Annonse
04:00 - 08. januar 1999

Ein dialog om samtalen

Annonse

KULTUR– Samtalens er årets mediesjanger. På fjernsyn sat kjende personar og snakka saman i ein snau halvtime utan avbrot frå travle programleiarar som er mest spente på «hva dere der hjemme» meiner. Så altfor vellykka var vel ikkje desse programma. Kunsten å stille spørsmål høyrer til retorikkens klassiske lære, men er blitt ei sak for ein profesjon. Det er når vi høyrer medieformidla samtalar at det blir tydeleg at skilnaden er stor mellom den uformelle, høflege, lyttande praten og den offentlege samtalen der den minste nyanse i spørsmålet kan sende svararen ut på lange omvegar.

– Intervjuet har vore så sterkt knytt til avismediet og dei meir flyktige lesevanane at det har vist seg vanskeleg å overføre sjangersærtrekka til eit medium for den stille, rolege lesinga. Eit intervju som kan verke langt i ei avis, kjem til kort i boka. Det er ikkje berre berre å halde eit intervju gåande i tjue og tretti sider og dermed gi det same lengda som eit vanleg kapittel. Mange har prøvt. Dei fleste har gått i ei av sjangerfellene. Anten merkar lesaren kor nøye planlagt intervjuet er, at spørsmåla kjem som dei gjer same kva intervjuobjektet svarte fem linjer ovanfor. Eller så blir spørjaren så oppteken av å følgje svararens digresjonar at substansen går over i flytande form. Dessutan er det ikkje berre opp til den som spør. Det som kan vere eit ledig intervju i munnleg form, blir så lett vagt og konturlaust når det kjem på trykk. Det skriftlege uttrykket har altså andre kvalitetar enn det munnlege.

– På trykk står samtalane i Der Spiegel i ein klasse for seg. Like sidan starten i dei tyske ruinane etter andre verdskrigen har bladet trykt sine «Spiegel Gespräch». Nesten like lenge har tidsskriftredaktørar drøymt om å få til noko liknande. Eit erklært forsøk på ein norsk parallell var «Samtaler i Samtiden» i 1980-åra; eit utval av desse kom til slutt i bokform. I haust har fleire forlag gitt ut samtalebøker der menn og kvinner møtest i tankegangar om svært ulike aktuelle emne. Det er med mange av desse samtalane som med tv-programma: personkonstellasjonane er gjerne meir interessante enn det dei får seg til å seie.

Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.