I London konkurrerer utøvarar frå heile verda dei komande dagane om ære. Gunsten frå publikum på idrettsarenaene feller seg ned som medaljar av gull, sølv og bronse på brystet på dei aller beste. Kvifor akkurat desse metalla? Kvifor ikkje jern, sement og stål, dersom det er framsteget OL hyller?
Då den franske baronen Pierre de Coubertin vekte dei olympiske leikane til live, fekk ikkje vinnaren gull. Den første moderne olympiske meister blei æra med ein olivenkrans rundt hovudet, etter gammel gresk skikk. I tillegg fekk han ein medalje i sølv, og det evig-like-prosaiske-diplom. Dette i det Herrens, eller kan vi heller seie Zevs’ år 1896.
Åtte år seinare hausta vinnerlaga gull. Då fann leikane stad i St. Louis i delstaten Missouri. Dei varte forvirrande lenge, frå den 1. juli til 23. november. Det var også uklart kva som verkeleg var olympiske idrettsøvingar, og kva som berre var oppvisningar, som tautrekking, som dei innfødtes bogeskyting på «Anthropological Day».
Med sommar-OL i St. Louis blei sølv gjort om til det nest beste metallet. Og bronse kom med, for den lukkelege eller nokre gonger heldige tredjemann. (Vinnaren av maraton-øvinga hadde fått haik med manageren i meir enn 15 kilometer, og vart fråteken gullmedaljen.)
Kvifor ikkje rubin, topas og smaragd? Eller ein opal, ein aga og ein ametyst? Forskriftene i dei gamle Mosebøkene er metta med ulike edle gjenstandar. I openberringane sine badar Johannes i førestillinger om edelsteinar: Grunnsteinane i himmelens bymur skulle prydast med dei, «den første grunnsteinen var av jaspis, den andre var av safir, den tredje av kalsedon, den fjerde av smaragd, den femte av sardonyks», og så vidare. Etter tradisjonen skal han ha fått desse visjonane på den greske øya Patmos. Så bibeltru amerikanarar kan jo hatt dekning i den greske antikken også, for anna enn gull, sølv og bronse.
Det kan ha vore dei lokale arrangørane i St. Louis som introduserte bronse, og det kan ha vore Den olympiske komité (IOC), i dag med sete i sveitsiske Lausanne. Baron Coubertin tok aldri turen over havet, og langt vest i det støvete USA. I eit møtereferat frå administrasjonskomiteen i 1921 heiter det at medaljane skal bestå av gull, sølv og bronse, men arkivseksjonen i IOC har ikkje funne nedfelt noko skriftleg om kvifor disse metalla blei valde, på førespurnad frå Morgenbladet.
Er vi fri til å assosiere som vi vil? Om bronse, aller først?
– Hesiod, seier professor i historie Jørgen Christian Meyer ved Universitetet i Bergen.
– Eg vil tru dei har tenkt som han. Hesiod brukte metall til å karakterisere dei ulike epokane i verdshistoria. Romerske Ovid tok over denne inndelinga, og eigentleg den moderne arkeologien, innleidd av dansken Christian Jürgensen Thomsen, som introduserte omgrepa steinalder, bronsealder og jernalder i 1836, sier Meyer.
Hesiod skreiv om aldrane i fortida i diktet «Verk og dager», omkring år 700 før Kristus. Gullalderen var den beste tid, då levde menneska blant gudane, og i harmoni med kvarandre. I sølvalderen fornekta menneska gudane, og kom i strid med kvarandre. I bronsealderen var menneska harde; krig var deira einaste mål. Men jernalderen, Hesiods eiga tid, var den verste. Barn fornekta foreldra, brør slost med brør, vert med gjest. Makta og løgna rådde.
– I sommar pløyde eg meg gjennom Homers Illiaden, i norsk omsetjing frå 1920. Der finn eg stadig uttrykk om «det skinnende kobber», men ikkje så mykje om bronse?
Meyer sjekkar – med den ganske nye omsetjinga av dansken Otto Steen Due. Det dominerende metallet hjå Homer, både til våpen og prydgjenstander, er tydelegvis bronse. Kopar blir nevnt, og stundom jern, men på langt nær så ofte som bronse, verken i Illiaden eller Odysseen.
– Kopar tar ein i bruk omkring år 4000 før Kristus. Men det er blautt. Så smelta ein kopar i hop med arsenikk, som herdar det. Problemet var at smeden blei sjuk, av arsenikkforgifting. Men, så omkring år 3000 før Kristus byrjar menneska å blande tinn inn. Då har vi bronse. Bronse er hardt, sier Meyer.
– Bronse har litt glans, bronse kan skine før tida og lufta har irra metallet mørkt og grønt. Var det også viktig, for dei mytiske grekarane hos Homer, Akillevs og Odyssevs?
– Det ser i alle fall ut til at bronse har høg prestisje i Homers dikting. Han kjenner jo til jernsmedar, og lever i det ein seinare kaller jernalderen. Bronse-sverda var betre. Men jern gjev moglegheit for å ruste store hærer, slik romarane gjorde.
– Bronse var elitens metall? Det var ikkje særleg demokratisk?
– Bronse er relativt lett å lage, det krev ikke samme høge temperaturen i smelteovnen som jern. Men det fordrar altså to metall, kopar og tinn, som var vanskelege å få fatt i; førekomstene var gjerne langt frå kvarandre. Bronse var dyrt. Jernet var meir demokratisk, meir tilgjengeleg, seier Meyer, og han legg til:
– Bronsestøypingsteknologien startar i Midtausten, men breier seg lynraskt til Sentral-Europa, og noko seinare til Norden. Bronsealderen var faktisk global, slik vi gjerne tenkjer, først om vår eiga tid.
Dei færraste av oss skal nokon gong bøye hovudet og få ein olympisk bronsemedalje lagt om halsen. Men lyden av bronse kjenner vi godt, somme også irriterande godt, kvar søndag føremiddag. Kyrkjeklokkene er støypt i bronse.
Lyden av bryllaup. Lyden av gravferd. Eller lyden av framtida, dersom ein høyrer veldig godt etter.
Historikaren Lewis Mumford har kalla klokka den viktigaste maskina i vår kultur. Før klokka si tid var avtalar og dagsrytme regulert av sola si ferd over himmelen. Heile livstempoet var bedageleg og omtrentleg. I eit essay knyter Trond Berg Eriksen, professor i idéhistorie ved Universitetet i Oslo, endringa an til slutten av 1300-tallet og dei store urskivene på rådhustårna i europeiske storbyar. Dei markerte kvart minutt i døgnet. Men kan vi dra også bronseklokkene inn i forkant? Og til den moderne kapitalismen i ettertid?
– Tidsreguleringa var ikkje berre ein føresetnad for tidlegkapitalismen, men for alle litt meir kompliserte samfunnsformer, skriv Berg Eriksen på ein epost frå OL-byen St. Moritz (rett nok vinterleikane, i 1928, og 1948).
– Tenk på klosterlivet. Dessutan var det dei franske hugenottane som starta den sveitsiske urindustrien på 1500-tallet. Klokka kjem altså fra det samme miljøet som Max Weber skriv om i boka om kapitalismen og den protestantiske etikken, svarar Berg Eriksen.
Altius, citius, fortius. Raskare, høgare, sterkare. Det moderne OL byggjer på reguleringa, målinga, klokka. Bronse kunne eigentleg ha vore det gullet meistrane får.
På Nauen gård i Tønsberg driv Morten Olsen-Nauen Norges einaste klokkestøyperi. Hans tipp-tippoldefar var smed. Klokkespelet på bankbygget i Tønsberg har komme til lyd og vørdnad att ved Olsen-Nauens innsats. Seinare i sommar skal verksemda hans levera kyrkjeklokker til Nordlyskatedralen i Alta, og til kyrkja Kvam i Steinkjer.
– Bronsemedaljane i London-OL inneheld berre 0,5 prosent tinn. Du må blanda inn mye meir i koparen, for å få den fine klangen?
– Ja. Klokkebronse er ei eiga legering av kopar og 20 prosent tinn, sånn om lag, og minst mogleg av alt anna, legg Morten Olsen-Nauen til.
Han fortel at bronseklokkene har litt kaldare, gulkvit glans enn medaljar, som har større innslag av kopar. Også rådhusklokkene i hovudstaden i Norge, som spelar så fint kvar time, er støypte på Nauen gård. Dei kan vara i til minst år 3000, om ikkje brannar eller krigar øydelegg dei.
– Dei gamle franske klokkene frå 1949 lydde ikkje så bra, og blei bytta ut i 1999. Vi kjøpte dei gamle, og stilte tre av dei ut på gardstunet vårt. Dei vart stolne i forfjor, fortel Olsen-Nauen.
Dei har ikkje komme til rettes, sjølv om tjuvane la att spor. Dei øydela ein jekk på dei meir enn halvt tonn tunge klokkene, og sølte blod. Politiet har altså DNA å gå etter, i det minste.
I gamle dagar var det gjerne krigane som truga kyrkjeklokkene. Bronsen blei støypt om til kanoner. I dag er det kriminelle nettverk som omset metall, særleg kopar. Kopar er dyrt, det blir brukt mykje i elektriske kablar, rundt om i heile verda.
Pierre de Coubertin vona dei olympiske leikane skulle bli ein ny religion, som forbrødra verdas folk, og avskaffa krigane. Men kva ville OL vore uten nasjonalismen, eigentleg? Berlin-OL under Hitler. Beijing-OL i 2008. Og for den del: Lillehammer-OL i 1994.
Den mest myteomspunne norske bronsemedaljen vart tildelt bronselaget frå sommar-OL i 1936. I kvartfinalen i fotball sigra Norge over sjølvaste Tyskland, med 2-0, på Poststadion i Berlin, med rikskanslaren og 55 000 til på tribunane. Kampen blei overført direkte på norsk radio. Kommentatoren Peder Christian Andersen: «Seieren er vår! Tyskerne kan ikke tro sine egne øyne. Og dette har foregått i Hitlers og Goebbels påsyn.»
– Eg er så glad i det laget at eg drøymer at eg spelar på det, seier Aslak Sira Myhre, sportsentusiast og forfattar av fotballantologien En god dag for fotball, der kapteinen på bronselaget, Jørgen Juve, er inkludert.
– Bronse i verdas største idrett er jo fantastisk bra. Då vi vokste opp, likte vi også å sjå på triumfen mot Tyskland som vi tenkte om gulla til Jesse Owens i samme meisterskapen, at det var ein nasestyvar for Der Führer. Men i realiteten var det ikkje slik, ikke i samtida. Då var nordmennene berre ein endå meir arisk rase, seier Myhre. Owens, sprintar og lengdehoppar, var svart.
– Idrett og politikk er tett vevd saman. Men det er nok oftast i ettertid ein gjev slike sportstriumfar politisk verdi, seier Finn Olstad, historikar og forfattar av Norsk idrettshistorie.
– Berlin-OL blei arrangert medan den spanske borgarkrigen eksploderte. General Franco fekk avgjerande hjelp av tyske fly. Hadde sigeren over Tyskland politiske konnotasjonar for norsk politisk venstreside, i samtida?
– Eg trur det. Men det er vanskelegare å beleggje med data, seier Olstad.
Han må ta atterhald, han svarar frå feriestaden sin. Han fortel at arbeidarrørsla hadde sin alternative olympiade i Barcelona i 1936. Under vinter-OL samme året (Garmisch-Partenkirchen) forsøkte LO å presse fagorganiserte til å boikotte Hitler-leikane, blant anna Oddbjørn Hagen, kombinertløparen som vann gull.
– Det reiste ein tropp på 30 fra Arbeidernes Idrettsforening, leidd av Rolf Hofmo, til Barcelona. Denne alternative olympiaden blei avlyst etter dei kom fram, på grunn av utbrotet av borgarkrigen, som dei eigentleg opplevde frå orkesterplass, fortel Jo Stein Moen, forfattar av Tusen dager – Norge og den spanske borgerkrigen 1936–1939.
– Svært få i Norge var oppteken av boikotten. Bronselaget blei feira som heltar i Norge, legg han til.
Finn Olstad er samd.
– Boikott blei ikkje samme temaet under sommar-OL. Bronselaget var eigentleg ein god blanding av arbeidarar og funksjonærar, seier han.
Og Jørgen Juve var sportsjournalist, i Tidens Tegn.
Ein god blanding bronse, kunne ein tenkje, omtrent som medaljane som skal delast ut i London dei kommande dagane: mest kopar, ein del zink, og ein liten del tinn.
Men medalje-symbolikk kan lett flerrast bort også; i semifinalen i 1936 tapte Norge mot Italia, ein annan fasciststat den gongen.
Så langt har bronse berre handla om menn. Vonleg kjem kvinna i denne soga endå meir overraskande, på denne måten. Den første norske kvinnelege utøvaren som tok bronse i OL, var Anna Margarethe «Molla» Bjurstedt. Ho tapte så vidt i semifinalen i 1912, men sigra i bronsefinalen, i den for mange svært gjeve idretten tennis.
– Bronsen til Molla var ein sensasjon i Stockholm , skriv Tom A. Schancke i ein epost.
Han held på med eit norsk idrettsleksikon i fire band, som tar for seg alle tiders norske meisterskapsmedaljar.
– Hugs at kvinnetennis begynte allereie i Wimbledon i 1884, etterfulgt av US Open i 1887 og French Open i 1897. Sporten var nesten totaldominert av Storbritannia og USA, legg han til.
Handballkvinnene er dei som mest sannsynleg tar medalje for Norge under OL i London, men dei er såpass favorittar at somme av dei kanskje ikkje blir nøgde sjølv med bronse.
Det finst trøyst for dei, skulle dei ikkje ein gong vinne bronsefinalen. Gigantverksemda Rio Tinto har forsynt London 2012 med metalla: kopar frå ei gruve i Salt Lake City, sølv og gull frå Mongolia. Både miljøaktivistar og fagforeiningar demonstrerte i vår i den britiske hovedstaden mot Rio Tinto – som ikkje handsamar arbeidarane sine bra, eller tar luft- og vannforureininga tilstrekkeleg på alvor, ifølgje demonstrantane.
Kan hende er det like greit med den gamle sigerskransen – i meir eller mindre grønn oliven.









Ingen kommentarer