Debatt

Sirkelargument om flat skatt

Vi har fått eit sjeldant, tungt koda innsyn i høgreungdomens nye tankegods.

Andreas Masvie argumenterer for flat skatt ved å vise til banale tankeeksperiment, ein høgrelibertariansk tolking av John Locke og nordmenns skattesnylting i Morgenbladet 19. juni. Eller «argumenterer» er truleg feil ord. Masvie introduserer ei rekkje idear og slår så fast, med få eller ingen argument, at desse ideane er sanne. For det underforståtte hovudargumentet i essayet går (forenkla framstilt) som følgjer:

P1: Eit omfordelande skattesystem er urettferdig viss ein sjølveigarskapsversjon av høgrelibertariansk politisk teori er sann.

P2: Ein sjølveigarskapsversjon av høgrelibertariansk politisk teorier er sann.

Konklusjon: Eit omfordelande skattesystem er difor urettferdig.

Moms er ein flat skatt, og det er den skatten folk flest snyltar på.

Dette er eit sirkelargument. Konklusjonen som hovudargumentet leiar til blir, på tilslørande vis, snike inn allereie i premissane. Eg skal vise korleis Masvie gjer dette, men først nokre ord om ideologi og merkelappar.

I anglosaksisk politisk filosofi er libertarianisme ein sentral teori. Libertarianismen kan delast i to etter korleis ein tolkar John Lockes idé om at sidan vi eig vårt arbeid og fruktane av det, kan vi også tileigne oss ting som ingen andre eig, til dømes naturressursar. Ifølgje høgrelibertarianarar er ulikskap i tileigninga av naturressursar heilt greit. Venstrelibertarianarar ønskjer seg derimot fordeling av naturressursar, ofte etter egalitære prinsipp.

Masvie ser derimot ut til å meine at Locke bør tolkast i høgrelibertariansk retning. Tankeeksperimentet med multeplukkaren som blir grovt frårana multene ho plukka fritt i naturen, tydar på dette.

Masvie seier også at ulikskap er ein naturleg konsekvens av fridom. Dette er høgrelibertarianistiske syn. Men bytt gjerne ut denne merkelappen i framstillinga ovanfor, og argumentet vil framleis vere håplaust sirkulært og ideologisk.

Og tilbake til det: Masvie famnar breitt og introduserer ei rekkje idear til støtte for flat skatt. Mest tydeleg er ideen om at det Masvie kallar «tesen om menneskets selveierskap» er i konflikt med eit skattesystem som har eit formål utover det å berre finansiere eit statleg rammeverk som skal verne våre personlege eigendelar.

Legg merke til at ideen, som inngår i første premiss i den forenkla framstillinga ovanfor, eigentleg blir utgjort av fire kontroversielle premiss: (1) at Masvies tolking av Locke er rett, (2) at «tesen om menneskets selveierskap» er sann, (3) at skattesystemet vårt berre skal verne våre eigendelar, og (4) at (2) og (3) faktisk er i konflikt med kvarandre.

Masvie greier ut om «tesen om menneskets selveierskap», men den møter ingen innvendingar undervegs og lesaren blir såleis bedd om å akseptere at (1) menneske er sjølveigande på denne måten, og (2) såleis at denne politiske teorien om at ulik fordeling av naturresursar er naturleg og ikkje bør omfordelast, er sann.

Dette er kontroversielt. Det er mange konkurrerande politiske teoriar og Masvie gir oss få grunnar til å støtte hans. Dette gjer essayet vanskeleg å forstå: Er det eit innlegg innanfor høgrelibertarianismen eller er det eit innlegg om at høgrelibertarianismen gjeld for oss alle? I førstnemnde tilfelle er det så ukontroversielt med flat skatt at essayet er uinteressant, i sistnemnde er både teorien og policy-føreslaget så kontroversielle at dei bør grunngjevast godt, noko Masvie ikkje gjer.

Premiss (3) om at skattesystemet berre skal verne våre eigendelar, blir grunngjeve tradisjonalistisk: Masvie hevdar at dette var skattesystemets opprinnelege funksjon, men seier ikkje kvifor det framleis skal vere tilfelle i dag. Omfordelande skattesystem har blitt demokratisk innført i nyare tid. Masvie ser av uvisse grunnar vekk ifrå dette, men vurderar likevel nordmenns skattesnylting som uttrykk for vår eigentlege ønskje om flat skatt. Og vi har jo nokre flate skattar allereie. Moms er ein flat skatt, og det er den skatten folk flest snyltar på. Premiss (4) blir ikkje drøfta i det heile teke, og det er litt synd for det er her den einaste interessante fagfilosofiske debatten kunne ha vore.

Masvie vil kunne hevde at eg ikkje les han spesielt velvillig. Og det er nok rett. Eg trur til dømes at ein sjølveigarversjon av høgrelibertariansk politisk teori er usann og at eit omfordelande skattesystem er rettferdig. Problemet er vel heller at den forenkla framstillinga av argumentet ovanfor ikkje er spesielt fordelaktig. Eg glattar over størstedelen av essayets retoriske dimensjon, som også utgjer størstedelen av essayet. For det sprikar verkeleg i alle retningar: frå historiske anekdotar om opprør mot urettferdige skatteinstitusjonar frå Magna Carta til den amerikanske uavhengigheitserklæringa og veksten av den svarte økonomien og aukande skattesnylting i dagens Noreg. Men dette er i beste fall lause spekulasjonar som gir oss få eller ingen gode grunnar til å akseptere konklusjonen om flat skatt.

La meg spisse poenget mitt til slutt: Det er klart, men ikkje spesielt interessant, at visse sider ved samfunnet vårt er problematisk ifølgje ein eller annan politisk teori. Derimot er det interessant at ein filosofisk interessert ung ideolog som Masvie – tilknytt tankesmiene Civita og Skaperkraft, men som her underskriv som privatperson – kanskje målber filosofiske idear som unge kvinner og menn i tett nærleik til dagens regjering delar. Norsk høgreside er i endring, og her har vi fått eit sjeldant, tungt koda innsyn i høgreungdomens nye tankegods.

Preben Sørheim,
Filosofistudent og redaksjonsmedlem i Røyst

Mer fra Debatt