Annonse
04:00 - 07. desember 2001

Portrettet som forskingsprosjekt

Annonse

I sitt siste prosjekt Isortoq Unartoq (etter dei to øyane der bileta er tekne) syner fotografen Mette Tronvoll bilete av folk som badar i varme kulpar på Grønland. Utstillinga, som går verda rundt, kan ein no sjå på Trondheim Kunstmuseum. Grønlendarane dreg til Isortoq Unartoq for å campere og feriere, langt bort frå kvardagslivets trivialitetar. Bileta utgjer ein kontrast til dei sosialrealistiske bileta frå Grønland vi har blitt vant til dei siste åra der alkoholisme, arbeidsløyse og sosiale problem er framtredande. Her visast menneskja med ei større verdigheit. Intensitet, ro, harmoni og tilfredsheit er karakteristisk for desse portretta. Og det er som portrettkunstnar Mette Tronvoll har slått igjennom. Hennar første store utstilling, Age Women 25-90 var i Trondheim i 1994, der ho synte bilete av sine jevngamle venninner i New York og eldre kvinner frå Svorkmo i Orkanger.

Prosessen som oppstår mellom fotograf og dei ein tek bilete av har alltid vore viktig for Mette Tronvoll. I serien Isortoq Unartoq flytter Tronvoll seg for første gong utanfor atelieret som har vore utgangspunkt for hennar tidlegare portrett. Men ho definerte etterkvart badeplassane som sitt atelier. På Grønland kunne ho berre kome fram til badeplassane der bileta vart tekne, ved hjelp av båt. Ho vart sleppt av med mat og campingutstyr for fleire dagars opphald, med avtale om å verte plukka opp att seinare. Til saman tilbrakte ho 10 veker her sommaren 1998 og 1999. Til tider kjende ho seg einsam, åleine ved badeplassane, men etterkvart vart ho inkludert i varmen og fellesskapet hjå dei camperande grønlendarane som tilbrakte helger og fellesferie der.

Etter å ha levd i New York i mange år, der alt er så hurtig og raskt, fekk ho roa ned tempoet ein del på desse opphalda. Det å vere saman med folk og sjå kva som oppstår og vere våken overfor det, vart ein viktig del av prosessen. Det endte med at ho tok med seg kamera ned i vatnet for å kome i forholdet ein til ein i høve til dei ho fotograferte. Ho ville gå rett på. Det ho ville ha var eit konsentrert uttrykk. Dei som vart fotografert måtte sjå inn i kamera, måtte vere veldig tilstades i prosessen, og det gjenspeglar seg i portretta som har ein sterk intensitet – ho hadde fått tilliten deira.

Lese mer?

— Prøv Morgenbladet —
Det er
ettertanken
som teller
Inntil 30% rabatt
Bestill her
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.