Annonse
00:01 - 21. august 2015

Nærbilde av døden

Jan Roar Leikvolls posthumt publiserte skisse framstår som framsynt forsonande overfor døden.

Roman i arbeid: Det siste utkastet av manuset som no er publisert, blei lagra to dagar før Jan Roar Leikvoll gjekk bort. Her frå øya Mjønna i Sogn, hvor han hadde hus. Foto: Ellen Lande Gossner
Annonse

Jan Roar Leikvoll døydde i fjor, berre 40 år gammal. Med fire litterært sterke og særeigne romanar, Eit vintereventyr (2008), Fiolinane (2010), Bovara (2012) og Ein songfugl (2013), må han likevel kunne kategoriserast som ein av våre viktigaste samtidsforfattarar. Det er til dømes nærliggande å samanlikne forfattarskapen med svenske Sara Stridsberg. For, til liks med Stridsberg, er bøkene til Leikvoll forlokkande og forstyrrande. Forlokkande i sin estetiserande skrivemåte og forstyrrande med sin eksistensielt utprøvande realisme der forfattaren mellom anna skyv på grensene mellom kjærleik og vald.

 

Realistiske vrengebilde. I alle Leikvolls romanar har ekstreme situasjonar vore utgangspunktet for å skildre og reflektere over det menneskelege i det umenneskelege. I debuten Eit vintereventyr var åstaden ein konsentrasjonsleir, i Fiolinane eit ørkenlandskap, i Bovara eit gudsforlatt kloster og i Songfuglen ein namnlaus by befolka av kvinner og forboden for menn. Ved slik å forme litterære univers som ikkje er utenkelege, men som likevel dyttar i den realistiske ramma, anten ved å framstå som vrengebilde eller mørke fablar, skil Leikvoll seg tydeleg ut i den norske samtidslitteraturen.

ALLEREDE ABONNENT?
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse