– Å fjerne sidemålskarakteren vil ikkje svekke nynorsken, hevdar Kristin Halvorsen. Kva trur du?
– Verken lærarar eller elevar prioriterer det som ikkje får karakter. Det skjønar alle.
– Sidemålsstilen blei innført i den norske skulen i 1907, men no kan det vere slutt. Kva vil dette føre til?
– Utdanningsdirektoratet og Kristin Halvorsen hevdar dei kjem med ei satsing på skriveopplæringa, alt alt vil bli betre for alle. Men dei kjem ikkje unna at å fjerne karakteren inneber at sidemålet blir mindre viktig enn tidlegare. Nettopp nynorskens stilling i samfunnet er ofte utslagsgivande for nynorskelevar som byttar hovudmål når dei byrjar på vidaregåande.
– Fordi det er flaut?
– Det er liksom blitt lov til å mobbe. Nynorsk blir kalla ein sjukdom. Vi nynorskbrukarar får beskjed om å komme oss attende til fjøset. Slikt hadde jo ikkje vore greitt om eg var muslim eller homo. Språk er identitet. Men ingen vaksenpersonar reagerer når 13-åringar blir erta for målet sitt. Eg fryktar for statusen til nynorsken.
– Gutane i Unge Høgre er hissige, og dei frydar seg no.
– Dei er faste i trua.
– Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn har nytta omgrepet «aktiv dødshjelp» om framlegget. Han siterer ein elev ved Fagerborg videregående skole i Oslo som sa til NRK at «nynorsk er et utdøende språk, og det må vi hjelpe til å drepe».
– Det er jo drøyt at folk skal få seie slikt offentleg! Alt dette snakket om at ein vil avskaffe nynorsk ... Vil dei eg skal flytte?
– Framlegget blir av nokre omtala som ein spikar i kista for nynorsken. Kva tenker du om det?
– Så mørkt er det ikkje. Vi døyr ikkje ut. Skriftkulturen er sterk. Vi er framleis mange, og vi er overalt. Men om vi får ei ytterligare svekking av opplæringa, trur eg kløfta mellom nynorskbrukarar og bokmålsfolk blir større. Nynorsken kan bli eit regionalspråk og eit elitespråk. I verste fall.
– Korleis vil du beskrive nynorskens stilling i dag?
– Vi har ikkje eit arbeidsliv som legg til rette for folk som vil bruke nynorsk. Når nynorsken mistar status kan det føre til at ein endå oftare blir tvinga til å skrive bokmål. Og då har vi eit demokratisk problem.
– Kvifor?
– Erfaringa frå andre land er at dersom ein tospråkleg skriftkultur skal overleve så må majoriteten vere villig til å lære seg minoritetens språk. Vi nynorskbrukarar er heilt avhengige av at majoriteten let oss få bruke språket vårt. Då er den juridiske statusen avgjerande.
– Ja, hvis jamstillingsvedtaket verkeleg var truga, kunne vi snakke om ein kritisk situasjon. Men det er jo ikkje på tale her.
– Nei, men om framlegget går gjennom vil det i praksis føre til at vi ikkje stiller krav til at alle skal kunne skrive på begge målformer. Ingen treng lenger dokumentere at dei kan nynorsk. Eg trur dette vil føre til dårlegare opplæring og på sikt til at det kan bli vanskelegare å forsvare tospråkspolitikken. Det er illevarslande at Utdanningsdirektoratet ikkje kjem med tiltak for å gjere sidemålsundervisninga sprekare og kulare. Vi får ei senking av ambisjonsnivået og ingenting anna. Merkeleg er det at framlegga står heilt i strid med det som står i Soria Moria-erklæringa og i partiprogramma.
– Dei fleste av oss som har hatt nynorsk på skulen er ikkje i stand til å bruke målet. Er ikkje tida inne til å erkjenne at nynorsk er for komplisert til at det kan lærast på deltid?
– Alle kan klare det. Unge Høgre klager over at dei må pugge sterke verb, og der er eg faktisk einig. Men dei misforstår når dei trur det er språket det er noko gale med. Metoden er problemet.
– Korleis?
– Vi har etter kvart mykje forsking på kva som funkar. Vi veit kva som skal til: Det gjeld å byrje tidleg. Ikkje i puberteten. Vi må innføre lærebøker på sidemål i andre fag enn norsk. Elevane må få lese noko anna enn berre Arne Garborg. Og vi må jobbe systematisk med haldningar.
– Tanken bak framlegga er at ein må gå vekk frå ambisjonen om at elevane skal meistre hovudmål og sidemål like godt. Er ikkje dét berre ei grei realitetsorientering?
– Eg kan vere med på å diskutere prinsippet, men eg saknar i alle tilfelle progressiv tenking. Då Kristin Halvorsen var finansminister under krisa, kom det tiltakspakkar. Ho gjorde noko. No står vi i ei slags språkkrise, men ein vel å gi opp. I realfag har ein snudd den negative trenden. Matematikk har fått status mellom elevane, og det trass i at ein ikkje får bruk for algebra kvar dag i livet.
– Ungdommane snakkar framleis om «spynorsk mordliste» og liknande. Ser du ikkje at det vil hjelpe på nynorskens image dersom ein slepp målet laus frå karakterpress og tvang?
– Mogleg, men eg trur ikkje det har noko å seie på sikt. Det som trengs er entusiasme i undervisninga. Eg går på lektorprogrammet ved UiO, og vi får null undervisning i nynorsk. Det er forventa at vi kan det frå før. Mange i klassen er usikre og engstelige, og snart går dei ut i skulen og reproduserer angsten for nynorsken.
– Ein ting er at vi ikkje kan skrive nynorsk, men det er vel verre at mange ikkje ein gong vil eller kan lese språket. Vaksne folk! I framlegget frå Utdanningsdirektoratet ligg det og at ein skal trene meir på å lese nynorsk. Dét er vel fornuftig?
– Jo, men det kunne ein ha gjort innanfor gjeldande læreplan. Og gløym aldri at språk er mykje meir enn kommunikasjon. Å jobbe med skriving og grammatikk gjev dessutan kognitive fordelar i mange andre samanhengar. Jo meir språk ein lærer, jo desto enklare blir det å lære nye språk.
– Vi lever no i eit multikulturelt samfunn. Bør ikkje det få noko å seia for norskundervisninga?
– Eg reiser mykje rundt på skular, og mi erfaring er at mange innvandrarar har mykje større toleranse for to skriftspråk enn nordmenn har. Dei skjønar kvifor det er viktig. Dessutan: Hugs at ein får fritak om du har eit anna morsmål enn norsk, eller om det blir snakka eit anna språk i heimen.
– Men ein må framleis kunne begge måla i mange statlege jobbar?
– Slik er det. Det handlar om kompetanse. På same måte som vi forventar at norsklærarar kan norsk og at rekneskapsførarar kan matematikken som trengs.
– Kvar gong det er nynorskdebatt får vi høyre at nynorsk er så fint i poesien. Det er jo kjekt, men vel også urovekkande?
– Eg er lei av det. Nynorsk er ikkje høgkultur, det er eit bruksspråk. Det fins handlelister på nynorsk.
– Aftenpostens Vidar Kvalshaug meinte på Twitter at «god erotikk er mest sanselig på nynorsk»?
– At nynorsken blir oppfatta som meir sanselig kan ha å gjere med at ein nyttar meir verb. Og god nynorsk språkføring har mindre svada og tåkeprat. Ein går rett på sak. Dessutan er jo nynorsk eksotisk for mange.
– I avisene framstår debatten dels som kuriosa: nynorsk som raritetskabinett. Kva tyder det?
– Media forenklar og forsterkar fordommar. Ein er oppteken av nynorskens død og om sjeldne ord og uttrykk. Ein får ikkje fram kor komplisert debatten eigentleg er.
– I kulturlivet har bokmålet (tenk på deLillos) vike for dialekta (tenk John Olav Nilsen, Stein Torleif Bjella, Lars Vaular), og i sosiale medium skriv folk ofte som dei snakkar. Treng vi då nynorsken på same måte som før?
– Dialekten har fått ein mykje sterkare plass fordi uttrykket blir personleg. Nokre trur at nynorsk er ein dialekt, men det er jo feil. – Det finst forfattarar som sjølv bokmålsfolk maktar å lese, til dømes Frode Grytten, Olaug Nilssen og Ragnar Hovland. Kva kan de som steller med nynorskpolitikk lære av dei?
– Akkurat det trur eg berre handlar om at folk kjenner att god litteratur.
– Kven skriv best nynorsk i dette landet?
– Det tør eg ikkje svare på. Men min helt er Aud Søyland, medredaktør i den gule ordlista. Eg har ei signert utgåve. Aud er trygg som ei klippe. Ho veit kva som er lov og ikkje lov.
– Ny «enkel og stram» nynorsk rettskrivingsnorm er på plass frå 1. august. Er du nøgd?
– Både og. Eg trur ikkje den blir lettare, men heller ikkje meir forvirrande.
– Trygge nynorskbrukarar gjev blaffen?
– Normer er for lærarar og læreverk. Forfattarar gjer som dei vil. Det same ser vi i bokmålet.
– Språkvitar Klaus Johan Myrvoll meiner, ifølgje NRK, at det no er blitt like vanskelig å lære nynorsk som spansk.
– He he, då trur eg det er altfor mange som føler seg smarte. Eg er ikkje så oppteken av rettskrivingsdebatten. Det er ikkje det det står på. Ein kan ikkje normere seg ut av samfunnsproblem.
– Myrvoll viser til at setninga «Vi ønsker dere velkommen» no kan skrivast på 16 ulike måtar. Er det å forenkle?
– Folk skulle berre visst kva som er lov i bokmål. Det er ikkje meir anarki i nynorsken enn andre stader.
jkt@morgenbladet.no.








Ingen kommentarer