Portal

Norsk våpensal med janusansikt

SYN OG SEGN: Tove Lie er sikker på at det er mange fleire uavslørte skandalar i norsk våpeneksport og saknar ein breiare offentleg debatt.

---

Syn og Segn

Artikkelen har stått på trykk i Syn og Segn, ein av samarbeidspartnarane i Morgenbladet sin tidsskriftportal. Sjå meir frå over 30 norske tidsskrift i PORTALEN.

Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike allmennkulturelle tidsskrifta i dag, stifta i 1894. Tidsskriftet er eit av få landsdekkande tidsskrift på nynorsk, og har lesestoff over eit breitt register av tema innanfor kultur, politikk og samfunn. Syn og Segn er eig av Det Norske Samlaget og blir lese av kulturinteresserte over heile landet. Redaksjonen har kontor på Fagernes. 

---

Dagbladet sine avsløringar av norsk sal av utrangert militært materiell, mellom anna til paramilitære i Vest-Afrika, har aktualisert Noregs rolle som våpenprodusent og eksportør av militært utstyr. Tove Lie saknar ein breiare offentleg debatt om norsk våpeneksport og korleis den eventuelt skal gå føre seg.

Saman med Øystein Mikaelsen skreiv ho i 2012 boka Fredsnasjonens grenseløse våpenhandel – ei bok om norsk våpenindustri, eit tema som har fått ny aktualitet dei siste vekene.

– Eg har jobba som journalist og redaktør i mange år, og var nyhenderedaktør i Nationen då avisa avslørte at Noreg dreiv med prøvesprenging av klasebomber på Dovre. I arbeidet med denne saka fann me ut at samstundes som Noreg jobba for eit internasjonalt forbod mot klasevåpen, så sa Forsvaret ja til fleire land som fekk testa klasevåpen i Noreg. At Noreg i si tid lånte bort våpen til USA til bruk under invasjonen av Irak, ein invasjon både FN og Noreg var imot, var ein annan tankevekkjar.

I 2012 var inntektene frå sal av norsk forsvarsmateriell femdobla sidan 2001.

I åra som følgde, kom det årleg meldingar om nye rekordar for norsk våpeneksport. I 2012 var inntektene frå sal av norsk forsvarsmateriell femdobla sidan 2001. Dette har samanheng med utviklinga etter 11. september og kampen mot terror. År for år høyrde me om rekordinntekter, men eg opplevde at så godt som ingen stilte kritiske spørsmål til rekordane: Kven sel me til? Kvifor held me på med dette? Har me god nok kontroll over våpensalet vårt?

I arbeidet med boka fekk forfattarane innsikt i kor stort omfanget er på norsk våpenproduksjon.

– Eg vart overraska over at det er over 120 norske bedrifter som eksporterer krigsmateriell ut i verda. I løpet av dei siste åra har Regjeringa godkjent sal til nærmare 60 ulike land direkte. I tillegg får fleire land kjøpt materiell frå norskeigde bedrifter i utlandet. Det siste er eit uoversiktleg område, ettersom det ikkje kjem fram i offentlege rapportar kva land som kjøper frå bedriftene i utlandet.

---

Intervjuet 

Ifølgje Utanriksdepartementet sine tal var verdien av norsk våpeneksport i 2013 4,3 milliardar kroner. Av dette kom 3,3 milliardar frå sal av militære varer. I 2014 rekna Statistisk sentralbyrå (SSB) at Noreg er den sjette største våpeneksportøren i verda. Denne verksemda medfører ei rekke moralske problemstillingar, meiner Tove Lie.

---

Norsk våpensal er prega av hemmeleghald, og styresmaktene har lova industrien å teia om kven som sel kva til kven. Den raudgrøne regjeringa hadde som uttalt mål at ein skal ha sluttbrukarerklæringar for våpensal til alle land, altså informasjon om kvar det er tenkt at materiellet vil enda opp til slutt. Den raudgrøne regjeringa erklærte at ein ønskte dette som norm i NATO, men framleis krev me ikkje forpliktande erklæringar når me sel til våre allierte i NATO.

Fredsnasjonen Noreg ønskjer å avskaffa og forby bruken av inhumane våpen. Samtidig er ein norsk bestseljar ammunisjonen Mk211. Den har ein dumdum-kule-effekt og drep på særleg grufullt vis. Fleire organisasjonar krev eit forbod mot dette. På ein norskeigd fabrikk i USA produserer Noreg kontroversielle brannstiftande våpen. Eg meiner det er djupt problematisk at ansvarlege politikarar hevdar at Noreg som våpennasjon har eitt av dei strengaste regelverka i verda, så lenge dei har innført mange unntak frå dei strengaste reglane og opererer i moralske gråsoner utan særleg debatt.

Me har eit ganske strengt regelverk på papiret, men mange unntak frå reglane.

– På kva punkt er regelverket strengt?

– Kort fortalt er det slik at Noreg ikkje skal selja våpen til område der det er krig, borgarkrig eller der krig truar. Prinsippet vart tidleg etablert, i 1935, og på nytt i 1959. I 2009 slutta me oss til EU sine kriterium for eksportkontroll. Desse krev mellom anna at ein skal leggja vekt på at salet bidrar til å bevara regional fred og tryggleik. Ein skal vurdera kjøparlandet si haldning til terrorisme og menneskerettar, og kva risiko det er for at materiellet kan bli ulovleg omsett i kjøparlandet, til dømes.

– Likevel er du nokså kritisk til regelverket?

– Me har eit ganske strengt regelverk på papiret, men mange unntak frå reglane. Japan, med si pasifistiske grunnlov, har det strengaste regelverket i verda. Det mest problematiske ved vårt regelverk er at det gjennom år har blitt utvatna og fått lagt til mange unntak frå praksis. Mellom anna er det ikkje like strenge reglar for sal av delar og komponentar i våpen, eller for sal til internasjonale samarbeidsprosjekt lenger. I slike tilfelle krev ein ikkje at det ikkje blir selt til område i krig eller der krig truar. I 2010 utgjorde sal som er unnateke hovudregelen, heile 69 prosent av eksporten frå Noreg.

– Ifølgje SSB var omsetninga i 2014 heile 40 prosent mindre enn i toppåra 2008 og 2009. Ser du andre tendensar i dag?

– USA og EU har kjøpt mindre materiell frå Noreg etter finanskrisa. Industrien ser etter nye marknader, og myndigheitene opnar for sal til fleire omstridde land og autoritære regime. Då me skreiv boka, hadde Noreg nyleg opna for sal av våpen til Dei sameinte arabiske emirata, som er omgitt av konflikt på alle kantar. Noreg bør ikkje selja våpen eller krigsmateriell til noko diktatur. Styresmaktene i Emirata har sagt at dei vil bruka våpen mot sine eigne om det skulle bli eit internt demokratiopprør — ein arabisk vår der, til dømes.

Eg er sikker på at det er mange fleire uavslørte skandalar i dette systemet.

Eit døme på norsk dobbeltmoral er at den raudgrøne regjeringa godkjente eksport av eit dataprogram til Libya som skulle betra kommunikasjonssystemet i Gaddafi sin elitebrigade. Salet skjedde rett før norske soldatar var med på å bomba den same diktatoren. I prinsippet kunne Gaddafi bruka norsk krigsmateriell mot sine eigne — og ein kunne risikera at norske soldatar vart møtte med norsk materiell.

– De peikar på ei rekke enkeltsaker som er avslørte i media, og som dermed har ført til diskusjonar i Stortinget. I oktober i år skreiv til dømes Dagbladet om ein last med militære beltevogner der Tollvesenet fann papir på at desse skulle til Russland. Likevel gav Utanriksdepartementet tillating til å eksportera. Dette vart tema i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité. Likevel etterlyser du ein breiare debatt?

---

Fakta

Ifølgje tal frå Utanriksdepartementet (UD) var verdien av våpeneksporten i 2013 4,3 milliardar kroner.
UD sine tilsvarande tal for 2014 er i skrivande stund ikkje klare, men SSB melder at Noreg eksporterte våpen for 1,8 milliardar kroner i 2014, og med det var den sjette største eksportøren i verda. SSB sine tal har tradisjonelt vore vesentleg lågare enn UD sine tal, mellom anna fordi UD inkluderer eksport av tenester og reparasjonshandel. Til samanlikning rapporterte SSB om eksport til ein verdi av 2,1 milliardar kroner i 2013.
Ifølgje SSB gjekk nærare 80 prosent av eksporten i 2014 til NATO-land, og av dette igjen 45 prosent til USA.
Ifølgje SSB har inntektene frå sal av våpen gått ned kvart år sidan 2008. I perioden 2001–2008 vart våpeneksporten mellombels femdobla.
Tove Lie er ansvarleg redaktør i den uavhengige nettavisa Khrono, som vart lansert våren 2013.
Fredsnasjonens grenseløse våpenhandel blei utgitt på Aschehoug forlag i juni 2012.

---

– I boka som kom ut i 2012, har vi peikt på i underkant av 20 avsløringar og våpenskandalar som media har avdekt dei siste 50 åra, og avsløringane har ikkje skjedd som følgje av kontrolltiltaka frå styresmaktene. Dagbladet sine avsløringar det siste året om ulovleg sal av krigsskip til Nigeria og beltevogner til Sudan, og dessutan sal til stadig fleire diktatur, er blant dei største skandalane i nyare tid.

Eit omfattande hemmeleghald, slett sakshandsaming, tøyeleg tolking av regelverket i Utanriksdepartementet, manglande kontroll og sjølvpålagd teieplikt om kven som får lisens til å selje kva, er ikkje tillitvekkjande. At Stortinget får overflatiske rapportar om eksporten berre ein gong i året og lenge etter at løyve til sal er gitt og salet har skjedd, er eit stort demokratisk problem. Eg er sikker på at det er mange fleire uavslørte skandalar i dette systemet. Banda mellom våpenindustrien og dei som tolkar regelverket, er tette, og i dag er det ingen som kontrollerer kontrollørane.

– Kva innsyn bør borgarane ha i sal av norske våpen?

– Kven som får lov til å selja kva, og til kva land og selskap i landa dei sel til, burde vera offentleg – før salet blir gjennomført. Kva slags nye land som får lov til å kjøpa, og kvifor dei blei godkjende, burde òg vera kjent før salet blir gjennomført. Når sakene som ikkje er godt nok handterte, kjem på bordet, er det for seint å gjera noko med dei, og det er eit demokratisk problem. I USA, der våpensal ikkje er like kontroversielt, er ein meir open. Ein legg ut informasjon om sala sine, om kva land som ønskjer å kjøpa, og kva firma som vil vera seljar. I arbeidet med boka var det i fleire tilfelle enklare å finna informasjon om Noreg i USA enn i Noreg sjølv.

– Noreg spelar ei viktig rolle i fredsforhandlingar i verda. Får våpeneksporten vår nokon konsekvensar for dette?

Banda mellom våpenindustrien og dei som tolkar regelverket, er tette, og i dag er det ingen som kontrollerer kontrollørane.

– Ikkje så langt, men det kan få konsekvensar om det kjem nye avsløringar og skandalar i norsk våpeneksport. Ute i verda er Noreg først og fremst fredsnasjonen som deler ut Fredsprisen ein gong i året, sjølv om det har vore einskilde kritiske røyster om Noregs janusansikt i internasjonal presse. Noreg samarbeider til dømes med fleire internasjonale våpenselskap om å bygga nye kampfly. Desse våpenselskapa har det etiske rådet i Oljefondet svartelista og seier nei til å investera pengar i, fordi dei lagar atom- og masseøydeleggingsvåpen. Det er eit døme på janusansiktet. Fredsrådet har foreslått at Noreg skulle hatt eit tilsvarande etikkråd når det gjeld våpensal. Kan henda kan det vera eit første steg i riktig etisk retning. Noreg toler ikkje mange riper i fredsnasjonlakken i form av Nigeria-båtskandalar og våpensal til stadig fleire autoritære regime.

Artikkelen har stått på trykk i Syn og Segn, ein av samarbeidspartnarane i Morgenbladet sin tidsskriftportal. Sjå meir frå over 30 norske tidsskrift i PORTALEN.

Kjelder

www.ssb.no/utenriksokonomi/artikler-og-publikasjoner/laveste-vapeneksport-siden-2005

www.ssb.no/utenriksokonomi/artikler-og-publikasjoner/markant-fall-i-vaapeneksporten

www.regjeringen.no/contentassets/f6e858bc4cc74141b19b22ae84e38ed7/no/pdfs/stm201420150008000dddpdfs.pdf

Meld. St. 8 (2014–2015): Eksport av forsvarsmateriell fra Norge i 2013, eksportkontroll og internasjonalt ikke-spredningssamarbeid

Mer fra Portal