Annonse
04:00 - 20. desember 2002

Det irakiske dilemmaet

Annonse

Ein skal vera varsam med å spå om utviklinga i Midtausten, men ein krig mellom USA og Irak i fyrste del av 2003 er ikkje eit usannsynleg scenario. I konflikten mellom Bush-administrasjonen og Baath-regimet i Bagdad har interessene til den irakiske opposisjonen vorte skove i bakgrunnen. På dagsorden står det tilsynelatande berre eitt spørsmål: Krig eller ikkje krig mot Irak. Fokus i antikrigsalliansen som er under oppbygging i dei vestlege landa, reflekterer dette. Den har tydelegvis lettare for å seia nei til krig mot Irak og ja til eit fritt Palestina i eitt og same andedrag, enn å seia eit like klart ja til eit fritt og demokratisk Irak utan Saddam Hussein. Kvifor er det slik? Eg trur mykje av svaret ligg i at for venstresida vert motstanden mot ein krig sett på som ein motstand mot amerikansk imperialisme. Interessene til den irakiske sivilbefolkninga vert redusert til eit ynske om å få dei USA-leia FN-sanksjonane oppheva. Den irakiske opposisjonen er langt på veg diskreditert og få om nokon andre enn USA interesserer seg for den. På eit anti-sanksjonsmøte i Oslo for nokre år sida reiste ein aktivist seg og sa at det ikkje var venstresida si oppgåve å meina noko om interne tilhøve i Irak! Det er symptomatisk at ei venstreside som har meint svært mykje om Tyrkia sin skitne krig mot PKK, har vigd kurdarane i Irak lita merksemd, sjølv om Saddam Hussein sin krig mot eiga kurdisk befolkning har vore endå grusommare.

Eit svært sentralt amerikansk motiv for å gå til krig mot Irak er ynsket om å sikra at det kjem eit USA-venleg regime til makta i Bagdad. Men for den samansette irakiske opposisjonen er det uttalte målet, uavhengig av den amerikanske agendaen, å kvitta seg med eit terrorregime til fordel for eit regime og ein politisk styreform som er demokratisk og reflekterer at Irak både religiøst og etnisk er eit svært samansett samfunn. Å få til ein eller annan form for føderalisme i landet mellom Eufrat og Tigris kan synest vanskeleg når ein ser kor splitta opposisjonen er. Like fullt er det klart at det ikkje finst noko anna akseptabelt alternativ.

Dei kurdiske områda i den nordlege delen av Irak står i ei særstilling. Etter at irakiske styrkar trekte seg ut av to-tredelar av irakisk Kurdistan i kjølvatnet av den kurdiske intifadaen i 1991, har det vore kurdisk sjølvstyre der. Med unnatak av krigen mellom dei to leiande partia KDP og PUK i perioden 1994–97, og meir lokale konfliktar mellom dei kurdiske styresmaktene og islamistar, og kurdisk gerilja frå Tyrkia, har det vore relativt fredeleg i dette området som vanlegvis berre vert nemnt i norske medium når det dreier seg om æresdrap, Mullah Krekar og Ansar al-Islam. Trass i manglande internasjonal støtte og stor grad av isolasjon frå omverda, har denne delen av Irak utvikla seg i ei langt opnare og meir demokratisk retning enn resten av landet. Dei politiske forholda i det kurdiske sjølvstyreområdet kjem også godt frå det om ein samanliknar dei med forholda i dei omkringliggjande statane. Den tidlegare einsrettinga og valdskulturen under Saddam Hussein sitt regime, har dei siste elleve åra vorte erstatta med mangfald, åpenhet, dialog og fokus på korleis respekten for menneskerettane kan betrast og det sivile samfunnet styrkast. Det finst meir enn 70 aviser, somme av dei uavhengige, og nyleg frikjende ein lokal domstol redaktøren av avisa Hawlati, som dei lokale styresmaktene hadde gått til sak mot! Det er ingen sensur på bruk av Internett, og det er eventuelt berre folks økonomi som hindrar dei i å skaffa seg satellittfjernsyn. Fengsla er ikkje fulle av politiske fangar og offentlege tenestemenn og politifolk set seg på skulebenken for å læra om menneskerettar.

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.