Syndebukkane

Det kan synest som mange deler ei slags Rousseau-aktig tru på at born og unge lever i ein nynorskelskande naturtilstand før dei vonde norsklærarane vender dei til å hate målet.

Nynorsk

Ein ny sidemålsdebatt er i gang, men argumenta er ved det gamle. Synet til målrørsla kan det verke som er fanga mellom tru og mistru. På den eine sida ei sterk tru på kor viktig sidemålet er for nynorsken – eller for å vere heilt presis, kor viktig ein eigen karakter i sidemålet er. Leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, seier: «Jamstellinga mellom nynorsk og bokmål er i fare dersom det ikkje er eigen karakter i båe målformene.»

Så over til mistrua. Skulda for at bruken av nynorsk går attende blir ofte tildelt norsklærarane. Tidlegare leiar i Norsk Målungdom, Jens Kihl, vart intervjua om framlegget frå Utdanningsdirektoratet i Nyhendemorgon på P2, og han sa, så vidt eg hugsar: «Eg har stor tru på ungdomen, men tvilar meir på lærarane.» Det kan synest som mange deler ei slags Rousseau-aktig tru på at born og unge lever i ein nynorskelskande naturtilstand før dei vonde norsklærarane vender dei til å hate målet.

Skal dette ordskiftet få fram noko nytt så må målrørsla fri seg frå både trua og mistrua. Sidemålet tyder sannsynlegvis ikkje så mykje for nynorsken. Her kan ein trekkje inn dei store språkhistoriske linene sidan ordninga vart oppretta i 1907. Perioden kan ein dele i to, med auke i bruk fram til krigen, og minking i tida etter. Ingen av språkhistoriene eg har lese peiker på særs god sidemålsundervisning som årsak til framgangen målet hadde i mellomkrigstida.

Og når det gjeld mistrua til oss norsklærarar så er det jo greitt å ha peika ut ein syndebukk. Eit paradoks ved kritikken av sidemålsundervisninga og forsvaret for eigen karakter og eksamen, er at ein ved det nettopp held oppe dei to faktorane som er mest styrande for undervisninga. «Berre grammatikkpugg» er ein elevkommentar som målfolk ofte dreg fram. Og ja, det kan det nok sikkert vere, men som lærar så ønskjer ein jo at elevane skal gjøre det bra på eksamen. Og har dei ikkje orden på grammatikken blir resultatet dårleg.

Sylfest Lomheim peiker i eit intervju på kor viktig det er å «kverka fordomar» mot nynorsk. Han meiner lærarane arbeider for lite med haldningar. I samband med dette er det freistande å spørje kvifor Lomheim i tida han satt som leiar for Språkrådet ikkje fekk tid til å ta eit fordomsfrigjørande ordskifte med statstenesta – for slik å rydde vegen for at til dømes Justisdepartementet følgjer norsk lov (altså mållova). Kvifor skal det vere noko vanskelegare å «tale fornuft i» tilsette i staten enn elevar i skolen?

 

Bjørnar Ødegårdstuen
Norsklærar