Mennesket og milliardane

Kva finst bortanfor kalkulatorhøgre?

«Velferd på blå resept» og «Velferd som virker» er blant Høgres mange velferdsretta slagord for denne valkampen. I den ferske boka Velferden og dens fiender skriv Erik Vatnøy, medarbeidar i den konservative tankesmia Civita, om korleis høgresida kan gjere velferdspolitikk til si merkesak.
- Venstresida har tent på at dei har hatt definisjonsmakta over velferdspolitikken. Når ein snakkar om velferd i Noreg, er det alltid underforstått at alle problem kjem av for lite offentlege pengar eller for lite statleg styring. Ved val har partia på venstresida brukt ein mistillitsretorikk der dei stiller spørsmålsteikn ved høgresidas intensjonar, seier Vatnøy til Morgenbladet.
- Som at høgresida vil sette bestemor ut på anbod og tene pengar på henne?
- Ja, det blir ofte lagt som premiss.
- Trur du Høgre går fram fordi dei snakkar så mykje om velferd?
- Høgre brukar slagordet «mennesker ikke milliarder». Som retorisk strategi er det meir vellukka, fordi det gjer bodskapen meir konkret for veljarane, men eg synest dette slagordet godtek venstresidas premiss om ein motsetnad mellom dei som er opptekne av menneske og dei som er opptekne av milliardar. Det som ligg under, er at det er noko gale med å vere oppteken av det økonomiske perspektivet. Det blir eit slags oppgjer med «kalkulatorhøgre».

Retorikk. - Er alt snakket om velferd teikn på ei politisk endring i Høgre, trur du?
- I Noreg er velferd synonymt med skattefinansiert statleg velferd. Borgarlege snakkar ikkje om velferdsstaten, men om velferdssamfunnet. Vi har større tru på at folk sørgar for seg sjølv, og på løysingar som ikkje er statlege. Kommentatorane trur at Høgre har gått mot sentrum fordi dei snakkar om velferd. Men det er ei retorisk endring. Partiet går jo inn for det same som før. Partiet står støtt på sin borgarlege politikk.
For Vatnøy er det eit sentralt poeng at forskjellen mellom velferdspolitikken til Høgre og Ap ikkje er så stor.
- Det handlar om verkemiddel, meir statleg styring står mot meir valfridom. Regjeringspartia framstiller det som om dei er dei einaste som vil bruke store pengar på velferd, medan høgrepartia heller vil ha skattelette. Men alle vil jo framleis ha velferdsordningar. Venstresida gjer det til eit spørsmål om «samfunnets retning», og det blir blåst opp til ein fundamental ideologisk debatt. Men som regel kan ein jo ikkje sjå på statsbudsjettet til ei regjering kva farge den har, seier Vatnøy.

Lærer av Sverige. Når Høgre i Noreg snakkar om velferd, menneske og millionar, synest Ali Esbati det minner veldig om noko han har høyrd før. Esbati er analytikar i den fagforeiningsnære tankesmia Manifest og har bakgrunn frå Vänsterpartiet i Sverige, SVs systerparti.
- Det er veldig tydeleg at dei har lært av dei svenske Moderaterna. Dei har oppdaga at ideen om velferdsstaten er veldig populær i dei nordiske landa, dermed prøver dei å kapre saksfeltet. Det er eit fellestrekk at dei prøver å skildre politikken på ein ny måte, meiner Esbati.
- I Sverige har regjeringa klart å gjere dramatiske endringar. Dei har nedmontert velferden og sett i gang prosessar som gjer at folk venner seg til private løysingar, seier han.

På sikt. Esbati fortel at han har lese Vatnøys bok med stor interesse.
- Retorikken i boka er svært interessant, sjølv om eg synest nokre av konklusjonane er merkelege. Vatnøy meiner det ikkje er store forskjellar mellom høgre og venstre, fordi ingen vil ha total privatisering av alle velferdstenester. Han prøver å gjere sjølve retninga på politikken til noko ein ikkje skal diskutere. Også i Sverige har regjeringa gått tydeleg ut og sagt at det er «marginale forskjellar» mellom deira politikk og sosialdemokratane sin. Men poenget er at politikken deira faktisk fører til store forskjellar på sikt. Om ein ikkje skal diskutere retninga, blir det jo også vanskeleg å føre ein meiningsfylt politisk debatt, seier Esbati.
Esbati meiner det vil vere svært skadeleg for velferdspolitikken om ein berre skulle snakke om grader av ulikskap.
- Det blir også vanskelegare å føre ein skikkeleg debatt om venstresida tilpassar seg trykket frå høgresida og føreslår politikk som risikerer å berre bli oppfatta som gradsforskjellar, seier Esbati.

ad@morgenbladet.no