Annonse
00:00 - 18. september 2015

Spissborgarens død

Erlend Loe tar Doppler eitt opprørsk steg vidare.

Aktivist: Erlend Loe (her som silhuett) blandar det høge og det låge i ny roman om Andreas Doppler. ⇥⇥Foto: Ellen Lande Gossner
Annonse

I fin veksling mellom skam, aggresjon og ei kjensle av eit stort ubehag i kulturen opplever både lyrikaren Nina Faber i Vareopptelling og hovudpersonen i årets roman frå Erlend Loe, Slutten på verden slik vi kjenner den, at ikkje alt er som det burde vere, verken med dei sjølve eller verda rundt. Ved å skildre ein akutt og til dels valdeleg eksistensiell desperasjon demonstrerer begge bøkene eit større alvor i forfattarskapen.

 

Trykkande endetid. Det vil ikkje dermed seie at Loe har knebla den karakteristiske, lett naivistiske humoren sin som hentar mykje av trykk og poeng på og frå grensa til, eller helst like utanfor grensa av, ei romanrealistisk ramme. Andreas Doppler frå romanen Doppler (2004) er tilbake i byen, og det han no kjenner aller aller mest på, ut over ei viss skuldkjensle av at han har vore lenge borte frå kona og dei tre barna sine, er ei sterk seksuell lyst. Til skogs var han driftslaus. Tilbake i samfunnet blir han til slutt pornostjerne.

ALLEREDE ABONNENT?
Fra 189 kr på første termin
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse