Under streken
No, når Nansen-året er vél passert, og feiringa av Amundsens ørkenvandring i Antarktis godt forbi, kan det vera på sin plass med skitkasting om langrenn. NM for skieliten, som NRK brukte som veggtilveggteppe i sine sendingar, fire dagar til ende, er også over, og det merkeleg ettertrakta Marcialonga like så, som Dagens Næringsliv dekte i mange veker på førehand. Finanseliten i Norge, og deira sponsa turlag, trengjer seg på turrennet i Italia med meir enn 2840 deltakarar.
Trangt er det nedetter dalen der dei stakar seg (i Syd-Tyrol), og køane av utolmodige langrennarar tilsvarande. I år vart det faktisk sett begrensing på kor mange nordmenn som fekk melda seg på; arrangørane var redde for at dei ikkje skulle få plass til italienarane sjølve (2319 påmeldte i år).
Langrenn er ikkje stort annleis enn motorsport. Så vidt eg har forstått, er det svært avgjerande for resultatet i til dømes Formel-1 kva bil og merke ein er sponsa av, og kva utforming dei ulike motorane har. Kor flinke dei i støtteapparatet er til å skifta dekk, og raske til å fylla bensin, er også avgjerande. I mindre grad handlar prestasjonen og sigeren om evnene til sjølve føraren.
Langrenn er ikkje mykje betre. Ein kan kjøpa seg til ei god tid. Ein får lov å bytta ski undervegs på dei lange løpa, til og med.
Ta for eksempel VM på ski i Oslo i fjor. Der var berre Petter Northug norsk medaljekandidat på femmila då løparane passerte det høgste punktet på Frognerseteren. Men ned igjen kom dei rennande, Tord Asle Gjerdalen, og Sjur Røthe, og nordmenn du ikkje har høyrt om eingang. Dei som hadde vore mange sekund bak, var brått i fremste rekke att, inne på stadion. Norge hadde nemleg så stort apparat av testarar og maskiner under VM at dei kunne fanga opp at eit anna mønster på sålen (ein noko grovare slip, som det heiter i fagspråket) gav mykje betre glid utover, då sola fekk litt meir tak ut på dagen. Norge hadde større budsjett til preparering av ski enn Sveits hadde til all drifta av sine landslag.
Den heilt store kontrasten til andre idrettar får du viss du reiser til maratontevlinga i til dømes Berlin. Rett nok er heile byen engasjert i å skipa til sjølve løpet, slik også Vossebygda var under NM på ski. Men løparane kan koma som dei er, med joggeskoa dansande i eine handa. Viss dei då i det heile bruker joggesko, det er blitt så populært å prøva utan.
Sjølv dei aller beste, frå Etiopia eller Kenya, har ikkje noko vesentleg støtteapparat med. Ho som vann i fjor (Florence Kiplagat) blei køyrd til hotellet etter pressekonferansen, men det kom ingen gigantisk trailer med alle skiene, stavane, smurningane, glidertypane og slipemaskinene i kjølvatnet hennar. Litt bortanfor hotellinngangen sat fire etiopiske løparar på ein murkant og dingla med beina. Dei var truleg dei einaste innleigde assistentane i løpet, dei ein kallar harar, dei som skal halda farten oppe (mot verdsrekord). Men heller ikkje dei trong meir utstyr enn to joggesko av det lette slaget.
Løping er ein tvers gjennom demokratisk idrett. Det hjelper nok å vera fødd og vaksen opp i tynnluft, som mange frå Etiopia og Kenya. Men du kan ikkje kjøpa deg til gode resultat (dopingproblematikken er ikkje rekna med her). Det er dette ein kan mistenkja at lokkar finanseliten i Norge nettopp med langrenn. Eller kvifor langrenn er ein idrett nordmenn hevdar seg så godt i, internasjonalt. Ein kan jo ha flaks med smurning og skival sjølv om ein ikkje er søkkrik, men det hjelper som oftast, om ein har ti mann til å hjelpa seg med å finna det som glir best.
Nei, langrenn er ikkje noko ein treng sjå på fjernsyn, eller tala så mykje om. Då får ein mykje betre tid til å gå på ski sjølv.









Ingen kommentarer