I ei sak i tidlegare Spelemannsbladet i 2007 kom det fram at dei norske folkemusikkarkiva stampar i motbakke. Dei økonomiske rammene var svært ustabile og skjøre, vart det skrive den gongen. Konsekvensane var mangelfull sikring av uerstattelege musikkopptak.
Eit fleirtal av dei spurde arkivarane fortalde dessutan at dei heller ikkje oppfylte internasjonale arkiveringskrav, dei såkalla IASA-krava (International Association of Sound & Audiovisual Archives).
Lite er gjort sidan 2007. Folkemusikkarkiva spinn framleis i den same motbakken. Nokre av dei har i mellomtida takka for seg. No sist Norsk Folkemusikksamling på Universitetet i Oslo, som Universitetet sjølv har føreslege å leggje ned som eitt av fleire innsparingstiltak.
Medan ein i Noreg har resignert og late spørsmålet om sikring og digitalisering segle sin eigen sjø, har det svenske storsamfunnet – med hjelp av ABBA-Benny – spytta inn millionar av svenske kroner i digitaliseringsverktyet Fiol, i eit forsøk på å redde dei svenske musikkskattane. Og dei har lykkast.
Fiol vart tidleg på 1980-talet utvikla og finansiert av norske musikkinstitusjonar (paradoksalt nok) – og i nært samarbeid med svenske systerinstitusjonar. Men kunnskapen og interessa for arkivsystem her heime var kortvarig. Endskapen vart utflagging og tommelen ned for arkivsystemet. I dag er det Folkmusikens hus i Rättvik i Sverige som eig rettane til FIOL, og som berre tidvis og dyrt sel kunnskapen sin til arkivarane i Noreg.
Ei av forklaringane på den elendige stoda for folkemusikkarkiva i Noreg finn vi i organiseringa og finansieringa. Nokre av arkiva er knytte opp til større institusjonar. Andre er statlege og får direkteoverføringar frå til dømes universitet og stat. I dei fleste tilfella er økonomien eit spleiselag av fylkeskommunale, kommunale og regionale ordningar. Kommuneøkonomien er ofte lite føreseieleg, og kommunane er heller ikkje pliktige til å delta med økonomisk stønad.
Innsamlinga av norsk folkemusikk byrja mellom anna med at komponisten og organisten Ludvig Mathias Lindeman (1812–1887) vart interessert i dette stoffet. Lindeman var stipendiat, og frå 1848 reiste han rundt i landet for å samle og dokumentere den norske folkemusikkskatten. Seinare har også andre samla og dokumentert, mellom dei Christian Leden (1882–1957), Øystein Gaukstad (1912–1996) og Rolf Myklebust i NRK (1908–1990). Myklebust samla i si tid nær 30 000 opptak frå bygd og by: slåttar, songar og forteljingar.
Arbeidet med formidling av og opplæring i norske song- og musikktradisjonar starta for alvor i 1960-åra, i barnehagar, spel- og dansarlag og etter kvart som fag ved høgskular og akademi. Folkemusikkarkiva vart viktige laboratorium i overføringa av denne kunnskapen. Kompleksiteten og eigenverdien i den folkelege kunst- og kulturytringa vart for fyrste gong teken på alvor.
I 2007 ratifiserte Noreg Unesco-konvensjonen om vern av immateriell kulturarv, eller handlingsboren kunnskap, om du vil. Målet med konvensjonen er å styrke og bevare immaterielle kulturuttrykk. Spørsmålet dei fleste folkemusikarane og arkivarane stiller seg, er: Kva er gjort for å styrke arbeidet for bevaringa av den immaterielle folkekulturen, kva gjer kulturministeren for å betre vilkåra for arbeidet med den norske folkekulturen – i arkiva og på musea?
Kulturminne kan vere så mangt. Når vi ein sjeldan gong snakkar om kulturminne og vernet av dei, handlar det som oftast om fysiske minne, som kyrkjer, hus, stabbur og loft. Då er det verre med den immaterielle folkekulturen og kunnskapen om den – som til dømes folkemusikken og folkedansen, lagra på utdaterte DAT- og VHS-kassettar og eldgamle spoleband. Kven bryr seg om å sikre slike immaterielle kulturminne?
Kunnskap om folkemusikken og folkedansen sit ikkje berre i hovudet på dei med interesse for gamle dagar. Han sit som oftast i hendene og i føtene på dei som spelar og dansar. Overføring av musikk og dans skjer ikkje gjennom lesing av tunge bøker og lange rapportar, men i møtet med spelemann og dansar – og ved nitid lytting på sprøe lydbandopptak. Men kven skal spele slåttane i framtida når lydbandopptaka frå 1930-talet har smuldra bort?
Kva er så utfordringane for folkemusikkarkiva framover? Kva for tre tiltak må settast i sving for å få folkemusikkarkiva opp av hengemyra?
1. Arkiveringssystemet som også dei norske folkemusikkarkiva delvis nyttar, heiter Fiol, og har som nemnt tilhald i Sverige. Det er ikkje noko å seie på kompetansen hjå svenskane, men kompetansen og brukarstøtta om folkekulturen i Noreg må likevel ligge i Noreg, gjerne ved ein sentral institusjon som til dømes det nasjonale Rådet for folkemusikk og folkedans, som kan fungere som nasjonal koplingsboks og brukarstøtte for arkiva.
2. Tilskottsordningane i kulturlivet må svare på reelle utfordringar: Når folkemusikkarkiva rotnar på rot, må ein tilpasse tilskottsordningane etter behova. Norsk kulturråd bør etablere tilskottsordningar som svarar til forventningane i arkivsektoren.
3. Bemanninga og arkivmaterialet ved universitetsarkiva må sikrast. Det har kome framlegg om å leggje ned Norsk folkemusikksamling ved Universitetet i Oslo. Vi snakkar ikkje om eit kva som helst slags arkiv, men ein av dei mest sentrale folkemusikkinstitusjonane i landet.
Folkemusikken endrar seg heile tida. Folkemusikk er ikkje kva han ein gong var. Det er heller ikkje meininga. Men utan innsikt i mangfaldet av spelestilar og tradisjonar, historiske og samtidige – blir dagens folkemusikkutøving einsidig og utan preg. I dette biletet er vi avhengige av levande folkemusikkarkiv med dyktige musikkfaglege rettleiarar.
Norske politikarar og andre må slutte å misbruke den immaterielle kulturarven i festtalene sine om dei ikkje meiner noko med det. Norsk kulturarv treng ikkje lenger fine ord og god vilje. Norsk kulturarv og arbeidet med den immaterielle kulturarven treng økonomisk handlingsrom. Styrking av dei gamle folkemusikkarkiva er eit konkret svar på arbeidet og snakket om den immaterielle kulturarven. Tek du utfordringa, Anniken Huitfeldt?
Ole Aastad Bråten er seksjonsleiar ved Valdresmusea og Knut Aastad Bråten er redaktør i bladet Fokemusikk.





Ingen kommentarer