Annonse
04:00 - 02. juni 1995

Den vaginale staten

Annonse

Har den norske røyndomen eigentleg ei historie? Eit underleg spørsmål ville mange hevde, men likevel. Spørsmålet trenger seg på og krev eit svar.

AV NILS LANGELAND

I Dag Solstads geniale Roman 87 sit hovudpersonen, som er nyutdanna historikar, og førebur forelesingane sine i norsk historie ved Lillehammer Distriktshøgskole. Han blir mest overvelda av det endelause konturlause syttenhundretalet, som aldri ser ut til å ta slutt. Det er uråd å få tak på det. Det flyt ut i kaloritabellar, sykliske rørsler og demografanes tørre statistikkar. Det er ingenting mellom oss og fiskehjellane på svaberga av granitt. Granitten er taus og ugjennomtrengjeleg. Det er ingen kulturell tåke mellom vårt blikk og den naturlege røyndomen. Ingen tåke som kan føre fantasien på avvegar, ingen avgrunnar, inga underside, inga tvetydigheit. Noreg er berre natur.

ALLEREDE ABONNENT?
Begrenset sommertilbud
Inntil 50 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse