Annonse
04:00 - 06. august 2004

Morgondagen er ein fantasi

I Nordens flottaste buddhisttempel feirar dei bursdagen til Buddha. Vi vil berre vite kva oppvakning er.

Annonse

No grillar dei i hagen og førebur storinnrykk. Det er ein stor dag i Khuong Viet-templet på Lørenskog: Vesakha. Buddha, den oppvakne, har bursdag. Buddhismen er religionen utan gud, der ingenting er tilfeldig. Alt er i endring. Trua er ikkje så viktig som praksis. Difor tilber dei heller ikkje, forklarer munken Vien Dinh. Dei minnest eller ærer Buddha, Dharma (hans lære) og Sangha (hans fellesskap). Munken finn tid for ein prat, og viser oss inn i templet.

Ikkje alle forstår at Khuong Viet er eit tempel heller. Stadig kjem det nokon som vil bestille mat, dei trur munkane driv restaurant. Dei blir fort raude i toppen når munkane svarar at dei gjerne må ta seg ein matbit, men at dette er eit klostertempel. Andre kjem for å få vite opningstidene. Munken ler. Eit tempel er alltid opent.

Liding. Vien Dinh hentar nokre puter, og vi set oss ned ved vindauget i rommet med Buddha- og bodhisatvastatuene.

ALLEREDE ABONNENT?
Kjøp abonnement
Inntil 50 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse