• Utdanningsdirektoratet foreslo denne veka å avskaffe karakteren i sidemål.Kunnskapsminister Kristin Halvorsen vurderer framlegget. • I staden kan vi få ein felles karakter for hovudmål og sidemål både på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule • Direktoratet vil vekk frå ambisjonen om at elevane skal beherske bokmål og nynorsk like godt. • Ifølge framlegget bør nynorskeksamen utgå i ungdomsskulen. I vidaregåande skal ein framleis risikere eksamen i skriftleg sidemål, men oppgåvene kan bli enklare å løyse, med kortare tekstar. • Halvorsen vil samtidig vurdere å gje tilleggspoeng for nynorsk hovudmål ved opptak til høgare utdanning.




Ingen kommentarer