Annonse
04:00 - 22. mars 2002

Jesus - barn av si tid

“Var Jesus ein endetidsprofet, ein sosialrevolusjonær forkynnar, eller primært ein inspirert mystikar, eller litt av kvart? Ulike retninger i moderne Jesus-forsking tilbyr nær sagt ein personleg Jesus for kvar og ein, alt etter smak og ynske. “

Annonse

Kvifor vart Jesus avretta? For teologar er svaret klårt: han leid og døydde på krossen i samsvar med Guds plan og vilje for å frelsa manneætta, som elles på grunn av synd ville ha gått fortapinga til møtes. Ein historikar må derimot byggja på det me veit, og det vil i dette tilfellet segja skriftlege kjelder og arkeologiske funn, som sjølvsagt må tolkast i ljos av det me elles veit om menneskeleg psykologi og åtferd.Ein reknar gjerne Reimarus (1694-1768) som den fyrste i nyare tid som på kritisk-historisk vis granska og vurderte Jesus og opphavet til kristendomen. Vidare tilskuv kom i opplysningstida, men «det moderne gjenombrotet» for slik gransking vart lagt av tyske akademikarar på 1800-talet, og fekk ein slags oppsummerande «konklusjon» i og med Albert Schweitzers bok Geschichte der Jesu–Leben–Forschung (1906, 1913). Schweitzers bok portretterte Jesus som ein glødande endetidsprofet som tok grunnleggjande feil: Guds rike, som på mirakuløst vis skulle bryta fram, kom ikkje, og ikkje noko tyder på at det vil koma slik Jesus i samsvar med samtidig jødisk eskatologi meinte at ein allmektig Gud både ville og kunne gripa inn i soga og handla overfor verda. Men endå Jesu syn på tilhøvet millom Gud, verda og historia var rangt, hevda Schweitzer at den etiske bodskapen åt Jesus ikkje var knytt til historiske omstende, men var eit tidlaust ideal som ein sunn sivilisasjon måtte byggja på.

Schweitzers bok verka ei tid lamande på den historisk granskinga av Jesus, men den historiske granskartrongen var ikkje daud, og reaksjonar mot den ahistoriske Kristus (som Paulus faktisk er det tidlegaste og fremste dømet på) hev i dei siste tiåra gjeve oss ein flaum av bøker med meir eller mindre nye og radikale synsmåtar og tolkingar. Spør ein etter resultata av dette strevet, må svaret vera: meir eggjande interessant enn klårt konkluderande. Ikkje lite semje finn ein når det gjeld Jesu tilhøve til den kulturen han vart fødd inn i. Det tykkjest vanskeleg å «frigjera» honom frå dei grunnleggjande draga i seinjødisk teori og praksis: han braut ikkje, segjer sers kunnige granskarar, med det som hadde vore skriftfest og praktisert tidlegare. Han var heilt og fullt jøde; det originale ved honom var den uvanlege åndelege givnaden og intelligensen hans, som gjorde forkynninga hans sermerkt kraftfull og overtydande.

Dersom Jesus var eit religiøst geni som forkynte og handla innanfor ei råme av gjevne fyresetnader ( men her er det sers viktig å markera at seinjødedomen i mangt var eit sprikjande mangfelde), då er det Paulus og forfattaren av Johannes-evangeliet som «skapte» kristendomen som eigen religion.

Lese mer?

— Prøv Morgenbladet —
Det er
ettertanken
som teller
Inntil 30% rabatt
Bestill her
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.