Annonse
04:00 - 10. mai 1994

Etnisk rensing i Rwanda og Burundi - ein politisk maktkamp

Utanriksministeren i Burundi, Jean Marie Ngendahayo, meiner at krigen i Rwanda og oppstanden i Burundi er forsøk på statskupp under dekke av etniske motsetningar mellom tutsiane og hutuane. Men den etniske konflikten er ei felle som er laga nokre politikarar og militære. Den er så smart at folket ikkje ser det, seier Ngendahayo. No ber han om hjelp frå nordiske land.

Annonse

- Den etniske konflikten har blitt eit alibi for myrderi som er regissert i ein maktkamp uavhengig etnisk bakgrunn, seier Ngendahayo. Tidligare kolonimakter distanserer seg frå konflikten under dekke av at det er stammeoppgjer. Dei vil ikkje innsjå at det er resultat av deira eigen politikk i Afrika, der dei har satt stammer opp mot kvarandre for sjølv å halde makta. Ei erkjenning av at det er denne strategien som no er ute av kontroll vil slå tilbake på den vestlige politikken i Afrika. Ein stammekrig, derimot, er noko ein ikkje kan gjere noko med, anna enn å trekke sine falskjermsoldatar og diplomatar ut, og vente til dei ville har drept frå seg.

Også Amnesty International hevdar at konflikten blir styrt av tryggingsstyrkane og av element frå styresmaktene i Rwanda, og at det i utgangspunktet ikkje er ein revolt fra dei etniske gruppene. Den overliggande konflikten i Rwanda og også i Burundi har vore kamp om posisjonar makt og pengar, og om tilgang til statskassa. Det har handla om korrupsjon og manipulering, og ikkje først og fremst om etnisitet, meiner utanriksminsteren. Forskjellen er at Burundi hadde kome lenger i å etablere eit demokratisk system og ein politisk maktbalanse som så langt har klart å hindre fraksjonar i å rive dette landet i stykker.

ALLEREDE ABONNENT?
Begrenset sommertilbud
Inntil 50 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse