Annonse
04:00 - 02. april 2004

Clemet leverer varene

“Er det faktisk von for den norske skulen? “

Annonse

Så var ikkje Kunnskapshøgre dødt likevel. I dag, det vil seie fredag den 2. april, vert stortingsmelding nummer 30 (2003-2004), Kultur for læring, lagt fram for Stortinget. Meldinga som fortel oss korleis framtidas norske skule bør vere – etter Kristin Clemets syn – inneheld mange fine og vene ord, svært mange fine og vene ord. Men skreller vi vekk dei mange fine og vene orda, sit vi at med noko så uventa som – ei god stortingsmelding om utdanning. Ja, så god er stortingsmeldinga at det er grunn til å frykte at ho ikkje kjem uskadd gjennom Stortinget.

Dei som vil røyste for, er allereie klare: I mangel på eit eige alternativ kjem Framstegspartiet, saman med Høgre og Venstre, til å røyste for. Sosialistisk Venstreparti, Arbeidarpartiet, Senterpartiet og store delar av Kristeleg Folkeparti, derimot, kjem til å røyste imot, om vi baserer oss på tidlegare åtferd.

Personen som får det reelle ansvaret for å lose meldinga gjennom Stortinget, er KrFs parlamentariske leiar Jon Lilletun. Lilletun har sjølv vore utdanningsminisiter, og han har eit anna kunnskapssyn enn Clemet. Som han sjølv har sagt det: «Eg har ei dotter som er førskulelærar, og henne lyttar eg til.» Eitt nederlag. Clemet har gått på eitt stort nederlag i Stortinget. Det var då ho foreslo at førskulelærarane skulle ut av barneskulen. Då Læreplanen av 1997, L-97, og seksårsreforma vart innførd, fekk førskulelærarane høve til å undervise elevar frå fyrste til og med fjerde klasse. Lesetestar viser at elevar underviste av førskulelærarar gjer det dramatisk mykje dårlegare enn elevar underviste av allmennlærar. Difor foreslo altså Clemet at førskulelærarane burde ut av skulen og tilbake til barnehagen. Stortingsfleirtalet, som inkluderte Høgres samarbeidspartnar i regjeringa KrF, og Ap, SP og SV, stod samla på ei anna linje: – Førskulelærar har så mykje annan kompetanse som trengs i skulen, var omkvedet.

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.