Debatt

Sjølutvikling i skulen

«Me lærarar er leie av å dokumentere vår eigen sjølvutvikling.»

RAUSHET Eg kunne ikkje unngå å trekkje parallellen til arbeidsplassen min då eg las Lena Lindgrens «Ekkos tidsalder» i Morgenbladet 13. februar og Eivind Tesakers «Raushetens tyranni» i Klassekampen 14. februar. Tesaker meiner at offentleg ansette må sleppe å jobbe utifrå eit prinsipp om sjølvutvikling, slik dei nye verdiane til Kulturdepartetmentet legg opp til, men heller utifrå eit prinsipp om samfunnsutvikling, slik dei opphavelege verdiane for alle departementa legg opp til. Lindgren skriv at dette er eit samfunnstrekk og peiker på at endring er leiarideologi òg i staten.

Eg arbeidar som lærar, og mykje av det Tesaker og Lindgren tek fatt i, minner meg om det som skjer i skulen. På leiarars anmodning granskar lærarane seg sjølve. Fokus blir flytta over på læraren, som skal sjølvutvikle seg. Læraren må sette seg mål, drøyme, og svare for kva han kan gjere betre og endre for at ting i skulen skal forbetras. Implisitt anmodar desse krava at læraren har løysinga inni seg, og at viss han ikkje finn ho, lir skulen.

I haust spurte leiaren min meg korleis eg kunne endre meg for at elevane skal bli meir motiverte. Eg opplevde at det var forventa at eg skulle reflektere over dette og at elevane si motivasjon og læring avhang av dette.

I januar initiertes òg eit visjonsarbeid på skulen, og me diskutere korleis me ville at skulen vår skulle vere, kva eigenskaper den skal ha og kva som er stammekulturen vår. Me forstod at det skulle handle om noko med oss sjølve, ein slags eigen identitet. Eg kjende ein motvilje. Men kvifor så lite open og entusiastisk? Vil eg ikkje utvikle meg?

Eg ser at kjært barn har mange namn. Eg har arbeidd i skulen i to år. Før dette var eg student på universitetet. Eg blei fortalt kor viktig læraren er og lærte at lærarane ute i skulen var utdaterte og uvillige til å endre seg. Me lærarstudentar var annleis, me var endringsdyktige. Eg har sidan jobba på universitetet, blant anna med rekrutteringsarbeid til læraryrket.

Overalt har eg lært om den tilpassingsdyktige læraren. Viss elevane gjorde det dårleg, var det fordi læraren ikkje såg dei nok. Viss dei ikkje treivst, var det fordi dei ikkje hadde lærarar som brydde seg nok. Viss elevane ikkje lærte, var det fordi lærarane ikkje utfordra seg sjølve, fant på noko nytt, endra seg.

Og eg lærte at læraren var ein multikunstnar som kunne endre dei unge sitt liv. Læraren bryr seg, ser, oppmuntrer, løfter opp, og dei unge står heilt passive igjen, opplyfta, men ikkje opplyfta nok, oppmuntra, men ikkje oppmuntra nok, sett, men ikkje sett nok. Det er klart læraren må sjølvutvikle seg meir.

Eg blir litt bekymra. Eg jobbar utifrå ein læreplan og ei opplæringslov. Eg kan faga mine godt. Eg har eit samfunnsoppdrag. Den dagen me laga visjonar, spurte eg meg sjølv: Kva vil kome ut av at eg og kollegaene mine lagar ein visjon for skulen ilag? Vil elevane lære meir? Vil me bli betre lærarar? Eg kjente meg som den negative i klassen, som spør «kva er vitsen med dette?» men eg sa ingenting. I staden var eg med. Eg tenkte at dersom me skunda oss, fekk me fristilt meir tid til å gjere kjerneoppgåvene våre.

Nå er ikkje visjonsarbeidet vårt kome like langt som hjå Kulturdepartementet. Det gjenstår å sjå om visjonane våre vil forvirre eller rettleie oss, eller peike utover eller innover mot oss sjølve. Eg vil sjølvsagt at skulen skal utvikle seg. Men me lærarar er leie av å dokumentere vår eigen sjølvutvikling. Me er leie av eit system som passiviserer elevane og stiller lærarane til ansvar for låg produktivitet i skulen. Eg foreslår at systemet tek ein nærare kikk på seg sjølve.

Lillian Utne Skjæveland
Lærar

Mer fra Debatt