Annonse
04:00 - 03. mai 2002

Kva er biologisme?

Annonse

I Morgenbladet har det i lang tid no gått føre seg ein diskusjon om biologi og biologisme. Diskusjonen er viktig og debattantane bra. Derfor håpar eg at den ikkje blir redaksjonelt avslutta på lenge enno. Mitt bidrag her er eit framlegg til svar på dette: Kva er biologisme? Kvar går demarkasjonslinja mellom biologi og biologisme? Og kortversjonen av svaret mitt er slik: Når nokon oppgraderer den kognitive statusen til biologien slik at den får religiøse og metafysiske dimensjonar, blir biologismen til. At den har fått religiøse og metafysiske dimensjonar, viser seg ved at representanten for den gir seg ut for å kunne gjere greie for kva saker og ting eigentleg, djupast sett, er.

Det finst avgrensa kontekstar der det for visse formål kan vere fruktbart å betrakte menneskeleg aktivitet som om den fullt ut var eit produkt av nevrofysiologiske prosessar. Då ser ein naturlegvis bort frå slike fenomen som intensjonal handling og viljesytringar. Det ligg ikkje noko biologistisk eller scientistisk i det. Det finst andre kontekstar der det ikkje er fruktbart å betrakte mennesket slik, men der det tvert om fører til absurditet.

Det finst neppe noka prinsipiell grense for kva biologien kan blande seg opp i eller prøve å forklare. Alle fagfolk kan prøve å lage teoriar om «alt». Dei blir ikkje scientistiske metafysikarar ved det. Steget blir først tatt når ein av dei seier at hans vitskap gir vesensinnsikt, mens andre fag berre gir kunnskap om det tilsynelatande. For eksempel slik: «Det finst eigentleg ikkje stolar, bord og solnedgangar, berre elementærpartiklar.» Eller slik: «Det finst eigentleg ikkje intensjonale handlingar, berre biomasse i rørsle. Det finst eigentleg ikkje tenking, berre ein nevronal informasjonsprosess.» Med andre ord: Den som gir seg sjølv det overordna tolkingsmonopolet, sit med den scientistiske svarteper.

ALLEREDE ABONNENT?
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse