Annonse
04:00 - 07. juni 2002

Uregjerleg arvestoff

Det er i tider med sterk vekt på den personlege retten til fritt å forsyna seg, at interessa for det biologiske grunnlaget for menneskeleg atferd bruker gripa om seg.

Annonse

Når folk tek til å spørja seg kvifor samfunnsfellesskapen skal oppmuntra grådige einskildmenneske til å bli endå grådigare, oppstår allmenne solidaritetsrørsler.

Kapitalkreftene har den fordelen at dei arbeider på lag med dei enklaste driftene: å fylla vomma, velta seg i halmen og la dei andre skjøtta seg sjølve. Tilsynelatande nestekjærlege motkrefter kan forklarast med at dei oppstår i periodar med lite å fylla vomma med, og knapt med halm å velta seg i. Straks forholda betrar seg, blir den enkelte atter si eiga lykkes smed, ein krigar som ikkje skuldar truskap til anna enn sine eigne arveanlegg.

Det gode med å granska oss sjølve som om me var ville dyr i skogen, er at det kan gi forklaring på mangt som elles blir verande i tåka. Til dømes kvifor me ennå ikkje har greidd å gjennomføra rettferd og fred her i den jordiske biotopen vår. Likeeins burde det vera interessant for alle som ikkje greier slå seg til ro med livslang kjøkkenteneste, at kjøkkenet er ein kunstig konstruksjon som ikkje finst ute i naturen. Og dei som ikkje kjenner personleg trong til å ofra karrieren for å stella gamle slektningar, kan henta trøyst i det faktum at det er der heller ingen andre dyr som gjer.

ALLEREDE ABONNENT?
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse