Annonse
04:00 - 30. april 2004

Offentleg arroganse og urban naivitet i rovdyrpolitikken

“Politiske handverkarar og utøvande og ideelle faginstansar har vasa seg inn i ein floke av ønskedraumar, sjølvmotseiingar og lause påstandar som er dømde til å sprekke i dagslyset, skriver kronikkforfattaren om Stortingets rovdyrmelding. “

Annonse

I desse dagar er den siste rovdyrmeldinga, St. meld. nr. 15 (2003-2004),under vurdering av energi- og miljøkomiteen i Stortinget, og ikkje minst på høyring og diskusjon blant lek og lærd i by og land. Når denne tredje meldinga sidan 1991/92 om større rovvilt i norsk natur no er framlagd, etter at Bernkonvensjonen (om vern av ville europeiske planter og dyr) vart ratifisert av Stortinget alt i 1986, viser dette i seg sjølv at både ratifikasjon, meldingar og vedtak har vore tufta på leirføter. Som krona på verket har denne siste meldinga, som mange trudde skulle løyse nokre av knutane, vekt den største harmen av alle, paradoksalt nok også blant rovdyrentusiastane. Historisk basert innsikt. Hovudgrunnlaget for eit langsiktig og effektivt artsvern må vere at flest mogeleg spelar på same lag, og viktigaste medspelarane i denne samanhengen er dei som lever nærast og har størst innverknad på den naturen som både skal gje livsgrunnlag, vernast og forvaltast. Viktige element i ein slik strategi er at faglege tilrådingar og politiske vedtak skaper allmenn tillit, det vil seie at dei byggjer på samordna fakta som er henta frå historiske kjelder, reelle forskingsresultat, pålitande statistikk, praktiske naturobservasjonar og faglege og sosiale konsekvensutgreiingar i vid forstand. Då duger det lite å strekkje fram mjuke hender med fantasifulle framlegg til fåfengde hjelperåder kombinert med ei dømande uthenging av historisk basert innsikt og praktisk folkevett.

Vidare må dei styrande ta innover seg at landet gjennom dei siste desennia har godteke ei rekkje internasjonale miljøavtalar og -konvensjonar, der ulike formål ofte er på kollisjonskurs. Då krevst det innbyrdes tilpassing og prioritering meir enn ei lettvint utplukking av ein eller annan konvensjon slik det høver for kvar einskild sak.

Endeleg har styresmaktene for kort tid sidan ratifisert enno ein konvensjon om vern av «kvardagslandskapet ». Det mest særeigne ved Landskapskonvensjonen skal vere at «man ikke verner gjennom direktiver, men gjennom vett og forstand,» heiter det frå høgaste hald. Denne utsegna må vere ei klår stadfesting på at dei nemnde eigenskapane ikkje har hatt nokon framskoten plass i tidlegare praktisering, til dømes av Bernkonvensjonen?

Lese mer?

— Prøv Morgenbladet —
Det er
ettertanken
som teller
Inntil 30% rabatt
Bestill her
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.