Debatt

Studentar som inntektskjelde

Debattinnlegg:
Kristine Monstad Stensland
Student ved ILN, UiO

HF-KLEMMMA

Eg har lenge prøvd å lokalisera den eller dei som er ansvarlege for HF-klemma. Då eg sat som studentrepresentant i instituttstyret til Institutt for lingvistiske og nordiske studium på UiO, trudde eg at det var fakultetet si skuld, ettersom det var dei me bad om pengar til å erstatta dei vitskapleg tilsette som snart går av med pensjon. Men det er ikkje fakultetet som har ansvaret, noko eg skjønar etter å ha følgd saka i Morgenbladet. Heller ikkje er det universitetet si skuld.
Då står det vel berre ei att å skulda på, nemleg ministeren, men nei, ansvaret er heller ikkje hennar. Det er visst økonomien, dette abstrakte systemet utan ansvarleg aktør som har skulda, og då stiller me menneske makteslause. Om me ber om meir pengar i desse økonomiske krisetider, står me dessutan i fare for å framstå som utakksame, for sjå berre kor godt me har det om ein samanliknar oss med andre land i Europa!
Dekan på Humanistisk fakultet, Trine Syvertsen, fortel om den "beherska optimismen" ho har når det gjeld situasjonen på ILN. Ein av dei tinga Syvertsen grunnar optimismen sin i, er dei gode søkjartala til Nordisk-programmet ved ILN, og at mange av studentane ser ut til å gjennomføra studiet. Studiepoeng er nemleg noko eit institutt kan veksla inn i klingande mynt. Eit fattig institutt som ikkje har råd til å gjeva det faglege tilbodet som det sjølv ønskjer, må lokka til seg flest mogleg studentar og håpa på at dei ikkje sluttar når fag og vitskapleg tilsette forsvinn. Ein nyttar til og med argumentet om at eit meir straumlinjeforma (les: eit mindre variert) studietilbod vil føra til at fleire fullfører på normert tid. Når studentane speler ei slik rolle for økonomien på instituttet, er det noko som er riv ruskande gale. Burde ein ikkje gjeva instituttet nok pengar til å halda oppe kvaliteten på undervisninga før studentane vert underviste, og ikkje etterpå?

Mer fra Debatt