna seg til målar og vart vald til hovudverneombod på Gaustad sjukehus då han var 21 år.
  • Er cand.philol. med hovudfag i idéhistorie.
  • Debuterte som forfattar i 1983 med diktsamlinga Hemmeligstemplede roser, og har sidan gitt ut diktsamlingar, romanar, historiske romanar, essaysamlingar og sakprosa. Historiske og sjølvbiografiske romanar er no dei to viktigaste årene i forfattarskapen.
  • Er den einaste nolevande norske æresmedlemmen i Den norske Forfatterforening, har vore statsstipendiat sidan 2002, og er nominert og tildelt prisar frå inn- og utland.
  • Er omsett til 26 språk, og er av den grunn og grunna temaa sine blant Noregs mest internasjonale forfattarar.
  • Var styreleiar i Norsk forfattersentrum i 87 og 88, formann i Den norske Forfatterforening 1991–97, og styreleiar i NORLA frå 1997 til 2005.

Det finst kollegaer av Steen som framleis ikkje veit kor sjuk han er. Nesten ingen visste at han var sjuk, før han skreiv om det første gongen i 1995. Sjølv har Steen «alltid» visst at han har ein kronisk, progressiv muskelsjukdom. Men han har ikkje ønskt å bli assosiert med sjukdom, og har langt på veg klart å oppnå nettopp det. Sjølv kjenner eg få som det er så friskt å vere i samtale med som Thorvald Steen. Når det er fortalt, så får eg også prøve å demonstrere det. Så lat oss byrje samtalen med han. Nei, vent. Vi skal gjennom eit par viktige ritual først. Først vil Steen at eg skal ete noko. Har eg ete? Skal eg ikkje ha ei brødskive? Etterpå skal han skrelle ein appelsin. Om eg vil ha? Sjølvsagt. Så har vi te i koppane og sukker i blodet og sit godt, og set på opptakaren.

– Har du hatt ein bra dag så langt?

– Ja! Eg var grytidleg oppe, som alltid. Eg er oppe med jentene mine: Marianne (Vik, ektefellen, red. merkn.) som skal på jobb, og attpåklatten, dotter vår, som skal på skulen tidleg. Eg jobbar heime, aleine, og beveger meg rundt, svært langsamt. Men eg kan framleis luske; tasse omkring i eige hus. Hendene mine er som luffar som held balansen. Naboane er uroa for at eg går her aleine om dagen når jentene er på skulen og Marianne på jobb.

– Kva skjer viss du ramlar?

– Eg blir liggande. Eg kjem meg ikkje opp lenger. Men det er ikkje verre enn at eg har ein mobil eller ein annan måte å tilkalle merksemd på.

– Har det skjedd?

– Eg har, i rein distraksjon, ramla. Då er eg prisgitt dei tinga som set meg i kontakt med andre. Det blir ganske raskt eit eksistensielt spørsmål. Det er utgangspunktet for det som eg skriv på no. Den nye romanen foreinar dei to hovudårene i forfattarskapen min: Dei historiske romanane og det sjølvbiografiske. Eg spør: Kven er eg? Kor kjem eg ifrå? Kven er bestefar min, fetteren min som eg nettopp har oppdaga, og som lever. Eg byrja prosjektet for to–tre år sidan, og møtte med ein gong dei same utfordringane som når eg skriv historiske romanar. Veldig snart opphøyrer fakta. Skal ein då stoppe skrifta når det ikkje er fleire replikkar, fleire brev? Difor skriv eg fiksjon. Det er måten å komme vidare på.

– … og difor seier du «gudskjelov» for at Hjorths forteljing er skjønnlitteratur og ikkje sakprosa, biografi?

– Ja, for dette er eit viktig vekselspel: Å leite i dei fakta ein har tilgjenge på, og så bruke empati og innleving for å fylle inn. Det er viktig at Vigdis har skrive denne boka. Eg kjenner godt ni menneske som har vore utsett for det som hovudpersonen i Arv og miljø fortel om. På Gaustad har fleire pasientar vore utsett for incest. Men få skriv om det. Vigdis’ roman er ikkje berre velskriven. Ho problematiserer og diskuterer forteljarens posisjon, at det er forteljarens utgåve av sanninga som kjem fram. Forteljaren er i mindretal i erfaringa si. Det gjer ikkje forteljinga hennar mindre viktig.

«Dette er eit viktig vekselspel: Å leite i dei fakta ein har tilgjenge på, og så bruke empati og innleving for å fylle inn. Det er viktig at Vigdis har skrive denne boka.»

– Er det demokraten i deg som synest det er viktig at denne, minoritetens forteljing, kjem fram?

– Det kan ein seie. Men det er også viktig at dette er skrive som ein persons erfaring fordi det gir den individuelle erfaringa. Sakprosa eller statistikk kjem berre langt. Det er viktig. Men sakprosaen byggjer på generalisering om dei einskilde individa. Dei to sjangrane står ikkje i motstrid til kvarandre.

– Kva tenkjer du om ordskiftet omkring «røyndomslitteraturen»?

– Eg tenkjer på både Vigdis og Geir (Gulliksen, red. merkn.), som begge to er særs opptatt av etikk. Dei jobbar aktivt for å få kunnskap om og diskutere problema som dei tar opp i bøkene sine. Eg meiner at romanforma er den riktige når det gjeld å formidle stoffet. Begge to har anonymisert personane.

– Kvifor er det likevel så mykje bråk om dette?

– Nokre kollegaer meiner altså at det må bli slutt på den sjølvbiografiske litteraturen. Men sjølvbiografisk litteratur sporar attende til Dante, og det blir heller ingen slutt på han. Det eg kan ta inn i diskusjonen som er nytt eller interessant, kan vere eit perspektiv som byrjar med modernismen og kroppen, som blir tatt inn i litteraturen. Baudelaire og Rimbaud gjer det i lyrikken. Octavio Paz gjer det …

– Og du?

– Eg blei hekta på poesi då Marianne gav meg diktsamlingar av Triztan Vindtorn, Arne Ruste og Pablo Neruda. Eg les modernistisk poesi der kroppen står sentralt. Men då eg sjølv debuterte som forfattar, undertrykte eg min eigen lekam.

– Kvifor?

– Eg gjekk berre og frykta at det skulle bli dårleg. Eg var jo handverkar, fagforeiningsleiar, ein tøffing på mange vis. Ikkje minst var eg ein kontroversiell fyr på jobben, sterkt til stades som kritikar av sider av psykiatrien. Eg trudde at det å fortelje om sjukdommen min ville gjere at eg miste jobben. Så eg tagde.

«Eg var jo handverkar, fagforeiningsleiar, ein tøffing på mange vis. Eg trudde at det å fortelje om sjukdommen min ville gjere at eg miste jobben.»

Då Steen var tre år gamal, vart far hans tilsett i ein post i Etiopia. I nesten fem år budde familien i Addis Abeba.

– Dette kan ha vore det som gjorde meg, frå eg var liten av, engasjert i det internasjonale. Som gut vart eg opptatt av Afrika, fortel han. Stein på stein veks dette engasjementet og denne kunnskapen og interessa gjennom vala som Steen tar. Allereie i folkeskulen, der han er den første generasjonen av Operasjon Dagsverk-ungdommar. Han blir djupt involvert i det. Når han får sjansen til å fordjupe seg i eit stoff i niande klasse, vel han å skrive om Vietnam-krigen. Også dette arbeidet blir formande og viktig, trur Steen. Han byggjer interesse for og engasjement i dei som blir undertrykte, haldne nede som ein mindreverdig klasse. Seinare, når han oppdagar sin eigen uvennlege genetikk: at det finst dei som vil utrydde særlege uønskte gen, engasjerer han seg i genforskingsdebatten. Det er liner frå alle desse engasjementa til det han så gjer på Gaustad med og for pasientane der.

– Du er no kjent som ein av dei mest internasjonalt engasjerte og involverte forfattarane i landet. Kan du sjå kva for hendingar tidleg i livet ditt som har vore mest skilsetjande med tanke på dette?

– Eg trur det byrja med Afrika, og så har det berre blitt sterkare for kvar ting eg erfarte. Det var viktig å vere styremedlem i Norske Pen. Men som leiar i Den norske Forfatterforening (DnF) kjente eg det som at eg fekk bidra på grunnleggande vis inn i foreininga. Det å leggje meir vekt på det internasjonale arbeidet var ein av mine parolar då eg vart leiar der.

– Så det har alltid vore i deg?

– Det er ein del inni meg som har vakse gjennom livet. Det var der då eg etterlyste den manglande etikkdiskusjonen i marxismen. Det handlar om universelle rettar, og er slik sett relevant inn i organisasjonsarbeid så vel som i engasjement i internasjonale spørsmål.

 

ANSVAR OG TILLIT

Steen veks opp i den typen Oslo som du finn i Roy Jacobsens Seierherrene og Vidunderbarna. Men medan ein hos Jacobsen finn foreldre som jobbar i industrien, veks Steen opp i mellomklassen. Steen vel likevel noko anna enn foreldra sine yrke. Først er idretten den store interessa. Når han får vite om sjukdommen, ramlar han saman mentalt. Og når han er seksten–sytten, er han svært langt nede. Suicidal, seier han sjølv, noko som kjem til uttrykk som ei skruppellaus åtferd der han tar store sjansar. Også i relasjonane blir det synleg: Sjølvforakta er så stor at han ikkje vil gi noko av seg sjølv. Mellom andre og tredje gym har han deltidsjobb som pleiemedhjelpar på Gaustad. Her møter han, etter artium, Marianne Vik for første gong. Thorvald jobbar som målar på sjukehusverkstaden. Han tar så fagbrev som målar for å få fast jobb der. Det får han. Berre 21 år gamal blir han vald til hovudverneombod. Denne erfaringa er den første i ei rekke av hendingar som gir han rak rygg, større sjølvtillit.

– Det var noko med Gaustad som var bestemmande for meg. Du kan tenkje deg: Eg er nitten og veit ikkje kva eg skal gjere, er jævlig usikker på kva eg vil med eige liv, og er mykje nede på grunn av kroppen min. Utanfrå såg eg ut som ein sprek person som sykla kor eg enn skulle. Men eg gjekk jo med ein enorm løyndom. Eg var destruktivt uvørden. Det var ein manneaktig måte å «ordne» det på. Men så hamna eg på Gaustad for å jobbe. Det var heilt tilfeldig at det blei nettopp Gaustad. Dei trong mange. Mange unge menneske kom frå heile landet for å vere der. Det var ein høg grad av idealisme i samband med psykiatrien. Vi hadde sett «Gjøkeredet», det var byrjinga av syttitalet, og vi ville gjere noko for andre menneske. Eg kom til den vanskelegaste avdelinga. Det var dramatisk. Elektrosjokk, folk som budde på salar. Men eg fekk også sjå gode ting: varmen mellom pasientane. Dei passa på kvarandre. I eit fengsel bur folk saman i tre, fire, tolv år. Men her hadde folk budd saman i 35 år. Likevel tok dei imot meg.

– Skulle dei ikkje tatt imot deg?

– Gaustad blei viktig for meg på mange måtar. Det byrja med at eg tok fagbrev før eg fekk fast stilling som målar. Då eg var 21, vart eg hovudverneombod. Så vart eg også formann blant målarane. Eg var til nytte og fekk tillit. Eg begynte å akseptere meg sjølv. Dette er ikkje kokettering, men beinhard verkelegheit: Heime kunne eg ikkje snakke om meg sjølv i det heile tatt. Men gjennom arbeidet på Gaustad fekk eg oppleve meg sjølv som tillitsmann. Folk trong meg.

– Du blei vald til hovudverneombod på tvers av alle yrkesgruppene på sjukehuset, og vart vald framfor psykiatrar og administratorar. Det høyrest ut som svære greier. Kva form for verneombod blei du?

– Eg las meg opp på psykiatri og kasta meg inn i debattane og uttalte meg om elektrosjokk. Fordi eg hadde lese meg opp, kunne eg seie at elektrosjokk kan skade hjartet. Eg merka at dei ikkje hadde tatt eit etisk oppgjer med mange av metodane sine. Eg prata for fullsette auditorium og var sentral i debattane. Eg var ein kontroversiell figur på sjukehuset, men det var ingen grunnar til at dei skulle kunne sparke meg. Om dei også hadde visst om sjukdommen min, kunne dei ha komme med argument om at eg ikkje var i stand til å utføre arbeidet mitt som handverkar. Eg trur eg gjorde klokt i å teie om sjukdommen.

 

DEKKJE OVER

Steen er 26, står i ein stige og målar. Han kjem innanfrå Gaustad, der han såg noko som han sjølv tenkjer på som overgrep: unødvendig tvang. Legar som stiller seg til pasientane som fiendar. At dei best utdanna, dei som er gitt mest tillit, gjer overgrep. Steen målar og grublar og held det ikkje ut lenger. Han må finne ut av korleis slikt kan skje. Så snart målararbeidet er ferdig, set han seg på sykkelen, tråkkar ned bakken, ned til Blindern og inn på historisk-filosofisk fakultet. I målarhabitt, flekkete og fin, fer han inn på kontoret til professor Knut Erik Tranøy. Steen stiller spørsmåla sine til den kjente filosofen, og blir lytta til. Snart er Steen privatelev under Tranøy. Avtalen er at Steen skal ta eksamenar. Det gjer han: mellomfagseksamenar i historie og filosofi. Å følgje forelesingar og ta eit vanleg utdanningsløp har han ikkje tid til. Jobben på Gaustad tar tid. Politikken tar tid. Steen leier streikar og held på, som han seier, heile døgnet. Han ønskjer å skrive ei oppgåve om marxistisk etikk. Men ingen vil vere rettleiar for den. Så Steen skriv hovudfagsoppgåve om Nordahl Griegs «Nederlaget».

– Eg er svolten på kunnskap og nysgjerrig, og er jævlig interessert i å lære. Så når eg, i ein alder av 26–27 år, får denne sjansen hos Tranøy, les eg på eiga hand.

– Du ville skrive om marxistisk etikk. Du var ml-ar, noko som ikkje var uvanleg blant dei intellektuelle på den tida. Seinare har mange tatt eit oppgjer med tilknytinga til AKP-ml. Kva tenkjer du om involveringa di i rørsla?

– Eg leidde aksjonar mot Sovjet, og meinte at Sovjetunionen ikkje hadde noko med marxismen å gjere. Eg hadde i lang tid tru på Kina og håpte at dei stod for eit anna opplegg. Men det finst ingen marxistisk stat. Kommunismen er ein vakker ideologi, men han fungerer dårleg når menneske blir involvert. Den store krisa mi med marxismen var elles at ein ikkje diskuterte etikk. Heller ikkje Mao diskuterte etikk. Viss du ikkje diskuterer etikk, så veit du heller ikkje kva tid det du driv med, blir eit overgrep. Den største feilen til ml-arane var tilhøvet deira til den historiske materialismen og dei holistiske systema.

«Kommunismen er ein vakker ideologi, men han fungerer dårleg når menneske blir involvert.»

– Kva er historisk materialisme?

– Veldig kort så handlar det om utviklinga frå kapitalisme til sosialisme, og om dei økonomiske trinna. Marx meinte at all historie er historia om klassekamp, og at samfunnet utviklar seg fordi klassar i samfunnet har ulike mål. Nokre brukte dette til å rettferdiggjere overgrep. Difor diskuterer dei ikkje etikk. Dei meiner at nokre klassar har rett til å rå over andre klassar.

– Kva med måten AKP-ml-arane i Noreg har vore behandla på, eller korleis dei behandla kvarandre, kva tenkjer du om det?

– Det har vore forferdelege historier med ml-arar. Eg har aldri vore behandla dårleg. Men så var eg ein uortodoks ml-ar. Eg vart nok ikkje samanlikna med Solstad, Michelet, Obrestad og dei andre, fordi ein i forfattarmiljøet opplevde meg som noko heilt anna.

– Ein leiar av forfattarforeininga skal helst representere alle medlemmane. Uansett politisk tilknyting. Du vart spurd om å bli leiar for ei foreining der medlemmane var tidvis polarisert, politisk.

– Eg var ikkje ein litteraturpolitisk aktiv medlem av foreininga i byrjinga. Eg var først og fremst poet, var ein av stuntpoetane, og sat, på møta, på bakre benk med kollegaer og diskuterte litteratur. Eg hugsar godt då valkomiteen ringte meg og spurde om eg ville stille som nestleiar i forfattarforeininga. Eg var i Buenos Aires då og jobba med ei bok om Charles Darwin. Dei fortalde at dei ønskte meg som nestleiar på grunn av erfaringa mi med organisasjonar. Dei oppfatta meg som uredd. Eg hugsar kva Harald Sverdrup og Halldis Moren Vesaas sa til meg då eg vart valt til nestleiar: «Vi håpar berre at du framleis har det opprørske i deg.» Ebba Hafslund hadde vore i krig mot kommunistane. Men ho var begeistra då eg kom inn i styre og stell. Eg var overraska og rørt over denne mottakinga i DnF. Det sa eg også i talen min då eg kom inn som leiar: «Takk for tilliten!»

 

LITTERATUREN

Tilbake til 1983. Historie og idéhistorie er ikkje det einaste Steen studerer i 1983. Han har fått dei bestemmande diktsamlingane frå Marianne Vik. Sidan dei kjem frå henne, synest han at han skal lese dei grundig. Det gjer han, men i skjul. «Ein skaplesar av poesi i det macho handverkarmiljøet», kallar han seg sjølv. Steen drar på Deichmanske når kollegaene drar på pub. Han byrjar sjølv å skrive, og sender eit forlag ein bunke dikt som endar på pulten til lyrikaren Arne Ruste, eit av førebilda til Steen. Han les og liker dei. Steen blir antatt og debuterer seinare det travle året 1983, som lyrikar. Hemmeligstemplede roser blir følgt opp av diktsamlinga Gjerrige fallskjermer (1985), Neonulvene (1987) og Månekisten (1987). Dette like travle året, 1987, giftar han seg med Marianne Vik. Ikkje lenge etter går han til henne og seier: «Eg har noko alvorleg å fortelje deg.» Vik veit allereie om sjukdommen. Så kva kjem no? Steen seier: «Eg skal skrive prosa.»

– Det var det verste Marianne kunne ha høyrt. Det hadde vore enklare for henne om eg hadde møtt ei anna kvinne.

– Men heller ikkje som prosaforfattar har du vore A4. Du har skrive i hybridsjangrar som historisk roman, som har fått mykje merksemd også internasjonalt. Men du blanda sjølvbiografi og skjønnlitteratur lenge før Knausgård skreiv Min kamp-bøkene. Korleis byrja det?

– Eg var opptatt av modernistane, og såg korleis dei relaterte seg til eigne kroppar. Inger Elisabeth Hansen, Karin Moe, Ann Jäderlund, Pia Tafdrup: Eg hadde sjølv byrja å by på meg sjølv i det private, til Marianne. Eg var ikkje tru mot det modernistiske idealet mitt tidleg i forfattarskapen. Men på omslaget av den andre diktsamlinga mi, som eg laga i samarbeid med formgivaren, er det muskelvev. Han kjente løyndommen min, han også.

– Kvifor måtte det framleis vere ein løyndom?

– Eg var oppdratt til hemmeleghald. Mor særleg. Far var også stille. Men leiinga på jobben kunne ha kasta meg.

– Kva skjer som gjer deg meir open?

– Forfattarane som eg nemnde, var viktige. Eg byrja å sjå at denne kroppen som eg har fått utdelt, ikkje berre er ei plage. Han er barometeret mitt. Han fortel meg kven eg er. Eg såg dessutan korleis min eigen sjef, den tidlegare målarformannen, gjekk til grunne. Han blei øydelagd av løysemiddel. Sakte blei også min eigen fysiognomi ein del av skrivinga.

– Du slutta etter kvart som handverkar og begynte å skrive på fulltid. Det har gått tretti år sidan tida på denne staden som var så viktig for deg. Har du kontakt med Gaustad no?

– Eg sit i styret i Gaustad-stiftinga. Vi fekk nokre pengar då foreiningshytta vår brann ned. Men i staden for å bygge ny hytte til oss som jobba der, brukar vi pengane på tiltak for pasientar. Vi har til dømes 1. mai-frukost kvart år med pasientar og tilsette. Det har vi drive med sidan byrjinga av 70-talet. Det er ope for alle.

– Du har også jobba for desse menneska etterpå gjennom skrift. Du har skrive kronikkar, essay og sakprosa som har skildra eller vore kritisk til metodar og praksis i psykiatrien.

«Mykje var bra på Gaustad. Relasjonen mellom dei tilsette og pasientane, til dømes. Gaustad var ei øy i samfunnet.»

Eg synest heller ikkje noko om hierarkia på dei store institusjonane. Idéhistorikaren og filosofen Michel Foucault skriv om galskapens historie og gjerda mellom samfunnet og asyla. Gjerda var formelt nedlagt då vi kom. Men så ville progressive psykiatrar også legge ned asyla og overlevere ansvaret til samfunnet. I praksis betyr det til bydelane. Vi kalla det galskap. Føresetnaden for denne ideen var at samfunnet ville ta imot dei. Men vi skjønte at bydelane ikkje delte denne oppfatninga. Det kan eg også forstå. Om ein har ein kommunal leigegard med alle slags folk, og så skal det gå rundt ein person der som får psykosar …?

– Det høyrest ut som at du var glad i Gaustad og positiv til mykje av psykiatrien.

– Ja, fryktelege ting har skjedd i psykiatrien opp gjennom historia. Men å sende dei ut …? Mykje var bra på Gaustad. Relasjonen mellom dei tilsette og pasientane, til dømes. Gaustad var ei øy i samfunnet. Folk utanfrå ville ikkje ha noko med dette å gjere. Men vi som jobba der, fekk liva våre totalt endra. Eg lærte veldig mykje om det å vere pasient. Ikkje minst lærte eg om samfunnet utanfor.

– Olav H. Hauge er ein av dei som har uttrykt mykje takknemlegheit for å ha fått det «frirommet» som eit asyl kan vere.

– På Gaustad hadde ein Hertervig, som måla fleire flotte bilde der. Per Arneberg skapte mykje der. Og Gunvor Hofmo skreiv glimrande dikt i tida si der. Eg møtte henne. Andre kunstnarar har også vore innom, utmerkte forfattarar og kunstnarar.

– Mykje fungerte altså godt for mange. Men likevel la dei det ned.

– Mange blei ikkje mistenksame då rasjonaliseringsbyråkratane tenkte at dei kunne spare pengar. Det blei ikkje følgt opp i bydelen, og enda destruktivt. Offera kom ikkje til orde. Fleire av desse var lobotomert.

– Du førte ordet for mange av desse, gjennom tidene, i tekstar, talar, som talsmann for pasientane.

– I 1983 vart eg kåra til Æresgal av pasientane. Det var eg svært stolt over. I 2005 fekk eg redigere ein antologi i samband med eit jubileum for Gaustad. Eg tok oppdraget på det vilkåret at fleirtalet av bidragsytarane skulle komme utanfrå Gaustad. For det andre måtte bidragsytarane få tilgang til alt av journalar og rapportar frå Gaustad. Eg fekk bidrag frå forfattarar som Jens M. Johannesen, Finn Skårderud og Einar Már Guðmundsson, som har hatt ein bror med schizofreni. Det er det lengste eg har komme med tanke på direkte verknad inn mot institusjonen.

 

ETIKK

November 2011 ringer ein tremenning frå morssida. Steen og tremenningen snakkar om dette og hitt før ho må leggje på. Ho skal ringe Steens fetter om noko, seier ho. «Eg har berre ein fetter som lever, og det er på farssida. Men han kjenner då ikkje du?» seier Steen. «Eg har ingen fetter på morssida.» «Jau, det har du,» seier tremenningen. Slik får Steen vite om den ukjende onkelen, bror til mora.

Berre veker seinare, i desember det året, køyrer han til mor si, et brødskiver med henne og legg planar for julefeiringa: kven som skal kjøpe kva, og kven av barna som skal pynte kor. Endeleg fortel Steen at han har snakka med fetteren sin. Det blir ein anstrengt situasjon med mykje stille. Det same skjer sommaren 2012, under eit måltid med mor på Ekebergrestauranten. Etterpå køyrer han henne heim, og fortel kva han har funne ut om onkelen sin: at han hadde sjukdommen. «Heldt du dette løynt på grunn av sjukdommen – for å få ektemann og eigne barn?» spør Steen. «Det kan vel hende», svarar Thorvalds mor.

– Når det er så mykje affekt: Korleis jobbar du for å halde hovudet klårt og skrive?

«Eg kjem aldri til å skjønne mor mi. Men så kjem eg heller aldri til å skjønne kona mi.» (Kort latter, brått alvor igjen.)

– Det er om å gjere å få lesaren med vidare. Det nyttar ikkje å gjere dei skuldige berre slemme. Det blir ei politimelding, ikkje litteratur. Eg må byggje opp mor mi og mormor med hjelp av metodar frå skjønnlitteraturen. Viss eg berre skulle brukt dei reine, harde replikkane deira eller brev som dei har skrive, då ville framstillinga av dei ha vore tilsvarande kald. Eg bruker fiksjonen for å få fram det sjarmerande og humoristiske i dei. For å skape leseverdig litteratur må ein gjere slike kompromiss.

– Er det slik som du seier, at du har brev som var strenge i forma, og «harde replikkar»?

– Ja, det har eg. Men med empatien som eg har som forfattar, fyller eg inn i dei tause romma med tanken min. At mor mi var taus, seier ikkje alt om mor mi. Difor må eg leite i andre kjelder og bruke av meg sjølv og skape hypotesar, som eg testar i litteraturen.

– Viss du hadde forstått mor di, var du mindre sint då, trur du?

– Eg er ikkje sint. Men eg skal ikkje underslå at eg aldri har vore sint. Sinne har aldri vore motoren min for å skrive om dette. Motoren min i dette prosjektet er den same som når eg skriv om Saladin eller Alexander eller andre historiske personar: Eg prøver, med alle middel, å skjønne dei eg skriv om som individ. Eg er opptatt av å finne ut kvifor mor mi reagerte som ho gjorde. Kva fekk eit menneske til å halde så mykje løynt? Kva er eit menneske? For å skjønne det er det avgjerande å leite opp ting som ligg djupare, lenger unna. Eg ønskjer å skrive bøkene som ingen andre kan skrive. Difor har eg ikkje fått til å skrive noko i dag. Eg går og lurer så innmari på dette hemmeleghaldet til mora mi.

– Om du ikkje kjem vidare: Kan det romanprosjektet ditt bli tema for «Forum for historisk roman»?

– Ja! Dette prosjektet passar godt inn i profilen til «Forum for historisk roman».

Det er nemleg ikkje første gong at eg har vore heime hos Thorvald Steen. Han, seks–sju andre forfattarar og historikarar og eg samlast ein gong i kvartalet til forfattarkveldane hos Steen, til «Forum for historisk roman». Vi utforskar grensa mellom skjønnlitteraturen og historiefaget. Steen, Atle Næss, Kai Peter Østberg, Tore Skeie, Margit Walsø eller Sigrun Slapgard presenterer skjønnlitteratur som drar vekslar på historia. Professorane Jón Viðar Sigurðsson og Hans Jacob Orning utfordrar, frå sin akademiske ståstad. No og då blir roller bytt. Her er opponentar, diskusjon, og akademiske kvarter, og dei siste åra har vi sete her, i dei mjuke sofaene til Steen, og drukke te, vin, ete sjokolade og appelsinar.

– Gjer den pågåande diskusjonen om røyndomslitteratur noko med måten du jobbar med dette romanprosjektet?

– Etikk er ein leietråd for meg. Det er eit etisk poeng å unngå så godt ein kan å skade folk. Vigdis’ roman har fiksjonalisert så mykje at ein ikkje skulle kunne spore namn og stader. Det same gjeld hos meg. Men det er eit konstant dilemma, dette med kor mykje ein skal fortelje og ikkje.

– Det er openbert i det du har skrive så langt, at nærleik til mor di vekkjer sterke kjensler hos deg. Men likevel oppsøkjer du dette, igjen, og prøver, igjen, å skjønne.

– Eg kjem aldri til å skjønne mor mi. Men så kjem eg heller aldri til å skjønne kona mi. (Kort latter, brått alvor igjen.) Jo lenger eg borar ned i meg sjølv og dei rundt meg, jo mindre skjønner eg. Eg synest det er ein fruktbar situasjon. Tidlegare tenkte eg at det å ikkje vite var ein vanskeleg føresetnad. Men det at eg ikkje er skråsikker, tar kanskje bort sjansen for at eg gjer overgrep mot dei eg skriv om. Melankolien er ei hjelp.

– Melankolien?

– I melankolien er det mykje tvil. Det er det motsette av skråsikkert. Ein er spørjande og nysgjerrig og utan den naive førestillinga om at ein skal kunne ordne alt.

«I melankolien er det mykje tvil. Det er det motsette av skråsikkert. Ein er spørjande og nysgjerrig og utan den naive førestillinga om at ein skal kunne ordne alt.»

– Er dette blant grunnane til at du har uttalt deg kritisk mot det du kallar «såkalla lykkepiller»?

– Det kan du seie. Og det har også ein samanheng med det at eg ikkje tar smertestillande. Eg synest det er viktig å jobbe med terskelen for å tole smerte. Difor liker eg å fryse når eg er der ute. Eg blir frustrert av å lytte til dei som klagar over kor varmt det er. Eg er sjølvsagt ikkje for hudkreft eller andre sjukdommar. Men eg fryktar at medisineringa skal eskalere.

– No skriv du altså denne boka. Den som tar utgangspunkt i eit fall. Ein som ramlar, og som ikkje kjem seg opp. Ei hending som du har erfart, og som kan bli faktum igjen. Kva er materialet ditt denne gongen?

– Eg prøver no å vere tru mot modernistane sin nærleik til kroppen. Eg er tvinga til å kjenne kroppen min svært godt, eg må tenkje gjennom kvar minste rørsle og kjenne etter, heile tida.

– Blir du sjukare, Thorvald?

– At sjukdommen heiter progressiv, betyr at han utviklar seg markant og har gjort det dei siste åra. Men det som er overraskande, er kor bra det går med meg. Det er fordi eg har vore aktiv. Då eg fekk diagnosen, oppmoda legane meg om å vere i ro. Eg sette meg ikkje i rullestol før eg var 58.

Før eg går, spør eg kor eg skal setje kva, av tekoppar og anna. Sjokoladen vil Steen at eg skal ete. Slik held han på: passar på andre sjølv om han treng å bli passa på sjølv. Han har lært seg å vere tydeleg og instruktiv, og gir meg ei presis forklaring om kvar eg skal gå. Så går eg ned vegen, mot Brattlikollen t-banestasjonen.

 

Berre dagar seinare kjem Thorvald Steen og Marianne Vik ned den same bakken. Det er ein strålande og kald haustdag. Lufta over Ekeberg er klår. Hagane i Tormods veg er lappeteppe av falne lauv. Gult, raudt, brunt. Det luktar krydder, nesten søraustleg. Steen køyrer gjennom gatene i eit nytt køyretøy, ein permobil, og tar djupe andedrag. Luktar lauvet, og kjenner haustkulda gjennom jakka. Han har kledd seg sånn passe lett, med vilje. Slik kjenner han seg mest i eitt med naturen, med å fryse litt. Marianne kjem springande etter, joggar forbi Steen. Så halsar han etter henne ned vegen, til Brattlikollen, og tar sats frå plattforma og kjem inn i t-banevogna. Dei tar banen til siste stasjon, Frognerseteren, der t-baneføraren, som kjenner paret og vanane deira, ryggar litt attover. Dermed kan Steen igjen ta sats med permobilen og komme seg heilskinna over på plattforma. Han «minds the gap, indeed»; van som han er med å tilpasse seg og køyredoningen til landskap, hus og urban infrastruktur. Men eit par turistar på plattforma stirar forskrekka på det som for dei ser ut som eit halsbrekkande stunt gjort med den store rullestolen.

Vik legg på sprang, og joggar innover skogsvegane. Steen fer etter, med gassen i botnen og skjerfet flagrande etter seg, og ropar oppmuntrande tilrop etter henne. Ho får mosjonen sin medan Steen kjenner sola varme i andletet. Seinare skal han kjenne snøen mot andletet, sjå snøen smelte og blomstrar etter kvart komme fram. For slik held ekteparet på fleire gongar i veka, uansett vêr. Ved Frognerseteren og omkring mimrar Steen over tida som skihoppar: Ser Midtstubakken der han sjølv har hoppa, og løypene der han gjekk på ski.

Men om vinteren reiser ekteparet gjerne ned til fjorden. «Han er ekstremt opptatt av å sjå Oslofjorden i all slags vêr», fortel Vik. Ho og Steen har vore gifte i nesten tretti år, men har aldri før vore så mykje ute i naturen i lag som no. «Ein ekstremt aktiv friluftsmann som elskar å vere ute», seier Vik. Det kan altså ta ei stund til før Steen set seg ned, for alvor, og ferdigstiller dette biografiske romanprosjektet sitt. Eg skal gjere mitt: gi oppmuntrande tilrop ved neste høve, imellom flammande diskusjon og oppheta innlegg i «Forum for historisk roman».

 

Annonse

Mer fra Portalen

ARGUMENT: Athen regnes som opphavet til vestlig kultur. Hvorfor er byen så nedtonet?

PERISKOP: ZombieLars starter usedvanlig friskt og fandenivoldsk, men… 

ARGUMENT: USA alene har verdens største militærstyrke, men i møte med asymmetrien får vesten problemer.

ARGUMENTMatematikere er problemløsere – her om to av dem.

TDNF: Kan vi lære av hiv/aids-aktivistenes fryktløshet?