Vinn, vinn!

Eksempel på tiltak: Prioriter det trøblete. Sykkelfelt har det med å forsvinna så snart det dukkar opp noko vanskeleg, skriver Lina Eide.
Eksempel på tiltak: Prioriter det trøblete. Sykkelfelt har det med å forsvinna så snart det dukkar opp noko vanskeleg, skriver Lina Eide.

Gode lokalpolitikar i by og bygd. Snart er det val, og eg tilbyr følgjande hestehandel: Du les teksten min, eg fiksar valkampen din.

Muffens? Niks. For godt til å vera sant? Ikkje denne gongen. Eg gir deg ti tips i botn, og fire års suksessgaranti på toppen! Men fyrst litt bakgrunn. I 2005 laga eg fjernsynsdokumentaren Døden Bak Styret. Alt i det fyrste intervjuet, med den dåverande samferdsleministeren, fekk eg ei aning om kvifor ordet «sykkelsatsing», framført av norske politikarar, er like truverdig som eit openlyst lygekors.
Eg bad ministeren stå ved sida av min raude DBS damesykkel. Der ville eg at ho skulle prøva å forklara det steinrike sportylandet Noreg sin absurde posisjon som sykkel-uland, med knapt 4 prosent sykkeltransport i landsgjennomsnitt. Og elles stod mikrofonen sjølvsagt open for ministerens varsla offensiv for ein ny sykkelgiv.
Men det oppstod eit uventa problem: Hjelm. Ministeren hadde ikkje hjelm. Mi forsikring om at hovudet hennar ikkje skulle utsetjast for annan fare enn viktig samferdslepolitisk tenking, falt på steingrunn. Intervju utan hjelm kom ikkje på tale. Sekretæren vart sett i sving, og kom halsande attende med ein sykkelhjelm, som viste seg å vera for liten til det elles så kompetente hovudet. Men ministeren slo seg til ro med sine eigne ord om at ho jo berre kunne halda den i handa. Ho var klar.

Ikkje håp. Ho skulle stå ved sida av ein sykkel som stod i ro. Likevel trengte ho ein hjelm i den eine handa for å syna ansvarlegheit nok til å forklara kvifor det stod så dårleg til med syklinga i Noreg. Handa med sykkelhjelmen vart redigert vekk i programmet. Det såg rett og slett for dumt ut. Og eg må vedgå at eg tenkte i mitt stille sinn: Det fins ikkje håp.
Det fins ikkje håp når regjeringa sin viktigaste innsats for å auka sykkelbruken er å minna folk om kor farleg det er å sykla. Det fins ikkje håp i eit land som etter 1980 har gitt seg fullstendig hen til privatbilismen og totalt gitt opp sykkelen som ein del av eit effektivt transportsystem. Det fins ikkje håp i eit land der det er blitt lova nasjonal sykkelsatsing i 20 år, og det einaste som har skjedd er ein auke i privatbilismen. Det fins ikkje håp i eit land der det å seia at norsk biltrafikk er hundre gonger meir prioritert enn norsk sykkeltrafikk, blir oppfatta som ein politisk ytring og ikkje ein faktaopplysning henta frå statsbudsjettet.
Det fins ikkje håp når landets mest forureinsa by byggjer ein moderne bybane, og samstundes sørgjer for at det blir mindre plass til sykkel, men like mykje plass til bil. Det fins ikkje håp i eit land der staten stimulerer folk til å kjøpa seg dieselbil, utan å lansera eit einaste frynsegode for sykkelkjøpet. Auka dieselutslepp er ein viktig årsak til at Bergen to vintrar på rad har hatt unntakstilstand på grunn av helsefarleg luft. Det fins ikkje håp i eit land der ein hjelm i handa er viktigare enn ti utsleppsfrie syklistar på vegen. Det fins ikkje håp, for det fins ikkje sykkelsatsing, for det fins ikkje pengar, for det fins ikkje vilje. Noreg har bestemt seg. Og the decision is BIL.

Uforløyst potensial. Men vent. Ikkje legg på. Stikk heller fingeren i jorda, ta tyren ved horna, realiteten til etterretning og humøret tilbake! Sidan småsummar og sekkepostar er og blir sykkelens lodd, får kunsten bli å snu skillingen klokare. Og vips. Ut av håpløysa stig det brått uforløyst potensial til tusen. Den nasjonale innsatsen er berre ord, den lokale innsatsen kan bli handling. Og er det noko me veljarar likar, så er det handling. Tru meg, me kan ikkje få nok av handling!
Difor: På tide å innfri det ambisiøse løftet frå starten. Min del av hestehandelen. Mine tips til enkle grep som gir syklisten fordelar, plass og motivasjon nok til at du som lokalpolitikar kan lova ei mangedobling i talet på syklistar i kommunen din. Fantastiske tidsrette valløfter som du attpå til kan INNFRI, trass i den slunkne kommunekassa som skal bita deg i baken etter valet.

Ti billege tiltak. Hundre tusen nye syklistar. Kva ventar eg på. Ingenting. Ikkje eit takk ein gong. Versegod.

1. Tillat sykling mot køyreretninga i einvegskøyrde gater. Dette fungerer finfint i Belgia, Tyskland og Nederland. Kostar blekket til vedtaket og krangling med lokalt politi, men du kan faktisk slå i bordet med godvilje frå både Samferdsledepartementet (uttale 2009) og Statens vegvesen. Når politiet er blitt med på leiken er det berre å ringa Euroskilt (tlf 61248050) og få ein god pris på små firkanta skilt med ein sykkelfigur, samt teksten «gjeld ikkje/gjelder ikke» og henga opp. Kommunal veg er jo kommunalt skiltansvar.

2. Dropp treplantinga, legg asfalt. Kvar kjem den ifrå, ideen om at der det er veganlegg for syklande og gåande bør det også vera ein allé med tre? Ein biologisk midtdelar som stel over ein meter i breidda, medan ein kvit strek stikk av med nokre centimeter. Dropp nips og pyntetre, transportsyklistar vil ha rein asfalt for pengane. Prislapp: Opp i opp og kroner null.

3. Prioriter det trøblete. Dei få bitane med sykkelfelt som fins, har det med å forsvinna så snart det dukkar opp noko vanskeleg, som til dømes eit kryss. Brugata i Oslo er eitt av tallause eksempel; sykkelfelt rett fram på enkel strekning, svopp vekke i krysset der det verkeleg er vanskeleg. Hundre meter sykkelfelt i kryss i byte mot hundre meter rett fram. Dobbelt så trygt – like billeg!
4. Gi sykkelen den beste startblokka. Framfor lyskryss, lag ei stripe som bilane må vera bak, men som syklistane kan stå framom, i staden for å stå innimellom ventande bilar. Ryddig og effektivt for alle. Fins mange stader, og på Götgatan i Stockholm, i bakken ned mot Medborgarplatsen, liknar det såpass mykje på Oslo at ein skjønar at det let seg gjera også her heima. Maling, sykkelsjablong og strek. Effektiv trafikkavvikling for billig peng.

5. Forby sykling på fortau. Slett ikkje så kontroversielt som du trur. Sintef foreslo det for fem år sidan og det er vanleg i heile Europa, med Sverige som nærmaste studietur. Gevinst: Dei gåande kan trappa ned på nervemedisinen, og dei syklande blir faktisk tryggare. Di fleire syklistar i vegen, di tryggare sykling. Det meinar til og med Statens vegvesen. Og når bilistane må dela vegen med tvangsutsendte syklistar, skal ein ikkje sjå vekk frå at også dei vil kreva meir sykkelfelt langs vegane. Og når kravet kjem frå den kanten skal du pinameg sjå at det skjer noko. Statlege pengar i fanget før du veit ordet av det! Grønare hestehandel får du ikkje!

6. Trigg konkurranseinstinktet. Og ikkje minst om det går sport i det. Set opp eit teljeapparat på ein viktig veg. Syner talet på syklistar så langt denne dagen, og hittil i år samanlikna med i fjor. Gjett om alle kommunar vil slå sin eigen fjorårsrekord. Her treng du ikkje gå over bekken etter vatn for å henta inspirasjon. Fleire norske byar har det alt. Ta ein telefon til Sandefjord og høyr kvar dei har kjøpt sin (tlf 33 41 60 00 kvar dag mellom 08:00–15:35).

7. Sykkel på kryss og tvers. I store lyskryss med trafikk frå alle fire kantar, innfør samtidig grønt lys i alle retningar for syklistar, medan alle bilar har raudt. Slik kan ein kryssa vegen på kryss og tvers og langs, på eitt einaste grønt signal. Smart og effektivt.

8. Lag lykkeleg skilsmisse. Få orden der det no er kaotisk blanding av hastig sykling og lett gange, i alle retningar, på dei skarve felles centimetrane som blir kalla gang- og sykkelveg. Forøvreg eit fenomen nokon snart må ta eit oppgjer med. Sykling går fire, fem gonger så fort som å gå. Det einaste sykling har til felles med gåing er at det går framover. Bilen går også framover, og oftare i gåtempo enn sykkelen. Les rushtid. Men ingen finn på å laga gang- og bilveg. Men ikkje kan ein gå og venta på fornuften heile livet heller, så ta kosten i eige hand og finn fram malinga. Kvit midtstripe har aldri skada nokon, ei heller figurar av gåande og syklar brent ned på kvar si side av asfalten. Piler og skilt. Bring it on. Og medan du ventar på at dei kvite stripene blir normert og juridisk lovleg i dette landet (det er dei nemleg ikkje no – kan du tenka deg!), er det berre å ta fram kantsteinen, skrå type. Legg den ned i midten og du får i prinsippet eit sykkelfelt og eit fortau, og orden oppretta. Men ingenting er billegare enn kvite striper så her er det berre å slenga seg på høyringsuttalen når forslaget kjem frå sentralt veghald, for det gjer det nok.

9. Aggressiv bøtlegging av parkerte bilar i sykkelfelt. Listas sleipaste. Men skal det fyrst vera livsfarleg kan det i alle fall vera innbringande. Øyremerk parkeringsvaktar til føremålet og sop inn pengar. Bruk kapitalen på nye sykkelfelt, og få både meir sykling og fleire parkeringsbøter. Vinn vinn, null i utgift og hæla i taket til den dagen alle er så redd for bøter at dei ikkje parkerer bilen i sykkelfelt lenger. Ha, framleis vinn vinn! Kan det bli betre? Bur du i Bergen? Start med Michael Krohns gate. Ei gullgruve!

10. Svenneprøven. Ok. Her kjem det viktigaste og dristigaste av alle grepa: Eit velkjent argument mot sykkelfelt er følgjande: Fordi det er så mange bilar er det ikkje plass til sykkel. Formuler dette omvendt: Fordi det er så mange bilar, må det bli meir plass til sykkel, og ta eksisterande bilfelt og gjer om til sykkelfelt. Korleis? Snakk med Cor Van der Klauuw. Trafikkplanleggar i Groningen kommune i Nederland. (Ring Provincie Groningen afdeling verkeer en vervoer tlf 0031 50 316 4374.) Eller dra ned og bli med han på ein augeopnande sykkeltur. (Tog direkte frå Schiphol til Groningen to gonger i timen. 19 og 49 min over.) Cor Van der Klaauw var den utførande hjernen då politikarane i Groningen tidleg på åttitalet vedtok å stela veg frå bilen og gi til sykkelen. Sykkelen skulle bli det mest prioriterte framkomstmiddelet i kommunen. Det kravde handling. Sjølvsagt vart det ramaskrik, bilvegen forsvann! Men det kom så mange fordelar og forkøyrsrettar, at alle hoppa på sykkelen – i snø og sludd og motvind. I dag utgjer syklinga utrulege 60 prosent av all transport i byen. Det same talet for Noreg er 4 prosent. Ein by ved namn Bergen har 3 prosent.
Joda, Groningen er ein annan planet, men skapt av lokalpolitikarar, hugs det. Og månelanding er som kjent i tida, så ta turen.

Det var det. Takk for hestehandelen og lykke til i valkampen!

Linda Eide er forfatter og journalist i NRK. ideer@morgenbladet.no