Portal

Å overleve som forfattar i distraksjonanes tidsalder

VINDUET: 20 forslag til korleis Noreg i framtida framleis kan produsere sin eigen litteratur (av ein viss kvalitet)

---

Vinduet

Vinduet, Gyldendals tidsskrift for litteratur, har helt siden 1947 vært ett av de viktigste tidsskriftene i Norge. Nåværende redaktør, Preben Jordal, har som ambisjon å gjøre Vinduet så mangfoldig, velskrevet, innfølende, velorientert, grundig og kritisk som mulig. 

Artikkelen er hentet fra Vinduet 3/2014. Vinduet er en av samarbeidspartnerne i Morgenbladets tidsskriftportal. Se mer fra over 25 norske tidsskrift i PORTALEN.

---

Eg debuterte som romanforfattar hausten 2007, same året som Apple lanserte iPhone. Eg hugsar årsmøtet i Norsk Forfattarsentrum i april året etter, og Mikkel Bugge som drog noko eg syntest såg ut som ein flat, svart diamant opp av lomma si, let fingrane gli over skjermen, vende telefonen frå høgkant til lågkant og tilbake slik at me kunne sjå korleis biletet på skjermen følgde etter. Eg tenkte: Mikkel Bugge, du er fortapt. Du forblir éiboksforfattar.

Den spådomen slo ikkje heilt til. Han kom med ei ny bok berre to år etter. Derimot forblei eg éiboksforfattar dei neste seks åra, om me ser vekk frå to sakprosabøker med tekstar som alt hadde stått på trykk i avis, tekstar som veke etter veke med naud og neppe var blitt levert akkurat på dødlinja etter timevis med manisk og deprimerande dans mellom ulike sosiale medium og nettaviser. Eg kjøpte meg nemleg òg iPhone.

Internett og smarttelefonar er sjølvsagt ikkje ein katastrofe for alle forfattarar. Nokre blir redda av godt innarbeidde rutinar. Andre er velsigna med ein gudegitt impulskontroll. Andre igjen er så dedikerte til arbeidet sitt at heile problemstillinga er ikkje-eksisterande. Desse treng ikkje lese vidare. Men så var det oss andre, me som nikkar bedrøva kvar gong me kjem over sitatet «being a good writer is 3 % talent and 97 % not being distracted by the Internet».

Det finst i det heile få gode grunnar til å skrive. Det einaste måtte vere at alle andre alternativ er verre.


Det finst gode grunnar til at forfattarar er ekstra hardt ramma av det deprimerande fenomenet prokrastinering, som på folkeleg norsk kan omsetjast med ein mellomting av utsetjing og somling: Store delar av arbeidet føregår ved ein datamaskin (med internett). Når ein skriv, står ein ofte fast (det er då trongen til å sjekke e-post og nettaviser melder seg). Me har ingen ekte sjef som overvakar arbeidsinnsatsen vår. Tidsfristen for å fullføre ei bok ligg gjerne fleire år fram i tid, om den i det heile tatt eksisterer, og belønninga ein har å sjå fram til, er ikkje særleg motiverande (forbitra, hånande kritikarar, tilbakeståande bokbloggarar, låge salstal). Å skrive er stort sett kjedeleg, og kjedeleg arbeid vil ein helst utsetje i det lengste.

Det finst i det heile få gode grunnar til å skrive. Det einaste måtte vere at alle andre alternativ er verre. Kafkaen sjølv sa at ein måtte bite seg fast til skrivebordet, skulle ein få noko som helst gjort. Victor Hugo skreiv naken og fekk folk til å gøyme kleda hans slik at han ikkje kunne forlate huset. Distraksjonar har til alle tider vore kjærkomne avbrekk i arbeidet, men i dag er distraksjonsmulegheitene mangedobla, langt meir freistande, og gjerne heilt på grensa til å vere helseskadelege (atten episodar av ein Netflix-serie på éin dag «for å lære seg det forteljetekniske handverket»).

Min private spådom er at talet på debutantar, og bøker i det heile tatt, berre vil gå nedover i åra som kjem. Me vil få ein naturleg seleksjon: Berre dei aller mest dedikerte vil klare å lire av seg ei heil, samanhengande bok no og då (og dessverre er ikkje «mest dedikert» einstydande med «mest talentfull»). Dermed vil me nok bli kvitt ein del daukjøt, men òg gå glipp av gode bøker. Iallfall litt gode. Dei fleste bøker kjem til å vere ganske dårlege, fordi forlagsredaktørane bruker tida på å lese matbloggar i håp om å finne den neste Trine når dei eigentleg skulle stryke dårlege setningar i manus.

Og som me veit: Det vil ikkje vere nokon att til å lese bøkene som framleis kjem ut. Dei ser på «kvalitets»-tv-seriar mens dei er på Facebook, og har ikkje tålmod og konsentrasjonsevne nok til å lese andre bøker enn romanar der det på første side, helst i aller første setning, blir ettertrykkeleg slått fast at nokon har ein LØYNDOM, og at lesaren vil få meir og meir kunnskap om denne GROTESKE løyndomen jo fleire sider ein les av romanen.

Men pytt, skrive gjer me tydelegvis likevel, nokon av oss – eigentleg forbausande mange av oss – iallfall enn så lenge, og då kan ein jo først som sist lære seg å overleve som forfattar i distraksjonanes tidsalder. Korleis bite seg fast til skrivebordet i 2014?

Det første ein treng å vite, er korleis prokrastinering fungerer. Dei tre store syndebukkane er: Svak disiplin. Svak motivasjon. Manglande impulskontroll. To vrangførestillingar som går igjen blant kroniske utsetjarar, og som er særleg utbreidd blant forfattarar, er trua på at ein må vere motivert for å kome i gang med oppgåva (skrivinga), og trua på at arbeidet blir dårleg dersom ein manglar denne motivasjonen. Den romantiske og merkeleg slitesterke førestillinga om guddommeleg inspirasjon må ta på seg mykje av skylda her. Ein utsetjar kjem først i gang når frykta for å ikkje få jobben gjort, med dei plagene det scenarioet inneber, overskrid angsten for sjølve oppgåva. Det vil seie: frykta for å forbli éiboksforfattar.

Det finst både psykologiske og biologiske forklaringar på prokrastinering. Den psykologiske går ut på at prokrastinering i stor grad er eit resultat av låg sjølvkjensle og negativt sjølvbilete. Prokrastinøren med den låge sjølvkjensla bruker utsetjinga som eit sjølv-handikappande verktøy: Dersom du skal levere ein artikkel på fredag og det er måndag i dag, begynner du likevel ikkje før på torsdag. For dersom resultatet ikkje blir så bra (noko det jo ikkje blir, sidan du venta heilt til torsdag med å begynne), kan du fortelje deg sjølv at det var fordi du hadde for dårleg tid, og ikkje fordi du ikkje er flink nok.

Andre sjølvpåførte handikapp er perfeksjonisme – som i mange tilfelle berre er latskap kamuflert som perfeksjonisme


Andre sjølvpåførte handikapp er perfeksjonisme – som i mange tilfelle berre er latskap kamuflert som perfeksjonisme – og å overidentifisere deg sjølv med arbeidet sitt og tenke at verdien av deg som person blir målt i verdien av arbeidet ditt (som i forfattarar sitt tilfelle ikkje er ei vrangførestilling, men heilt reelt).

Den biologiske forklaringa går ut på at prokrastinering botnar i ei konflikt mellom to ulike delar av hjernen. På den eine sida prefrontal cortex, eller snusfornufta, som ønsker å vere ute i god tid, ha orden i sysakene og skrive fantastiske bøker – og på den andre sida det limbiske systemet, den primitive apekatthjernen. Det limbiske systemet ønsker å sjekke Twitter utan stans, finne rosiner i skapet når du er midt i arbeidet, og sjå alle episodane av Vestavind på nett-tv.

I denne delen av hjernen ligg òg angst – og fryktsenteret som administrerer den berømte fight-or-flight-responsen, ein automatisert reaksjon på fare. Denne responsen begynner uskuldig: Du frys fast, hjartet begynner å slå raskare, handflatene blir sveitte – men så: Prefrontal cortex slår seg av. Dette fordi ein vil unngå at den snusfornuftige hjernen skal stå og vege for og imot og diskutere kva som er best å gjere når ein til dømes står der med ei glefsande løve framfor seg. I staden tar det limbiske systemet ei kjapp avgjerd: anten flykte eller slåst.

Prokrastinering er eigentleg ei mild form for angstrespons på eit endå mildare trugsmål. Angsten me forfattarar opplever i dag, og som i tidlegare tider blei utløyst av løver, kan kome av ein innleveringsfrist som nærmar seg, eller at ein ikkje veit kor ein skal starte, at ein er redd for å mislykkast eller – vanlegast – synest at sjølve skrivinga er ganske kjedeleg. Og i staden for å slåst eller flykte for livet utset me heile greia eit par dagar.

Prokrastinering er eigentleg ei mild form for angstrespons på eit endå mildare trugsmål.

Spørsmålet er då: Korleis i alle dagar skal ein slutte å prokrastinere når den fornuftige, arbeidsvillige hjernen slår seg av og ein lat apekatt tar over kvar gong ein kjenner det minste ubehag over til dømes ein tidsskriftartikkel som må fullførast?

Det andre ein må vite, er kva det er som gjer akkurat smarttelefonar og internett så spesielt katastrofalt for forfattarar og skribentar. Kort fortalt er sosiale medium, e-post og nettaviser avhengigheitsskapande på same måte som ein kroneautomat. Som på ein kroneautomat har ein mulegheita til å få ein «gevinst» med veldig liten innsats. «Innsats» er då til dømes å taste inn facebook punktum no eller trykke på oppdaterknappen i e-postprogrammet. Dei aller fleste gongane ein går inn og sjekkar noko, er det ingen særleg gevinst: ingen nye e-postar, berre kjedelege Facebook-oppdateringar, teite nettavissaker som du allereie har lese — men ein sjeldan gong har du fått ei privat melding på Facebook, ein spennande e-post, eller det har skjedd noko stort på nettavisene.

Desse formene for gevinstar er det som held ved like trongen til å sjekke. Dei «dresserer» oss, slik Pavlovs hundar blei dresserte. Pavlov observerte at hundar automatisk skilte ut spytt når dei fekk mat i munnen, men at dei òg enkelte gonger skilte ut spytt utan mat i munnen, til dømes ved lyden av stega til personen som vanlegvis kom med maten. Ved systematiske eksperiment fann han at andre signal, som lyden av ei klokke, blei i stand til å framkalle spytt dersom han ringte i klokka og deretter gav hundane mat, slik at dei etter nokre repetisjonar begynte å knytte klokka til mat. Med andre ord kopla han ein gammal fysisk reaksjon til eit heilt nytt signal.

På same måte vil tanken på å sjekke Facebook, nettaviser, e-post og telefon for å finne ut om det kanskje kan ligge ein liten gevinst der — signalet — skilje ut, ikkje spytt, men kjemikaliar i hjernen som gir eit lite, deilig kick. Og trongen til å oppsøke det kicket blir sterkare og sterkare jo meir ein gjer det. Når du sit der og lurer på kvifor i all verda du har opna vg.no igjen, midt i ei setning, er det nyttig å vere klar over at du gjorde det fordi hjernen din ville ha det kicket, og ikkje fordi du er «samfunnsengasjert».

Den kjemikalien det er snakk om, heiter dopamin. Det som er spesielt med eit dopaminkick, er at det ikkje i seg sjølv kjennest godt, men at det gir eit løfte om at det å sjekke Facebook vil kjennast godt. Me vender tilbake igjen og igjen fordi dopaminet fortel oss at dersom me berre gjer det éin gong til, sjekkar VG éin gong til, så vil det til slutt kjennast deilig.

Dopaminets opprinnelege funksjon var å få oss til å overleve når me gjekk rundt som apekattar på savannane. For å overleve var det avgjerande å få i seg føde, og dopaminets oppgåve var å motivere oss til å stanse og ete når me såg ein bærbusk, eller stoppe og pare oss når me såg ein muleg partner. I dag har dopaminet gått bananas fordi me er omgitt av fristelsar på alle kantar.

Det som er spesielt med eit dopaminkick, er at det ikkje i seg sjølv kjennest godt, men at det gir eit løfte om at det å sjekke Facebook vil kjennast godt.

Det som gjer skjermar og internett og sosiale medium ekstra vanskelege å motstå, og dressuren ekstra effektiv, er for det første at «gevinstane», i form av ulike oppdateringar, er umiddelbare. For det andre: Nettet er uendeleg — ein kan klikke seg vidare resten av livet utan å nå slutten. Og for det tredje: Nettet har ei eiga evne til å føre oss på villspor fordi det manglar stengsel mellom ulike oppgåver. Ein skal eigentleg berre sjekke ei faktaopplysning, kjem inn på Wikipedia, følgjer ei av dei interessante blå lenkene vidare til ein ny artikkel, og plutseleg har du site i to timar og lese om kva som skjedde med det bandet du likte éin song av i 1993, mens du fortel deg sjølv at det er research til eit (tydelegvis kvalmande nostalgisk) essay du kanskje skal skrive for ENO.

Men så over til dei meir løysingsorienterte og oppløftande sidene ved denne i-landsproblematikken me alle kjenner så inderleg vel. Korleis få bukt med trongen til å gjere alt anna enn det ein eigentleg skal gjere, nemleg skrive?

20 forslag til korleis Noreg i framtida framleis kan produsere sin eigen litteratur (av ein viss kvalitet)

For konsentrasjon: Set tidslås på internett-tilkopling under arbeidsøktene. Her er det ingen veg utanom, meiner eg. Sjølv om du klarer å arbeide slik nokonlunde utan å sjekke e-post annakvart minutt, så vil viljestyrken du bruker på å motstå nettet, tappe krefter frå skrivinga di.

Legg mobiltelefonen din frå deg i eit anna rom enn der du sit og arbeider. Heilt ideelt sett bør det vere ein fysisk avstand på minst tjue sekund mellom deg og telefonen.

Skru for guds skuld av det du måtte ha av automatiske varslingar på datamaskinen og telefonen når du skal arbeide.

Har du prøvd å skrive for hand i det siste? Ikkje det, nei. Prøv det. Notatbøker er dessutan som regel ikkje kopla til nettet. Mange opplever at tankane flyt lettare når dei skriv for hand – det kjem m.a. av at den kreative, intuitive høgre hjernehalvdelen er meir aktivert når ein skriv for hand enn når ein skriv på tastatur.

Alle faktaopplysingar du treng å slå opp kan du enkelt markere som f.eks. ein «X» i dokumentet eller på papiret og sjekke i pausen. Det viktige er å ikkje stanse opp i skrivinga når du først er i gang.

Prøv å etablere ein dagleg rutine for skrivinga, og hald deg til denne. Finn ut kva tider og stader som fungerer for deg. (Etter å ha vore ein dum romantikar i mange år som greidde å innbille meg sjølv at eg skreiv best seint om kvelden, skriv eg no fast mellom frukost og lunsj kvar dag så sant eg kan.)

Absolutt aldri multitask – multitasking reduserer hjernekapasiteten din samtidig som det aukar stressnivået

For å halde ut: Ta hyppige pausar på om lag fem minutt, gjerne kvar halvtime. Ein halvtime er tida hovudet klarer å arbeide nokolunde skjerpa om gongen. (Dersom du mot alle odds skulle vere så heldig å ha hamna i den myteomspunne og svært ettertrakta flytsona, tar du sjølvsagt ikkje pause.)

Og her er ei lynoppskrift på flyt: 1. Du må vere interessert i det du skal arbeide med. 2. Du må vite nøyaktig kva du skal arbeide med. 3. Du må vite om lag korleis du skal arbeide med det. 4. Omgivnadene må vere slik at det er mogleg å vere heilt konsentrert, fri frå distraksjonar. 5. Du må vere i stand til å stenge kvardagslivets bekymringar ute. 6. Det sentrale punktet: For å finne flyten må vanskegraden i arbeidet og eigenskapane dine matche kvarandre nokså perfekt. Arbeidet må vere utfordrande nok til at du ikkje kjedar deg, men ikkje så vanskeleg at det berre fører til frustrasjon.

Kvar gong du får lyst til å legge ned arbeidet for å ta ein pause før tida, sjekke telefonen eller opne nettavisene, sei til deg sjølv at du berre skal ta fem til. Anten det er å skrive fem setningar til, lese fem sider til eller arbeide i fem minutt til.

Eller: Legg ti minutts obligatorisk venting på alle freistingar som dukkar opp (t.d. søthunger, e-postsjekking, ta seg ein pause). Ventetid kjøler ned heile systemet. I løpet av desse ti minutta: Man fram tanken på den langsiktige belønninga du får ved å stå imot. Berre du klarer å motstå trongen til å sjekke mobilen når du kjem til ei vegsperring, så går det som regel bra.

Når det stoppar opp: Vent. Stir tomt framfor deg, og det tar sjeldan meir enn fem minutt før den rette ideen kjem.

Absolutt aldri multitask – multitasking reduserer hjernekapasiteten din samtidig som det aukar stressnivået.

Dette fungerer for visse forfattarar og er verd eit forsøk: Set deg som mål å skrive eit visst antal teikn eller sider per dag eller veke.

Ein kronisk utsetjar er ute av stand til å nyte fritid fordi han alltid tenker på det han burde ha gjort. Det er ekstra fælt for oss som skriv, for å vere forfattar er som å ha lekser resten av livet. Derfor: Set deg eit realistisk mål for arbeidsdagen eller veka, og når målet er nådd, skal du ta deg fri med godt samvit.

For motivasjon. For det første: Iallfall ikkje tru at du må føle deg motivert, eventuelt inspirert, før du kan skrive! Berre begynn ein stad, med det same.

Planlegg konkrete påskjøningar etter gode arbeidsøkter: sjekke e-post i neste pause, ein kaffi, ein god middag eller kino etter ein bra arbeidsdag, eit par sko du har ønskt deg når du har runda 100 sider i manuset.

Gjer som Ibsen: Heng eit bilete av Strindberg framfor skrivebordet ditt (eller kven no rivalen din måtte vere).

Du er verken spesielt pen, morosam, klok eller grei. Det einaste som i det heile kan rettferdiggjere din eksistens, og det einaste som gjer at folk liker deg, er at du kan skrive. Og sjølv ikkje det gjer du.

Neste gong du er lat, tenk på følgjande faktum: Du er verken spesielt pen, morosam, klok eller grei. Det einaste som i det heile kan rettferdiggjere din eksistens, og det einaste som gjer at folk liker deg, er at du kan skrive. Og sjølv ikkje det gjer du. Du er i ferd med å gjere deg sjølv overflødig. Dersom du ikkje tar deg saman, kan du kva dag som helst oppleve å bli erstatta av ein tilfeldig, ærgjerrig ungdom frå Westerdals.

Ein ukonsentrert forfattar er ein dårleg forfattar. Tenk på at heile innkjøpsordninga er i fare berre fordi du sit og skumles nettaviser i staden for å produsere høgverdig litteratur.

Paradoksalt nok er det jo lite som er så motiverande som å høyre representantar for regjeringspartia uttale seg om kunstnarar, det skal dei faktisk ha. I neste pause, sjå t.d. Julia Brännström sin landsmøtetale frå 2011 på YouTube.

Artikkelen er hentet fra Vinduet 3/2014. Vinduet er en av samarbeidspartnerne i Morgenbladets tidsskriftportal. Se mer fra over 25 norske tidsskrift i PORTALEN.

Mer fra Portal