Annonse
00:00 - 03. juli 2015

Litt om vitskapleg metode og fagleg argumentasjon

Annonse

I førre nummer av Morgenbladet (26. juni) var det eit lengre intervju med meg om den hypotesen som Joseph Emonds og eg har fremja om at engelsk eigentleg er eit nordgermansk språk, og ikkje eit direkte framhald av det vestgermanske gammalengelsk. I samband med intervjuet har avisa innhenta kommentarar frå ein del utanlandske lingvistar, og frå Kristin Bech ved UiO. Dei fleste av kommentarane er negative. (Det hadde vore fullt mogleg å skaffe positive kommentarar frå like framståande forskarar, men det var vel ikkje det journalistiske poenget). Somme av desse kommentarane, særleg den til Bech, byggjer på så alvorlege misoppfatningar av kva prosjektet vårt og hypotesen vår går ut på, at eg må få beda om plass til nokre avklaringar.

For det fyrste, vi har aldri hevda at «engelsk er norsk», slik det står på framsida av avisa. Poenget vårt er at engelsk språk ser ut til å nedstamme frå det nordiske (nordgermanske) språket som danske og norske nybyggjarar hadde med seg da dei slo seg ned i England frå 800-talet og utover. Språket har altså utvikla seg på engelsk jord, under sterk påverknad frå det germanske språket som var der frå før, gammalengelsk.

Som forskar må ein tåle å møte nye idear og tankar.

Den forskinga som har leidd fram til denne hypotesen, har gått føre seg på same vis som anna seriøs forsking: På grunnlag av interessante observasjonar formulerer ein ein hypotese, som så blir testa mot nye observasjonar, og så prøver ein å forklare observasjonane ved hjelp av teori. Dersom Bech meiner det er «pinleg» å leggje fram nye teoriar og hypotesar, så seier vel det meir om ein viss «kultur» i somme norske forskingsmiljø. Som forskar må ein tåle å møte nye idear og tankar, også slike som strid mot tilvande førestillingar.

Hypotesar må sjølvsagt vera formulerte slik at dei kan tilbakevisast dersom dei ikkje held. I motsetnad til det Bech og Kemenade ser ut til å ha fått med seg, er vår hypotese klart falsifiserbar, på minst to måtar: 1) Ein kan vise at ei stor mengd syntaktiske trekk ved engelsk er felles med vestgermansk (t.d. tysk og nederlandsk) til skilnad frå nordgermansk. Vi har leitt etter slike trekk utan å finne nokon. Vi er sjølvsagt interesserte i å få vita om ting vi har oversett, men ingen av kommentatorane peiker konkret på noko slikt. Men da er det ikkje nok med eitt einstaka slikt trekk, ettersom vi har circa 20 som går den andre vegen, altså likt med nordgermansk til skiland frå vestgermansk. Alle desse er sjølvsagt dokumenterte i boka vår. Det er for øvrig overraskande at det ikkje finst nokon reint vestgermanske syntaktiske trekk i engelsk, ettersom det jo er eit blandingsspråk. 2) Ein kan vise at dei fleste av dei nordgermanske syntaktiske trekka også fanst i gammalengelsk. Vi har undersøkt all relevant forskingslitteratur om gammalengelsk (i motsetnad til skuldingar frå Bech og Kemenade) og funne svært lite, mykje mindre enn ein kunne vente dersom det var ei direkte linje frå gammalengelsk via middelengelsk til moderne engelsk. Dei få døma vi har funne, er sjølvsagt med i boka.

Hypotesen vår har vore kjend i fagmiljøa eit to-tre år no. Ved sida av mange positive og interesserte reaksjonar, har vi sjølvsagt òg fått mange skeptiske og negative. Men ingen har presentert konkrete data av det slaget eg nemnde ovanfor. Den som har gått lengst i usaklege kommentarar og grove grunnlause skuldingar utan belegg, er Kristin Bech. Vi var klare over at det var ein kontroversiell hypotese, som ville møte mange motførestillingar, særleg frå folk som har brukt heile forskarkarrieren sin på å prøve å forklare ei mengd merkeleg språkhistoriske overgangar frå gammal- til middelengelsk. Cynthia Allen er ærleg og seier det rett ut i sin kommentar. Det er likevel skuffande når slike forskarar blir direkte aggressive og usaklege, utan vilje til å sjå ting på nye måtar. Det er også ganske pinleg!

Eitt av Bechs argument går ut på at vi bruker syntaktiske kriterium, og ikkje held oss berre til fonologi og morfologi. Det stemmer at den samanliknande språkvitskapen, slik han vart etablert på slutten av 1800-talet, baserte seg på desse faktorane. På den tida hadde ein ingen vitskapleg teori om syntaks. Den kom fyrst frå midten av 1900-talet. Sidan da har det vore mykje diskusjon om bruk av syntaks i historisk-komparativ lingvistikk, og etter kvart har det utvikla seg teoriar og metodar for det, som vi da har brukt i arbeidet vårt.

Til slutt ei heilt nødvendig oppklaring til kommentaren frå Eric Haeberli, som insinuerer at vi publiserer på eit tsjekkisk forlag fordi dei skal ta lett på fagfellevurdering. Dette er ei grov skulding både mot oss som forfattarar og mot forlaget! Sjølvsagt har manuset vore gjennom ein fagfelleprosess, som er grundig gjort greie for på side 9 i boka.

Jan Terje Faarlund
Professor emeritus i nordisk språkvitskap

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Debatt