08:34 - 22. februar 2013

Dei allierte

SIOE-N si Facebookgruppe er styrd av ei samling menneske frå inn- og utland. Kven er dei eigentleg?

Anders Gravers er ein internasjonalt kjend antimuslimsk aktivist, som starta si karriere i Den Danske Forening – ein organisasjon som i røynda var søsterorganisasjonen til norske Folkebevegelsen Mot Innvandring. Han var medstiftar av Stop Islamiseringen af Danmark i 2005, og har sidan stått sentralt i arbeidet med å stifta internasjonale nettverk. Gravers har delteke i både kommunevalet i Århus og i folketingsvalet, men har ikkje lukkast som politikar.

 

Annonse