Annonse
00:00 - 11. september 2015

Peer på aldersheimen

Ein vill versjon av Peer Gynt – og verdig synleggjering av demens.

Gamle-Peer: Markus & Markus er på scena, men Herbert alias Peer (bak) er den som styrer showet. Foto: Paula Reissig
Annonse

Fakta

Ibsen: Peer Gynt
Regi: Markus & Markus
Sophiensæle Berlin
Vist 3.–5. september

Det var førre veke urpremiere på ein ny, vill og djupt human versjon av Peer Gynt i Berlin. Den tyske performancegruppa Markus & Markus (M&M) stod for regien.

Herbert alias Peer bur på ein aldersheim ein stad i Berlin. Han er ramma av demens og er ifølgje han sjølv over seks hundre år gamal. Fødd i 1410. I fem veker har Herbert og skodespelarane vore saman. Eit kamera har foreviga alt som er sagt mellom dei tre.

Skodespelarane i Markus & Markus Markus Schäfer og Markus Wenzel – viser stor beundring for Herbert. Det sterke med dette stykket er at dei responderer seriøst til det mange kallar for «gamalmanns tullprat». Og her er det Herbert blir ein Peer: nett som Peer balanserar også åttiåringen mellom realitet og fantasi.

 

Ut av skammen. Denne performance-versjonen av Peer Gynt blir difor ei feiring av noko som mange stuer bort. Når ein slektning blir ramma av demens, blir det ofte pakka inn i skam. Fornuftige sjeler kan seie at «han eller ho ikkje er den ho var». Det gjer dette stykket til meir enn ein heilt vill versjon av Gynt. Det tek opp tråden der Ibsen slapp. Nett som Ibsen braut tabuar, bryt også Markus & Markus det.

Videosekvensane med Herbert føregår alle på storskjerm. Dei blir ofte kontrapunktisk sett opp mot det dei to skodespelarane gjer på scenen. M&M presenterer tablå, dialogar og monologar opp mot Herberts snakk på lerretet.

Reint personleg vekker denne Peer Gynt sterke minner. I mange år gjekk eg dagleg og vitja Jakobine på aldersheimen i bygda. Ho var ein nær ven og nabo. Heilt klår i toppen. Men fleire ikring henne på heimen var demente. Dei møtte eg dagleg då eg var hjå henne på besøk: i gangane og i daglegstova. Men det eg såg, skulle ikkje snakkast om. Når dei demente gjorde eller sa ting som var skrudde, ja, då skrudde hjelpepleiarane opp tv-en i opphaldsrommet.

Frå ulike lenestolar i aldersheimen – og senga si – fortel Herbert ting me aldri har høyrd før.

 

Dei tapte borna. I Peer Gynt av Markus & Markus hender det motsette. Det er Herbert som blir skrudd opp. Frå ulike lenestolar i aldersheimen – og senga si – fortel Herbert ting me aldri har høyrd før. Ein stor historie – like stor som originalforteljinga i Peer Gynt. Og ein sentral motor i hans forteljing er alle borna hans. Han veit ikkje kor mange dei er – men mellom to og ti born. Dette er ein nydeleg motsats til forholdet mellom Peer og mor Åse i originalen.

Borna er ein stad i Aust: truleg i Preussen – og dermed på andre sida av grensa. Dei blir eit assosiativt springbrett for andre av Herberts forteljingar. Me kjenner eit element av sakn når han stadig snakkar og drøymer om borna sine. Kor mange dei er, blir heilt uvesentleg.

Reise-, utforskar- og eventyrarmotivet er sentralt i Herbert sitt liv, nett som hjå Peer i originalstykket. Saman med kunstnarane dreg Herbert på fleire mystiske ekspedisjonar. Hovudsakleg i ein skog i bydelen Wedding. Ei anna scene finn stad på ein sandbanke som skal førestille ein ørken. Her finn han ein skatt. Kista er full av fargerike hårbørstar, og det er noko som gler Herbert veldig. Til å vere ein mann høgt oppi åra har han eit fabelaktig hår. Då kjem mange hårbørstar godt med.

Ved å la Herbert legge fram sine assosiasjonar blir denne versjonen av Gynt eit unikt prosjekt. Eit stykke som burde bli vist for institusjonstilsette verda over: eit skuledøme i korleis ein kan gje ein demenspasient respekt og verdigheit. Og det viktigaste: Dette er eit fint døme på korleis ein kan fortelje om demens. Og ved å la ein ukjend gamal mann med demens vere Peer, så gjer ein nettopp det.

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Vi har inntil 40 prosent rabatt for nye abonnenter. Bli abonnent
Annonse