Annonse
04:00 - 21. august 2009

Eg kan med nokså stor tryggleik slå fast at alle val eg gjorde på 00-talet, var uviktige, sett frå døden, skriv Agnes Ravatn.

Eg kan med nokså stor tryggleik slå fast at alle val eg gjorde på 00-talet, var uviktige, sett frå døden, skriv Agnes Ravatn.

Meiningslaust: «Eg såg på gravferda til Erik Bye på tv, medan eg låg på golvet og tok sit-ups og grein,» er episoden som reflekterer heile 00-talet for Agnes Ravatn. foto: Ellen Lande Gossner
Annonse

Det var haust. Eg hadde flytta til Bergen for å starte på mitt vaksne liv. Eg skulle studere! Kultivere mitt lovande intellekt, og la det som hagen bløme (før syndefallet), godt hjelpt av stimulerande medstudentar og lærde professorar. Det var den første hausten i resten av mitt liv, alt som skjedde no ville danne grunnlag for korleis det ville bli, dette «livet mitt», som eg hadde så mange planar for. Min kvelande bygdebakgrunn hadde eg for lengst lagt bak meg. No skulle det levast! Alle menneske lagnaden skulle la meg møte, ville bestemme kva framtid og kva middagsselskap eg seinare i livet skulle vere gjest i. Eg skulle dynke meg i tidsstraumen, med alle sine idear og knugande samfunnsspørsmål. Ta ansvar for mitt eige liv!
 

Men det er berre éin einaste episode som renn meg i hug, når eg no skal la mitt korttidsminne reflektere over heile 00-talet. Ein føremiddag i min grufulle Z-forma hybel i Ladegårdsveiten i 2004, ein hybel utan kjøleskap og utan vindauge, og med berre tusenvis av skadedyr som mine næraste: Eg såg på gravferda til Erik Bye på tv, medan eg låg på golvet og tok sit-ups og grein.
 

Var no dette så representativt for 00-talet? Ja visst! vil eg hevde. I Vigdis Hjorths Tredje person entall (2008) tar bipersonen Bo ein slags under evigheitas synsvinkeltest på alt. Når han står overfor eit viktig val, tenkjer han på kva han ville synast om valet når han ligg for døden og ser tilbake på livet sitt. «Han kaller det: sett fra døden.» Eg kan med nokså stor tryggleik slå fast at alle val eg gjorde på 00-talet, var uviktige, sett frå døden. For ateistar og/eller det moderne mennesket har døden ei eiga evne til å få alt til å fortone seg som heilt meiningslaust. Og ikkje minst for min del var 00-talet meiningslaust: ingen personlege kriser, ingen alvorleg sjukdom, ingen store val. Eg tok drosje for hundre tusen kroner. Kjøpte bøker eg ikkje las. Hadde forhold som ikkje varte. Kva gjorde eg for å påverke mi samtid? Stemte berre éin gong på ein Idol-deltakar (på Gaute Ormåsen i finalen mot Kurt Nilsen!). Og elles kan eg ikkje kome på noko.
 

ALLEREDE ABONNENT?
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse