Annonse
00:00 - 18. september 2015

Kven er redd for Jan Kjærstad?

Ingen tenker så ope og vidt som Jan Kjærstad. Då er det underleg at jakta på alternative forteljeformer ikkje får eit meir originalt utfall.

Sterke kvinner: I Jan Kjærstads siste bok får sterke kvinner stå i sentrum i forsøket på å skape nye tankerekker.
Annonse

Evna til å tenke magisk i romanform ser ut til å ha blitt Jan Kjærstads litterære bane. Frå forfattaren fullførte trilogien om Jonas Wergeland i 1999 har det i stor grad handla om lagnadstunge augeblikk og alternative årsakssamanhengar. I den siste utgivinga, Slekters gang, får sterke kvinner stå i sentrum av forfattarens forsøk på å skape nye tankerekker. Det er både sympatisk og prisverdig, men fører berre delvis til at romanen ikkje strandar i tematisk storslåtte, men føreseielege Kjærstad-klisjear.

 

Omveltande augeblikk. I Wergeland-trilogien dreidde det seg i stor grad om å tenke stort, gjerne via hovudpersonens magiske penis. I seinare bøker som Jeg er brødrene Walker og Normans område har det i tillegg handla om å ha eit Watson-blikk, sjå Lisboa-moglegheita og å nå ned til Hippocampus-tankar. Det alle, absolutt alle romanpersonane til Kjærstad ser ut til å bli utsette for er «pregningsøyeblikk» som det blir kalla i Normans område; altså augeblikk, stort sett ved slumptreff, som blir styrande for alt som kjem etter.

ALLEREDE ABONNENT?
Kjøp abonnement
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse