Debatt

Engelsk og nordisk – enno ein gong

Kristin Bech har misforstått argumentasjonen vår.

I det siste innlegget sitt blir Kristin Bech endeleg konkret, og det er bra, for da ser vi klarare kor ho har misforstått argumentasjonen vår. For dei som har prøvt å følgje med i debatten om forholdet mellom engelsk og nordisk, men som ikkje har lese boka vår (J.E. Emonds & J.T. Faarlund: English: the Language of the Vikings), er det nødvendig å oppklare desse misforståingane. Eg tek dei punkt for punkt:

Bech nemner for det fyrste «manglende inversjon av subjekt og verb, som i Yesterday I visited a friend». Det er rett at dette førekom (under spesifikke vilkår) i gammalengelsk, men ikkje i norrønt. Grundige korpusstudium (ikkje våre eigne, men av engelske spesialistar, referansane finst i boka, s. 109) viser at denne konstruksjonen vart borte i den middelengelsken som danna grunnlaget for moderne engelsk. Det er dette som er det nordiske trekket. Og så dukka manglande inversjon opp att seinare, som ein spesifikt ny-engelsk innovasjon, som dermed ikkje er ein del av vår argumentasjon. Vi har sjølvsagt ikkje påstått at dette er eit norrønt fenomen i engelsk!

Vidare hevdar ho at «Faarlund sier at objektet må komme foran verbet i gammelengelsk». Nei, eg seier ikkje at det må komma føre verbet. I boka (s. 61) seier vi at det var stor variasjon i alle dei eldre germanske språka, inkludert gammalengelsk, men dei hadde alle eit hovudmønster som var det mest frekvente og umarkerte, og ‘underliggjande’ i teoretisk forstand. I gammalengelsk og gammaltysk var dette objekt-verb. I norrønt og middelengelsk var det verb-objekt. Det kvantitative forholdet mellom objekt-verb og verb-objekt vart brått omsnutt ved overgangen frå gammalengelsk til middelengelsk. Etter ca. 1250 var det berre 3 prosent tilfelle av objekt-verb (igjen basert på korpusstudium av engelske lingvistar, referanse i boka, s. 63).

Bech seier ganske riktig at «I moderne engelsk kan man si the man that I talked to, med en «strandet» preposisjon i slutten av setningen. Preposisjonsstranding er vanlig i gammelengelsk også, selv om konstruksjonen er friere nå.» I gammalengelsk, som i norrønt, kunne dei seia the man that I talked to, men tidlegare faglitteratur om gammalengelsk syntaks (ref. s. 86-7 i boka) viser at dei ikkje kunne seia That man I never talked to og liknande konstruksjonar med utfyllinga til preposisjonen (that man) fyrst i setninga. Det kunne ein derimot i norrønt, i middelengelsk, og altså i dagens engelsk og nordisk. Reint teoretisk kunne sjølvsagt ein slik konstruksjon ha oppstått kvar for seg i nordisk og i middelengelsk, men ettersom han ikkje har oppstått i noko anna indoeuropeisk språk, ville det vera eit merkeleg tilfelle om han skulle ha oppstått uavhengig om lag samstundes i to så nærskylde språk.

Ho seier òg at «splittet infinitiv, som i å aldri gi seg, kom inn både i engelsk og skandinavisk på et sent tidspunkt». Det finst døme på slik splitta infinitiv i norrønt, men dei er få, av årsaker som vi forklarer i boka. Dei var (som påvist ved grundige korpusstudium, s. 98-9) heilt utelukka i gammalengelsk, men dukkar plutseleg opp i middelengelsk, og er altså heilt vanleg i dagens engelsk, som i nordisk.

Bech seier at vi ikkje «har gjort rede for hvordan lydkorrespondanser skal innpasses i teorien». Her kan ho ha eit poeng.  Boka inneheld rett nok eit appendiks om fonologi, men det er svært kort. Vi trur det ville vera meir å hente der.

Bech hevdar at  «premisset for metoden» vår er at folk held fast ved grammatikken sin i møte med andre språk. Eg tek opp att at vi ikkje har sagt at syntaktiske mønster ikkje kan lånast, men det er ikkje like vanleg som andre typar lån, og i dette tilfellet ville det vera ei overraskande stor mengd syntaktiske trekk som blir lånte i ei og same retning på om lag same tid. Bech peiker på «dagens nordsamisk, som for tiden gjennomgår syntaktiske endringer under påvirkning av skandinavisk. Det blir ikke et germansk språk av den grunn.» Nei det kan ho ha rett i. Den dagen bortimot halve ordtilfanget og det aller meste av syntaksen i nordsamisk er norsk, så kan vi komma tilbake til saka. Det er vonleg svært lenge til!

Bech etterlyser fleire referansar til faglitteraturen, samstundes som ho ikkje godtek dei korpusstudia vi referer til, og som er utførde av engelske forskarar. Dessutan skriv ho som om hypotesen vår står og fell med eitt enkelt syntaktisk trekk blant dei mange vi observerer. Derfor tek eg opp att at det er akkumulasjonen av så mange syntaktiske mønster som gjer teorien vår plausibel. Vi drøftar moglege motargument mot fleire desse syntaktiske trekka, men det er ikkje Bech fornøgd med. I staden bruker ho våre eigne reservasjonar mot oss som om dei var hennar eigne motargument. Det er sjølvsagt viktig og inspirerande å få kritiske kommentarar til  arbeidet vårt  – men viktigast er dei som viser at innsendaren har lese og forstått det som står i boka.

Jan Terje Faarlund, 
professor em. i nordisk språkvitskap

Mer fra Debatt