Annonse
04:00 - 12. oktober 2001

Modernistisk blikk på norsk litteraturhistorie

“Per Thomas Andersens Norsk litteraturhistorie er moderne refleksiv historieforteljing. “

Annonse

Med Per Thomas Andersens nye, store eittbandsverk, Norsk litteraturhistorie, er det samlande, personlege forteljeperspektivet tilbake i litteraturhistoriefaget. Etter mange års reservasjon mot alle einskapssøkjande, ideologibefengte storforteljingar er historieforteljinga på nytt ein fagleg akseptert metode. Uhemma legg Andersen eit subjektivt forteljeperspektiv ned over norsk litteraturs tusenårige historie.Det er ein historikar med blikk for modernismen som talar. Hans faglege orienteringspunkt er modernismen som internasjonal estetisk tradisjon og kunstnarleg emblem for det moderne samfunnet. Med utgangspunkt i modernismens gjennomgåande tendens til oppløysing av tradisjonelle einskapssøkjande forteljeformer og pluralisering av dei litterære talestemmene, har Andersen sentrert historieforteljinga kring sentralperspektivet. Han fortel om korleis realismens forteljeformer med sine sentrale tolkings- og forteljeperspektiv kom til å bli ein dominant tradisjon i norsk litteratur, og korleis modernistisk estetikk frå slutten av det 19. hundreåret kom inn, og utover på 1900-talet slo igjennom, inntil modernismens tekstformer no er dei dominante. Postmoderne estetikk er i Andersens kontekst variantar av modernisme.

Med dette utgangspunkt skriv Andersen litteraturhistorie som kunsthistorie. Perspektivet er langt på veg elitistisk og avantgardistisk. Estetikken er sett i sentrum, med biletkunstens og musikkens estetikk og historie som referansefelt for ordets estetikk. I nokon monn tilgodeser forfattaren også skrifthistoria, og tangerer dermed teologihistoria. Forøvrig tangerer også estetikkhistoria hos Andersen teologihistoria; for meir enn det har vore vanleg, ser han i romantikkens estetikk spor av negativ teologi. Dette verket er eit langt steg framover mot tiltrengd endring av eit tradisjonstungt fag med eit forelda kulturpolitisk perspektiv på norsk litteratur. Den nasjonsbyggjande og nasjonsbevarande didaktikken som i si tid skapte faget, er definitivt forlate. Alt særnorsk ved litteratur på norsk (ut over språket) er i tona ned i denne boka, eller også tolka som ein konsekvens av kulturell isolasjon i kjølvatnet av nasjonalstatens politiske frigjering.

Men det er også lik i lasta Andersen har med frå europeisk estetikk- og idéhistorie, som er danningsgrunnlaget for Norsk litteraturhistorie. Det forteljande subjektet er umiskjenneleg ein (vaksen) mann. I banal, biografisk forstand er dette sjølvinnlysande og ingen ting å kommentere. Men talestemma, som er ein abstraksjon av perspektiv i danningstradisjonen Andersen har valt å følgje er også mann. Andersens inntoning av tradisjonstung mannssentrert historieforteljing har resultert i ei mykje sympatisk stemme. Ho fortel ei inkluderande historie som gir solid, respektfylt rom for kvinners kulturinnsats og litterære virke gjennom tidene. Med fokus på dei sjølvbiografiske brev- og dagbokgenrane, meir enn på romanen, teiknar Andersen i ord t.d. eit stimulerande portrett av Camilla Collett som ein morsskapnad for moderne norsk litteratur – marginalisert, nomadisk og oppsiktsvekkjande langt før si tid. Det er som om det ut av portrettet stig ei uredd storesyster av vår tids postmoderne nomadiske forfattarar. Bjørnson, nasjonalpoeten framfor nokon, har Andersen til samanlikning jekka ned av sokkelen, kva skjønnlitteraturen (særleg dramatikken) gjeld, men krediterer han rikeleg for journalistikken og brevlitteraturen.

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.